Historisk arkiv

Regjeringa sin kontaktkonferanse med fylkeskommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg ved regjeringa sin kontaktkonferanse med fylkeskommunane, Trondheim, 31. mars 2009.

Godtfolk!

Eg er glad for å vere her med dykk i dag. Dette er godt forum for å diskutere samspelet mellom nasjonale og regionale styresmakter – noko som ikkje berre er viktig, men òg krevjande. Me sit på ulike oppgåver og ulike verkemiddel og det gjer det avgjerande at me trekkjer i same retning og arbeider saman.

Me er no inne i ei brytningstid. Neste år skal regionreforma tre i kraft, og den vil få store følgjer – ikkje minst for samspelet mellom nasjonale og regionale styresmakter på samferdselsområdet. Før eg går nærare inn på denne, vil eg først kort seie litt overordna om satsinga vår på samferdsel i Nasjonal transportplan.

Stort samferdselsløft fram mot 2020
Det er ein nøgd samferdselsminister som møter dykk i dag. Me har lagt fram ein Nasjonal transportplan som eg meiner særleg har to kjenneteikn.

1: Vilje til å satse tungt på veg og bane dei ti neste åra - for å nå viktige politiske mål på områda tryggleik, verdiskaping og miljø.
2: Ein differensiert politikk. Me satsar på jernbane og kollektiv i dei mest folkerike områda – og satsar på veg og godstrafikk på bane i resten av landet. Denne transportplanen har ein stødig distriktsprofil.

Nasjonal transportplan 2010-2019 inneber ein auke i løyvingane til samferdsel på 45 % i høve til førre NTP. Det skal brukast 321 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Me legg til rette for næringslivets transportar, me legg opp til ein stor innsats for å få ned talet på drepne og skadde, og me vrir transportpolitikken i grøn retning for å få ned klimagassutsleppa. Og me byggjer landet vidare. Me tek i denne planen tunge løft. 500 km gang- og sykkelvegar, 230 km firefelts motorveg, 142 km ny jernbane, 350 km riksveg får gul midtstripe, 10 milliardar til rassikring, 58 % auke i løyvingane til jernbaneverket, nær 12 milliardar kroner til dobbelspor i Oslo – Ski. Ei slik satsing er både visjonær og framtidsretta.

Tiltakspakka
Elles minner eg om tiltakspakka som kom i januar. Dei to heilt sentrale delane i tiltakspakka var ei styrking av kommunane med 6,4 milliardar kroner og ei tilleggsløyving til samferdsle på 3,8 milliardar kroner. Når det gjeld løyvingane til kommunane, har me vald å lytte til dei. Difor får dei fire milliardar kroner til å investere for, samstundes som dei får to milliardar kroner i frie inntekter.

Forvaltningsreforma
Så – tilbake til forvaltningsreforma. Det er ingen tvil om at det ein stor og omfattande reform me står overfor på vegsida. Fylkeskommunane blir eigar av, og får vegmynde for, eit omfattande vegnett. Bakgrunnen for overføringa av øvrig riksvegnett og ferjesamband til fylkeskommunane er eit ønskje om å leggje betre til rette for ei meir heilskapleg utvikling av samferdselsområdet i fylka. Eg meiner reforma både vil styrkje det regionale nivået og på sikt bidra til eit betre vegnett. Me gjer fylkeskommunen til den store vegeigaren – fylka vil målt i lengde ha fire gonger så mykje veg som staten.

Vegane skal overførast i den stand dei er på overtakingstidspunktet. NTP gir regjeringa si vurdering av kva som skal vere riksveg og kva som skal vere fylkesveg. Ein føresetnad for at reforma skal vere vellukka er at den vert følgd opp med løyvingar. Eg ser at mange ynskjer å framstille overføringa av vegnettet til fylka som eit feilgrep – og brukar dårlege strekningar på øvrig riksvegnettet som argument for det. Forstå det den som kan. Eg veit at fylka har eit stort engasjement for vegnettet, og trur overføringa til fylka vil gje eit løft.

For ferjedrifta skjer det no – uavhengig av forvaltningsreforma – eit regimeskifte. I løpet av 2009 skal alle ferjesamband vere konkurranseutsette. For ferjestrekningar på øvrige riksvegar der anbod ikkje er avgjort per 1. januar 2010, vil vedtak måtte gjerast i fylkeskommunen. Det krev samarbeid, med Statens vegvesen som har utarbeidd konkurransegrunnlaget. Det har eg stort tru på at de vil få til.

For dei få fylkeskryssande ferjerutene som etter forvaltningsreforma blir fylkesvegsamband, vil departementet tilpasse yrkestransportforskrifta slik at delegasjon av løyvemynde kan bli gitt til ein av dei fylkeskommunane det gjeld.

