Historisk arkiv

Tale ved middagen etter dåpen av Olympic Zeus, Ålesund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved middagen etter dåpen av Olympic Zeus, Ålesund 19. mars 2009.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Tale ved middagen etter dåpen av Olympic Zeus
Ålesund 19. mars 2009

Takk for invitasjonen og takk for ein strålande dag. Den har vore full av erfaringar og opplevingar litt på sida av det eg til dagleg syslar med, det har gjort oppdraget som gudmor for Zeus endå meir spennande for meg.

Det er eit storslagent namn de har vald til båten dykkar. Zevs, guden over alle gudar, med makt frå himmelen og til jorda. Om eg ikkje trur på verdsherredøme for båten Zevs, så ønskjer eg den all mogleg hell og lukke til på ferda – og på alle hav. Eg har funne ut at det på Kreta finst ei grav som grekarane meiner er Zeus si. Men filosoften Epimendes hevda noko heilt anna. Han laga eit dikt om Zeus, der han skriv: “For Du (Zeus) døydde ikkje. Du lever for evig og består.” Me får satse på at det slår til for ”vår” Zevs også!

Tilbake til makt: Eg ser det som ei viktig oppgåve for meg som partileiar og minister å sikre verdiskaping og sysselsetjing i offshorenæringa i åra framover. Eg har kjempa for gode rammevilkår for næringa, og det vil eg halde fram med – dagen i dag er veldig inspirerande i så måte. Likevel: vekst blir ikkje skapt av politikarar. Me kan berre leggje forholda til rette.  Vekst blir skapt av næringslivet rundt om i landet. Desto meir gledeleg er det for meg å sjå at sterke og gode lokale krefter har lukkast med miljøvenleg og nyvinnande teknologi som den Zeus representerer. 

Skal me unngå klimakatastrofe er det ingen tvil om at me må gjere større grep. No er verda i tillegg råka av finanskrise. Eg meiner løysinga på denne krisa og klimautfordringane heng nøye saman. For å sikre næringslivet, no og i framtida, er det viktig med sikker energiforsyning og nye grøne arbeidsplassar, og for å bidra til den globale klimadugnaden må me tenkje nytt – og det gjeld både styresmakter og næringsliv. Eg tykkjer Zeus, med sitt hypermoderne, lokalproduserte  hybridanlegg er eit føredøme. Denne måten å spare drivstoff på slår positivt ut på både økonomi og miljø.

Eg tykkjer det er kjekt å få vere gudmor for eit skip som representerer verdsleiande maritim teknologi og design. Det er nybygg av denne typen som gjer oss nordmenn stolte, og minner oss om at Noreg framleis er ei stormakt på havet – ja, faktisk nummer to i verda innan offshoreserviceskip. Berre USA har fleire skipsriggar enn oss. Desse skipa byggjer infrastruktur på havbotnen, som igjen fører olje og gass til ulike kontinent.

Den maritime næringa er svært viktig for norsk industri og næringsliv og omfattar eit breitt spekter av store og mindre bedrifter og eit mangfald av tenester og produkt. I ei tid der den globale konkurransen stadig tilspissar seg, er det maritime miljøet eit av dei områda der Noreg har best sjansar til å styrke posisjonen sin ytterlegare. Eg er sikker på at me her framleis har store uutnytta moglegheiter for sysselsetjing og verdiskaping også i framtida.

Som representant for eit parti som kanskje er mest kjent for å stå med beina planta i landbruksnæringa, vil eg understreke at Senterpartiet også har eit bein trygt planta i fjøresteinen. Fiskerinæringa har alltid vore viktig langs kysten og skal halde fram med å vere det, men eg er òg oppteken av å få fram at offshoreindustrien er ein av dei viktigaste distriktsnæringane me har i Noreg, og ein viktig del av framtida til Kyst-Noreg. At norske offshorereiarlag har skip for om lag 50 milliardar under bygging i Noreg, seier sitt.
Eg såg ein stad at Stig Remøy sa at medan eg styrte med infrastrukturen på land, dreiv de og bora, la røyr og laga infrastruktur på havbotnen. Eg kan love dykk at det var eit vakkert bilete for ein statsråd som akkurat har lagt fram planen for korleis me best mogleg kan byggje landet og ruste opp infrastrukturen vår dei neste ti åra. Nasjonal transportplan handlar om korleis me skal løyse den biten av puslespelet Noreg som heiter transport.

Me går vi inn for å bruke 321 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra, 45 prosent meir enn i førre NTP. Eit viktig mål er at klimagassutsleppa må ned. Her er jo Zeus eit strålande førebilete for sine mindre slektningar på land.

Me vil byggje mykje ny veg og i tillegg ruste opp eit vegnett som har vore forsømt gjennom mange år. Vi aukar no investeringane på det som i dag blir kalla stamvegar med heile 80 prosent årleg. Tiltaka vil redusere reisetidene på riksvegnettet med rundt 30-35 minutt, og på E39 Kyststamvegen frå Stavanger til Trondheim vil reisetida bli redusert med ca. ein time. Det vil bli viktig for det transportavhengige næringslivet vårt. Eg er elles glad for det løftet me fekk til for hamnene og farleiene i NTP – der den årlege ramma til sjøtransportområdet aukar med 77 % samanlikna med førre planperiode. Det er eit lenge etterlengta løft, og heilt på sin plass. Ein liten digresjon: at Kystverket har flytta til Ålesund tykkjer eg er rett og rimeleg - det er på kysten Kystverket høyrer heime, ikkje i Oslo.

Her på Sunnmøre har skipsindustrien lange og stolte tradisjonar, blant anna med skipsindustriklynga Ulstein er ein del av. Rett nok er det krisetid no, men det har denne næringa vore gjennom mange gonger tidlegare – og alltid landa på beina. Ikkje nok med det, ein har også alltid klart å ta vare på og vidareutvikle kompetansen, det viktigaste ein har. Eg tykkjer det er flott at eigarane bestiller skipa lokalt, men eigentleg skulle det berre mangle, når ein har verdsleiande industri rett ut for døra.

Eg trur det er samspelet mellom dyktige fagarbeidarar og ingeniørar og framskodande, engasjerte og innovative leiarar og reiarar som har gjort at norsk skipsfart- og offshorenæringa  – ikkje minst her på Sunnmøre – har gjort det så bra. At de tek ansvar og utviklar løysingar som møter dei globale klimautfordringane på ein god måte –  samstundes som ein dei er lønsame – er eit konkurransetrinn eg håpar og trur de vil dyrke vidare inn i framtida.

Eg fann eit dikt av Bjørnstjerne Bjørnson som eg tykte passa her i dag  - og eg skal no lese første og siste verset frå det.


Åpne vanne

Åpne vanne, åpne vanne!
Hele vinterens lange lengsel,
nå den bliver helt til trengsel.
Neppe ses en sjøblå strime; -
som en måned er hver time.
Åpne vanne, åpne vanne!
Solen ildner, regnet svaler,
jorden reiser seg og taler.
Sjelen svarer, skjelver, lyer:
k r a f t e n  e r  d e r  s o m  f o r n y e r.

Og med dei orda vil eg berre be dykk bli med meg på ein skål for dagens dåpsbarn. Skål for Zeus!