Historisk arkiv

Tale ved opning av rv 48 Mosahovdtunnelen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av rv 48 Mosahovdtunnelen, 17. mars 2009.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Tale ved opning av rv 48 Mosahovdtunnelen m.m
Tysdag 17. mars 2009

Gode ordførarar, fylkesordførar, fylkesmann, vegdirektør, gode fusingar, kjære alle saman!

Gratulerer med dagen!

Med veg skal landet byggjast, sa kronprins Olav i 1937 og i dag feirar me at takka vere lokalt initiativ og vilje til å vere med å finansiere utbygginga står dette anlegget ferdig. Nok ein elendig riksvegstubb er borte for alltid, erstatta av trygg og moderne veg.

Denne nye strekka med trygg og sikker veg vil binde regionen her enno betre saman med Bergen og styrkje regionen som ein bu- og arbeidsregion. Ein ting er at reisetida mellom Os og Bergen no blir litt kortare enn tidlegare. Viktigare er det at reisande som før har site med hjartet i halsen på grunn av smal og svingete veg med fleire farlege avkøyrsler og dårleg sikt, no kan kjenne seg langt tryggare enn før.

Forbetringa vil særleg bli stor for tungbiltrafikken –  lastebil- og vogntogsjåførane vil no kunne kjenne seg langt tryggare enn før, både på å kome heilskinna fram og på å rekkje ferja, slik at dei ikkje blir forseinka vidare. Det er viktig! Me har eit svært transportavhengig næringsliv, og eg er oppteken av at me må leggje til rette for at næringstransportane kan kome seg raskast og tryggast mogleg fram, anten dei fraktar laks, møblar, frukt eller betong.

På fredag la regjeringa fram Nasjonal transportplan for dei neste ti åra. Den planen handlar om noko så enkelt og så vanskeleg som korleis me dei neste ti åra skal ruste opp infrastrukturen vår. Me går inn for å bruke 321 milliardar kroner til utbygging, drift og vedlikehald av transportnettet dei neste ti åra. Det er 100 milliardar kroner eller 45 prosent meir enn for førre periode. Eg er sikker på at folk over heile landet vil merke at det blir fleire midtdelarar, meir rassikring, meir ny asfalt og betre satsing på drift av vegnettet – i tillegg til nye flotte prosjekt, som det me opnar no i dag.

Blant det aller viktigaste me gjer dei neste ti åra er arbeidet for å få ned ulukkestala på vegane våre. I NTP aukar me trafikktryggleiksinnsatsen frå 332 mill i førre NTP til 860 mill, noko som blant mange andre tiltak vil gje ei mykje høgare takt i utbygginga av midtdelarar og midtfelt. Å få på plass ny veg, slik me no har fått det her, er utan tvil noko av det mest effektive trafikktryggleikstiltaket me kan gjere.

Mosahovdatunnelen og nyevegen her har kome raskt på plass, sjølve anleggsarbeidet har berre teke eit års tid, men den har på ingen måte kome av seg sjølv. Eg vil takke Statens vegvesen, entreprenørane, kommunane, fylkeskommunen og alle andre som har vore involverte i bygginga av denne vegen. De har gjort ein god jobb, og har kome i mål med god framdrift – og god kostnadsstyring. Eg er klar over at det har vore lange og hektiske dagar for mange i det siste – her har visst vore banking og boring og nesten aldri stilt, har eg skjønt!
Eg vil også rette ein varm takk til lokale krefter og eldsjeler, eg har skjønt at dette vegprosjektet har vore prega av særleg god samarbeidsånd.  Statens vegvesen har skrytt av et veldig godt samarbeid med Fusa kommune, som har vore særs aktiv og teke mange positive initiativ, anten det har vore snakk om forskottering, refusjon eller å bidra med kraftmidlar. Denne tunnelen er eit skikkeleg spleiselag mellom statlege midlar, Fusa kraftlag og Frank Mohn Fusa. Det er dei lokale midlane som har gjort det råd å få på plass denne vegen no, og det varmar verkeleg eit samferdselshjarte som mitt å sjå at dette går an – her er de eit førebilete for mange andre!

Ja, eg vil dra det så langt som å seie at det gode samarbeidet må vere eit av særmerka med dette vegprosjektet, og difor vil eg avslutte med eit dikt av Olav H. Hauge som eg tykkjer seier noko vakkert om dette med samarbeid.

ELVANE MØTEST

Elvane møtest, frå kvar sitt fjell.
Grip kvarandre i hendene.
Blandar sin song og sitt blod.
Held fram einige, sterkare,
snåvar ikkje so lett i steinane:
Turrskodd skal ingen vassa oss no!

Det er då ei stor glede for meg å erklære Mosahovdtunnelen og resten av nye rv 48 for opna. Igjen: gratulerer med dagen!