Historisk arkiv

Tale i høve framsyninga "Bronsebukkane"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete - tale i høve framsyninga "Bronsebukkane" og prisutdeling på Hadeland, 18. juni 2009.

Kjære alle saman!

Tusen takk for invitasjonen til å vere med på denne kulturkvelden her på Hadeland. Allereie før eg har sett sjølve spelet er eg imponert over kva dyktige lokale krefter her har fått i stand. Flinke og engasjerte hadelendingar har teke tak i det spektakulære Bronsebukkfunnet frå 1925, laga det om til eit flott spel, og vidareutvikla det år for år. Det er eit stort arbeid som her blir gjort, både for å formidle spennande og viktig historie og marknadsføre den vakre naturen på Hadeland.

Eg har stor sans for visjonen fortid og framtid har me saman. Dei flotte kulturminna våre skal og må me ta vare på –  og bruke for alt dei er verd blant anna i marknadsføringa av Noreg. Det er òg viktig å hugse på at det me byggjer og skapar no – vil vere med blant framtidas kulturminne – og kanskje framtidas turistattraksjonar.

Det er eit 84 år gamalt funn som dannar bakteppet for kvelden i kveld. Den elleve år gamle Ragna må ha blitt mållaus og fjetra då ho fann halsringen i åkeren på Vestby i 1925. Sidan dukka det opp ei nål, ein halsring til, heile 300 perler – og altså dei to Bronsebukkane som har gitt namn til dette spelet. Og mållaus og fjetra er det lett å bli også for oss – når me tenkjer på kor rik historia vår er, og at det allereie i bronsealderen vart laga slike vakre kunstskattar som Bronsebukkane. Som samferdselsminister tykkjer eg også det er fint å tenkje på den samferdsla som allereie i bronsealderen fanst over store avstandar. Men så har då sjølve namnet på landet vårt med samferdsle å gjere: nord - vegen. Det seier sitt!

Einar Skjæraasen har eit vakkert dikt som heiter Gammelvegen, som eg tykkjer seier noko vakkert både om gamle vegar og viktige kulturminne. Siste verset lyder slik:

No kryp det skugge. No gror det glømsel.
De gamle farmenn er ingen stan.
Men lyer du inn i sommarnatta,
da syng det lell frå e måltrostgran.
Og har du enno e lita kvilstønn,
da ska du djupt frå det glømte kjenne:
Den gamle vegen er som en tanke
du aldri riktig får tenkt te ende.

Og apropos song frå måltrostgran:

Eg har fått gleda og æra av å dele ut tidenes andre Bronsebukkpris – Bronsebukkprisen 2009. I år går prisen til Norges Naturvernforbund. Prisvinnaren rundar i år 95 år, og er med det vår desidert eldste natur- og miljøvernorganisasjon. Naturvernforbundet har ei ærerik historie, prega av tålmod og eit langsiktig perspektiv – anten det er naturvernlov, miljøverndepartement eller klimaforlik dei har kjempa for.

Det passar godt å stå her på Hadeland i dag og dele ut Bronsebukkprisen til Naturvernforbundet. Det var her på Hadeland, i Lunner, det første lokallaget kom i 1971.

Noregs Naturvernforbund jobbar godt på så mange frontar, til beste for noko av det mest verdfulle me har: naturen vår.

Eg kan difor ikkje tenkje meg ein meir velfortent vinnar av årets Bronsebukkpris.

Gratulerer, Lars Haltbrekken og Naturvernforbundet!