Historisk arkiv

Samferdsel mot 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Hallingdølen, 21. mars 2009

Kronikk av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med framlegginga av Nasjonal transportplan 2010-2019, publisert mellom anna i Hallingdølen 21. mars 2009.

Nasjonal transportplan handlar om korleis vi dei neste ti åra skal løyse den biten av puslespelet Noreg som heiter transport.

Regjeringa vil ta heile landet i bruk, skape nye arbeidsplassar, gje folk fridom til å velje kvar dei vil bu og ha levande lokalsamfunn i bygd og by. Alt dette krev modernisering av infrastrukturen vår slik at folk kan kome seg til jobb og skule – og slik at bedriftene kan få frakta varene sine dit dei skal.

Difor går vi i Nasjonal transportplan 2010-2019, som nylig vart lagt fram, inn for å bruke 321 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Det er  ei auke på 45 prosent. Vi vil styrkje kollektivtransporten der det bur mange folk og byggje ut vegnettet der jernbane og annan kollektivtransport ikkje kan erstatte bilen.

Som samferdselsminister har eg vore oppteken av å utnytte ressursane på ein effektiv måte. Regjeringa har satsa meir på vedlikehald, halde god framdrift på igangsette prosjekt og fjerna flaskehalsar. Det vil også liggje i botn når vi no satsar vidare. Drifts- og vedlikehaldsinnsatsen skal aukast med 28 prosent frå førre NTP. Vi vil prøve ut ei ein finansieringsmodell der nokre større prosjekt blir ført på eigne postar i budsjettet, vi vil satse massivt på mindre spektakulære, men ofte svært lønsame investeringstiltak og vi vil utvikle nye kontraktsformer.

Utsleppa skal ned
I dei største byane står transportsektoren for over halvparten av klimagassutsleppa. For Noreg sett under eitt var snittet 29 prosent i 2008 – fire prosent meir enn for berre nokre år sidan. Utsleppa må ned. Det skal me få til blant anna gjennom storstilt satsing på jernbane, kollektivtransport og sjøtransport – og ved å byggje 500 kilometer ny gang- og sykkelveg.
Veg og vegtrafikk vil likevel alltid måtte stå sentralt i eit lands som vårt. Det er difor også viktig å erstatte tradisjonelle bilar med bilar med låge eller ingen utslepp. Det får vi til gjennom å bruke avgiftssystemet, støtteordningar og midlar til forsking aktivt.

Meir til veg
Regjeringa vil byggje mykje ny veg og i tillegg ruste opp eit vegnett som har vore forsømt gjennom mange år. Vi aukar no investeringane på dagens stamvegnett – det framtidige riksvegnettet –  med heile 80 prosent årleg samanlikna med førre NTP. Det vil blant anna føre til at 350 km riksveg får ”gul midt-stripe” – det vil seie 8,5 meter vegbreidde – og at 230 km riksveg blir bygd ut til fire felts motorveg.

Blant riksvegane som vil bli rusta opp er E6/E136 Oslo-Ålesund, E16 Oslo-Bergen,
E39 Stavanger-Ålesund, E6 Bodø-Tromsø og E6 Oslo-Trondheim. Reisetidene på desse strekningane vil bli redusert med rundt 30-35 minutt, frå Stavanger til Trondheim vil reisetida bli redusert med ca. ein time. Det er viktig, ikkje minst med tanke på næringslivet og deira transportbehov.

Eit døme på ei distriktsnæring som treng  gode vegar er fiskerinæringa. Fiskeria er landets største eksportnæring etter olje- og gass, og ferskvarene dei leverer er avhengige av gode og effektive transportårer. Når skreien som fiskaren dreg om bord i sjarken under Lofotfisket i Vestfjorden skal fraktast sørover til ICA-butikken i Sandvika eller til eit middagsbord i Paris, er det effektiv samferdsel som får fisken heilt fram.
 
Ingenting er viktigare enn å få ned talet på alvorlege trafikkulukker, det skal vi oppnå mellom anna ved at 750 km riksveg blir utbetra med midtrekkverk. Vi vil også auke satsinga til rassikringstiltak på veg til 1 mrd. kr årleg – det betyr at 80 km riksveg blir sikra mot ras.

Flyplassane
Eit omfattande kortbanenett er naudsynt for å oppretthalde busetnad og næringsliv i distrikta. Kortbanenettet er ein sentral del av kollektivtransportsystemet vårt, og eg kan love at dagens lufthamnstruktur i planperioden vil bli halden oppe, med mindre det er uttrykt ønskje lokalt om noko anna. Avinor må setjast i stand til å drifte heile nettet av lufthamner effektivt. Oslo Lufthavn Gardermoen er eit nav for heile landet – det er difor viktig å vidareutvikle hovudflyplassen vidare. Det skal bandleggast areal til ei eventuell tredje rullebane ved Oslo lufthamn, Gardermoen, utan at dette er noko vedtak om å byggje ei tredje rullebane.

Jernbanen skal rustast opp
Vi vil satse tungt på jernbane, og bruke i snitt 2 milliardar kr meir kvart år enn i førre Nasjonale transportplan. Løyvingane til Jernbaneverket aukar med 58 prosent. Vi vil særleg satse på områda rundt dei største byane, Intercityområdet på Austlandet og viktige prosjekt kring Bergen og Trondheim. Satsinga vil gje 142 km ny bane, av dette 116 km dobbeltspor. Toga skal bli meir punktlege og reisetida blir redusert. På Østfoldbana set vi av 11,6 milliardar til nytt dobbeltspor Oslo Ski, eit prosjekt som vil gjere livet langt lettare for pendlarane på strekninga. 
 
Vi skal bruke meir pengar – og me skal bruke dei meir effektivt – slik at alle nordmenn kvar dag i denne tiårsperioden vil oppleve eit litt betre transportsystem, ein litt betre kvardag.