Historisk arkiv

Send eit julekort før 16. desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Bladet Vesterålen, 12. desember 2009

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert 12. desember 2009 i Bladet Vesterålen.

Vi er allereie godt inne i den stille, fine ventetida. Jula nærmar seg for kvar dag. I vår digitale tidsalder har Internett og e-post overtek mange av funksjonane som brevet og postkortet tradisjonelt har hatt. Likevel er Posten framleis særs viktig for at landet skal henga i hop.

I Soria Moria II-erklæringa har regjeringa slått fast at folk og næringsliv i heile landet framleis skal ha eit godt posttilbod, uansett kvar dei bur. Det betyr at folk i heile landet framleis skal få post 6 dagar i veka. Ola og Kari Nordmann skal kjenna seg trygge på at posten kjem raskt og trygt fram. Portoen skal vera den same over heile landet. Posten skal framleis skal vera eigd av staten. Å senda postkort før jul er ein fin tradisjon, no som før. I år må du levera juleposten seinast 16. desember om du vil vera sikker på at den kjem fram til jul. Eg vil oppmoda alle om å senda eit julekort til nokon dei ikkje har hatt kontakt med på ei stund. Det blir garantert ei fin overrasking!

God adventstid!