Historisk arkiv

Presentasjon av NOU om eit eige vegtilsyn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Kort helsing ved presentasjonen av NOU 2009:3 – På sikker veg, om eit eige vegtilsyn.

Navarsete og leiar for vegtilsynsutvalet, RingstadKort helsing ved presentasjonen av NOU 2009:3 – På sikker veg

Godtfolk,

Først vil eg takke Jorunn Ringstad for flott presentasjon og for det gode og grundige arbeidet ho og resten av utvalet har gjort, eit arbeid som har resultert i rapporten me no har fått presentert – og som eg gler meg til å setje meg skikkeleg inn i.

Bakgrunn
Då utvalet blei sett ned i november 2007, hadde spørsmålet om å opprette eit eige vegtilsyn allereie vore oppe fleire gonger tidlegare, blant anna i sårbarheitsmeldinga i 2000 og i tilsynsmeldinga frå 2003.

Problemstillinga hadde blitt  aktualisert av at Statens Vegvesen som organisasjon hadde ”sett seg” etter utskiljinga av Mesta i 2003, av forvaltingsreforma som vil tre i kraft frå 2010 og av raset i Hanekleivtunnelen i desember 2006. 

Det viktigaste argumentet for utgreiinga har likevel vore at sjølv om Noreg er eitt av landa i verda med størst tryggleik på vegane – talet på drepne i trafikken er enn halvert sidan 1970 – er det framleis om lag 250 drepne og 1000 skadde på norske vegar kvart år. Det er altfor mange. Regjeringa arbeider etter ein nullvisjon om at me ikkje skal ha drepne eller skadde i trafikken, og har difor satsa tungt på trafikktryggleik – blant anna ved at me i budsjettet for 2009 har dobla potten til trafikktryggleikstiltak frå 2008.

Det er naudsynt med tiltak både på infrastruktur-, trafikant- og køyretøyområdet – og desse tre områda heng òg nøye saman. Det som kjem best fram i samfunnsdebatten er kravet om fleire og strengare krav til vegstandard, køyretøy og trafikantar.  Eg meiner – som utvalet – at slike krav er ein naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for høgt tryggleiksnivå. For gode og varige resultat må òg alle som arbeider med trafikktryggleik ha klart definerte roller og ei tydeleg ansvarsdeling. Difor er den vurderinga me no gjer av tilsynsorganiseringa i vegsektoren eit viktig ledd i arbeidet med å sikre at transportsystemet vårt er tryggast mogleg.


Vegen vidare
Eg har så vidt fått kikka litt på rapporten, og ser at mange ting talar for å opprette eit slikt tilsyn, men eg ser òg at det framleis er mykje som er uavklart og som me må sjå nærare på.

Eitt slikt punkt er avgrensinga i mandatet til berre å handle om infrastruktur. Eit samla utval peikar på at ei løysing med to statlege tilsyn for trafikktryggleik ikkje er ideell, og eg meiner difor det vil vere hensiktsmessig å sjå nærare på om det kan vere aktuelt med eit tilsyn som dekkjer heile sektoren, også trafikant-  og køyretøyområdet.

Det må òg gjerast ei nærare konkretisering på regelverksområdet – kven skal ha ansvar for kva, kven skal ha mynde til kva, og kva rolle skal eit eventuelt tilsyn ha. Her står sjølvsagt avgrensinga til Statens vegvesen og dei andre aktørane i sektoren sentralt.

Eit tredje punkt går på kva slags sanksjonsmoglegheiter eit eventuelt tilsyn skal kunne bruke i ulike høve.

Desse tre punkta er berre nokre døme på problemstillingar eg vil sjå nærare på, og som eg tykkjer det vil vere interessant å få belyst når rapporten no blir sendt ut på brei høyring.

Dette er ei stor og viktig sak. Om me vel å opprette eit vegtilsyn for infrastruktur vil det endre organiseringa av trafikktryggleiksarbeidet. Det vil medføre endra ansvar, rollar og arbeidsmåtar både for styresmaktene og andre aktørar, og få verknader både for trafikktryggleiken og for bygging og drift av infrastrukturen. Difor vil eg bruke tida framover til å gjere ei grundig vurdering av rapporten og – når den tid kjem – høyringsinnspela, før eg konkluderer med korleis me kan organisere tilsynsarbeidet i vegsektoren. At utgreiinga frå utvalet no føreligg er eit viktig steg vidare i denne prosessen, og eg difor avslutte med igjen å takke utvalet for jobben dei har gjort siste året.

Bilete: Samferdselsminister Liv Signe Navarsete og Jorunn Ringstad (Foto: SD)