Den sams statlege vegadministrasjonen skal vidareførast, og staten skal bere utgiftene. Kompetanse knytt til overordna vegplanlegging, kollektivtransport og budsjett, skal vere del av den sams vegadministrasjonen, tilgjengeleg både for staten og fylkeskommunane. Spesialkompetanse knytt til t.d. bruer, tunnelar og byggherreoppgåver vil framleis kunne nyttast på tvers av fylkesgrenser. Dette er rasjonelt og gir mest mogleg pengar til vegane. Ved at fagkompetansen blir halden samla i Staten vegvesen og stilt til disposisjon for staten og fylkeskommunane, vil me oppnå at både staten og fylkeskommunane får effektiv tilgang til eit nasjonalt og breitt samansett fagmiljø. Eg har tru på at dette er ein god måte å løyse dei ulike oppgåvene innanfor vegsektoren på.

Den sams vegadministrasjonen er ikkje til hinder for at fylkeskommunane kan ha behov for å styrke sin eigen administrasjon på vegsida. Eg har merka meg KS sine klare innspel på dette.

Som de sikkert er kjent med, arbeider vegvesenet med eit prosjekt der ein ser på organiseringa av etaten framover. Når fylkeskommunen får ein så viktig rolle må det innebere endringar i måten SVV gjer jobben sin på. Eit viktig mål er at etaten skal bli ein meir effektiv tenesteytar for fylkeskommunane.

Eg har stor tru på at fylka vil løyse oppgåvene sine på ein god måte – og er godt kjend med engasjementet som finst for vegane våre i fylkestinga rundt om i landet. Det kan likevel vere aktuelt å gi nokre nasjonale føringar for forvaltninga av fylkesvegnettet – blant anna av omsyn til trafikantane og næringslivet. Vegnettet er til for trafikantane. Dei bryr seg ikkje om kven som eig vegane, men er opptekne av god og standard uavhengig av eigarskap. Men samstundes må slike nasjonale føringar balanserast nøye mot den regionale handlefridomen.

Sjølv om eg er sikker på at fylkeskommunane vil hanskast med dei nye utfordringane på ein god måte, er det ikkje til å unngå at reforma vil føre til utfordringar både for staten og fylkeskommunane. Det er mellom anna naudsynt å få til ei god samhandling mellom nasjonale og regionale planprosessar. Forvaltningsreforma vil blant anna få konsekvensar for arbeidet med opplegget for neste NTP, der dialogen med fylkeskommunane vil bli prioritert. Fylkeskommunen vert ein endå viktigare aktør. Staten må på si side stille sine erfaringar når det gjeld transportplanlegging til rådigheit for fylkeskommunane.

Det er behov for store midlar til drift, vedlikehald og investeringar på det nye fylkesvegnettet.  Midlane til øvrig riksvegnett som blir omklassifisert blir som kjend trekt ut av riksvegbudsjettet. Etter at reforma er gjennomført, vil midlar til det samla fylkesvegnettet bli løyvd av staten som del av rammetilskotet til fylkeskommunane. Dei økonomiske rammene blir omtala nærare i kommuneproposisjonen – og eg har merka meg engasjementet for dette.

Eg vil arbeide for at staten skal sette fylkeskommunane i stand til å byggje, drifte og vedlikehalde eit vegnett som er effektivt og sikkert. For det er til sjuande og sist det som er kjernen: vilja til å prioritere samferdsel. Det er førebels lagt til grunn 5126 millionar årleg til det nye fylkesvegnettet. Eg understrekar at endelege rammer kjem i kommuneproposisjonen. I tillegg ligg det inne ein halv milliard kroner til rassikring på det nye fylkesvegnettet årleg, og ei rentekompensasjonsordning med ramme på 2 mrd kroner årleg. Og fylkeskommunane vil kunne ta i bruk både prosjektfinansiering og OPS og bruke ulike kontraktstrategiar om de ynskjer det. 

Eg har merka meg innspelet som har kome frå fylkeskommunane til denne konferansen og dei forventningane de har til regjeringa. Eg har òg merka meg synspunkta frå fylkeskommunane, Oslo kommune og KS i samband med høyring av to notat med forslag til nødvendige lovendringar ved gjennomføring av forvaltningsreforma.

Det vil bli viktig med vidare dialog fram mot iverksettinga av reforma og i ein overgangsperiode etterpå. Eg er kjent med dei tre arenaene fylkeskommunane og Statens vegvesen har etablert for samarbeid og dialog  - fylkesrådmannskollegiet og etatsleiarmøtet , fylkesrådmennene og regionvegsjefane, og kontaktutvalet. Ein slik dialog må me ha på fleire arenaer. Eg håpar denne konferansen i tillegg til utveksling av synspunkt òg kan bidra til å få på bordet eventuelle saker som treng oppklaring.

Me har eit viktig arbeid framfor oss for å styrke den politiske dialogen oss i mellom, både vertikalt og horisontalt i systemet. Regionreforma byr på utfordringar, ja, men òg på nye moglegheiter – som me må gripe.

Eg ser fram til ein fruktbar diskusjon her i dag og til vidare samarbeid  framover. Takk for meg!