Historisk arkiv

Tale ved opning av rv. 5 Hammarsgrovi – Stølsneset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

2. november 2009

Samferdselsministar Magnhild Meltveit Kleppas tale ved opning av rv. 5 Hammarsgrovi – Stølsneset (Støylsnestunnelen), 2. november 2009.

Gode Herre Konge, kjære alle saman!

Gratulerer med denne store dagen! Og tusen takk for strålande song!

Kan henda drøymde dei um dette her … ,
skriv Olav H. Hauge i diktet Til eit Astrup-bilete.

Og ja, mange er det som har drøymt om denne dagen! Mange har måtta engsta seg her i Kjøsnesfjorden opp gjennom tidene. Det gjer inntrykk å lytta til den historia de fortel i dag: Tragiske hendingar som aldri må få skje att.
 
Mykje angst og uro er no sprengt vekk. Denne tunnelen gir tryggleik og framtidstru både for folk og næringsliv. Det fortener de!

For tre-fire år sidan var eg til stades på ein konferanse i regi av Nasjonal rassikringsgruppe. Ambisjonane deira verka uoppnåelege – ein milliard kroner til rassikring kvart år. Den ambisjonen har Liv Signe no gjort verkeleg. Dei neste ti åra skal det nyttast ti milliardar kroner til rassikring. Mange fleire enn dykk skal oppleva ein ny og trygg veg. 

For ikkje lenger enn vel sytti år sidan då Per Sægrov bygde den første vegen her ved Kjøsnesfjorden, tok han opp to tusen kroner i lån frå kommunen. Bøndene langs fjorden garanterte for Per med gard og grunn. Reiskapane er hogd inn på minnesteinen her borte: ste, feisel, skiftvinkel, spade og bolt. Arbeidet blei utført ved handmakt!

Dagens tunnel er stor ingeniørkunst, finansiert med statlege midlar. Kontrastane er store. Noko er likevel likt: dei mange eldsjelene som har kjempa for ny veg! 

Eg vil retta ein hjarteleg takk til alle involverte for raskt og vel utført arbeid!
 
No kan det endeleg verta slik Olav H. Hauge skriv i eit anna dikt, Under bergfallet:

Du bur under bergfall.
Og du veit det.
Men sår din åker
og trør trygt ditt tun
og lèt dine born leika
og legg deg
som inkje var.

Det er ei stor ære og ei stor glede for meg å be H.M. Kong Harald om å føreta den offisielle opninga av Støylsnestunnelen!