Historisk arkiv

Samferdselsbudsjettet 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Rogalands Avis, 12. desember 2009

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert i mellom anna Rogalands Avis 12. desember 2009.

Torsdag behandla Stortinget samferdselsbudsjettet 2010. Budsjettforslaget er på 27 milliardar kroner – ein vekst på 4,7 milliardar kroner frå 2009. Sidan 2005 har vi auka løyvingane til veg- og bane med enorme 9 milliardar kroner. Det betyr ein vekst på nærare 50 prosent, og vi stoppar ikkje her! I åra som kjem skal vi løfta samferdsla ytterlegare.

I tillegg til å betra framkoma for folk og næringsliv, vil vi redusera talet på drepne og hardt skadde i transportsektoren.  Satsinga på klima- og miljøtiltak står sentralt. I 2010 vil vi løyva 10 milliardar kroner til jernbanen, og vi satsar på Transnova for å få fleire låg- og nullutsleppskøyretøy på vegane.  Landet skal bli mindre, tryggare og meir miljøvenleg! Frå 1. januar blir store deler av det noverande riksvegnettet med tilhøyrande riksvegferjer overført til fylkeskommunane. Overføringa vil gje fylka betre moglegheit for å sjå til dømes vegnettet og  kollektivtransportsystemet i samanheng.  Eg trur ei slik desentralisering vil gje gode og kostnadseffektive løysingar som er godt tilpassa kvardagen til folk.