Historisk arkiv

Pressekonferanse - framlegginga av revidert budsjett 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Sørum, 15. mai 2009

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes presentasjon ved framlegginga av revidert budsjett 2009.

Godtfolk!

Fylkeskommunane blir frå 1. januar 2010 den nye store vegeigaren i Noreg. Fylka får ansvar for 44 000 kilometer veg, medan det statlege vegnettet vil vere på 10 000 kilometer.  Fylkeskommunane får òg ansvar for 78 riksvegferjesamband. Dermed vil det frå 1. januar vere 106 fylkesvegferjesamband og 17 riksvegferjesamband.

Det vil framleis vere staten sitt ansvar å setje fylkeskommunane i stand til å byggje, drifte og vedlikehalde trygge og effektive vegar. Her har me merka oss tydelege krav frå fylka. Me legg no fram eit økonomisk opplegg som skal setje fylka i stand til å løyse den oppgåva dei har fått. Eg kjem straks tilbake til dette.

Reforma gjer at staten får ansvar for dei vegane som bind landet saman, medan fylkeskommunane vil få ansvar for det regionale – som dei kjenner best. Dette er noko fylkeskommunane har ynskt lenge. Overføringa vil gje fylka betre moglegheit for å sjå ulike verkemiddel som vegnettet og kollektivtransportsystemet i samanheng, og det blir lettare å gjere heilskaplege vurderingar.

Reforma vil også styrke det regionale nivået og flytte oppgåver nærare folk – og inneber såleis ei demokratisering m.a når det gjeld samordna areal- og transportplanlegging. Det overordna målet er at dette skal gje eit betre vegnett enn dagens. Eg er sikker på at dei vil løyse oppgåva dei har fått på ein god måte.

Samstundes skal det ikkje stikkast under ein stol at å overføre 17000 kilometer veg og 78 ferjesamband ER ein krevjande prosess, men det skal me klare å handtere gjennom godt samarbeid. Det opplever eg at fylkeskommunane har vist vilje til  – og eg skal syte for at departementet og Statens vegvesen gjer det dei kan for at reforma vert velluka.

Økonomiske rammer
Det er store utfordringar på vegnettet fylkeskommunane får ansvaret for.

1: Difor vil fylka bli tilført midlar tilsvarande det staten brukte på dette vegnettet i 2009.  Det er viktig å hugse på at staten i år brukar meir pengar på veg enn nokon gong. Det er altså dette nivået som ligg i botn.

2: I tillegg er det lagt inn ei auke i dei frie midlane til fylkeskommunane på 1,5 milliardar kroner. I beløpet inngår ein milliard kroner som regjeringa foreslår for å styrkje fylkesvegane utover dagens nivå. Fylka vil også kunne bruke av resten av veksten til å satse på samferdsel, men her veit eg at fylka òg har andre viktige oppgåver å ta omsyn til

3: Me innfører ei rentekompensasjonordning for fylkeskommunane med ramme på 2 mrd årleg. Nærare utforming av denne vil bli presentert seinare. 

4: Me har i NTP varsla ein halv mrd årleg til rassikring på det som no blir fylkesvegnett. Dette er pengar som blir løyvd over statsbudsjettet og kjem vegnettet til gode.

Elles kan eg nemne at det i NTP er lagt opp til at fylkeskommunane skal finansiere prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, men me har no kome fram til at Statens Vegvesen skal finansiere denne satsinga. Det betyr at fylka får 100 mill kr meir til andre vegoppgåver – og er såleis ei ytterlegare styrking i høve til det som var varsla i NTP.

I motsetnad til NTP er det ikkje ein tiårsplan me no legg fram. Dette gjeld  2010, og nivået me har lagt oss på no vil vere eit minimumsnivå for neste fireårsperiode. Gjennom auka løyvingar, rentekompensasjonsordninga, og statlege midlar til turistvegar og rassikring på fylkesvegnettet vil fylka ha gode føresetnadar for å løyse oppgåva dei har fått. Dei vil dessutan ha moglegheit til å bruke prosjektfinansiering og andre finansieringsformer. Det opplegget me no presenterer legg grunnlaget for høg vekst i aktiviteten på fylkesvegane.

Fylkesfordelinga
Å fordele midlane mellom fylka har vore krevjande. Me har gjort ei fordeling etter desse kriteria: veglengde, vegstandard, befolkning og bindingar.

I tillegg har ein etter skjønn fordelt om lag 200 millionar for å rette opp uønska utslag i fylkesfordelinga. Ein har mellom anna teke omsyn til at Oslo har særlege utfordringar knytt til  kollektivtiltak og at Hordaland har ønske om å vidareføre Bergensprogrammet. 

Nokre fylkeskommunar har store bindingar knytt til oppstarta prosjekt som ikkje er ferdige. Dette har ein teke høgde for i fylkesfordelinga, og det vil òg bli tatt omsyn til når  nærare retningsliner for rentekompensasjonsordninga skal utformast. 

Fylkesfordelinga vil gjelde for dei neste fire åra. Det vil bli utarbeidd ein eigen kostnadsnøkkel i inntektssystemet som vil gjelde frå 2014. 

Regionreforma byr på utfordringar, ja, men òg på moglegheiter. Til sjuande og sist er det uansett vilja til å prioritere samferdsel frå framtidige regjeringar som tel. Og la det ikkje vere nokon tvil: Den raudgrøne regjeringa har vilje og evne til å satse på samferdsel.  Eg har stor tru på at fylka vil løyse oppgåvene sine på ein god måte. Som samferdselsminister reiser eg mykje rundt i landet og veit at det finst eit stort engasjementet for vegane våre i fylkestinga.

Posten
Overføringa av vegnettet er ein viktig reform for transportsystemet. Eg kan ikkje stå her som samferdselsminister i dag utan å nemne at me i RNB har fått på plass ei løyving som vil vere viktig for ein annan del av infrastrukturen som bind landet vårt saman. Me går no inn med 518 mill til kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame tenester staten har pålagt Posten.

Då me la fram budsjettet i haust, låg ikkje dette inne. Då tyda nemleg alle prognosar på at inntektene frå den samla verksemda i Posten også i år kunne dekkje opp desse kostnadene. No ser verda annleis ut. Blant anna på grunn av finanskrisa blir det sendt langt mindre brev, reklame og pakkar enn tidlegare, og det påverkar sjølvsagt økonomien i Posten.

Regjeringa vil bidra til at folk og næringsliv skal ha tilgang til gode og likeverdige posttenester også i framtida, og difor går me no likevel inn og kjøper posttenester. Det skal eg markere med å dra innom Postkontoret på Lillestrøm på veg tilbake til Oslo. Takk for meg!