Historisk arkiv

Tale ved opninga av Finnfast-tunnelen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

30. oktober 2009, Finnøy i Rogaland

Tale av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ved opninga av Finnfast-tunnelen, halde på Finnøy i Rogaland, 30. oktober 2009.

Ja lat oss stride,
og lat oss tru
og byggje med tankar
ei bivre-bru
til den heilage, høge framtid

Kjære alle saman – gratulerer med denne store dagen!

Eg klarte ikkje å dy meg, eg måtte la Arne Garborg og hans Strid for fred få fyrste ordet. Eg tykkjer dette diktet rommar mykje av det Finnfast står for. 

Å, kor eg unner alle dykk som no vonar på ei ny og tryggare framtid å oppleva nett det – ikkje minst gjeld det ungdommen! Til dykk som i dag går på skulen på Finnøy: Medan dei fleste har måtta flytta på hybel for å få utdanning, kan fleire av dykk no bu heime lenger! Det vert også lettare å venda heim att og overta garden eller starta ny verksemd. Finnfast betyr nye arbeidsplassar. Ordet dagpendling får ei ny tyding. Det er mykje snakk om pendling frå Finnøy, men dette vil også gjera innpendling lettare.

Det er mange menn og kvinner som har stridt for Finnfast gjennom mange år – frå dei som laga den første transportplanen for Ryfylke med Rennrand i 1987, til dei som det siste året har arbeidd seint og tidleg for å få tunnelen ferdig.

Jorunn ordførar stod så hardt på for Finnfast at det etter kvart vart uråd å ta telefonen kvar gong ho ringde.

Hausten 2005 var ein avgjerande milepåle. Ein stor politisk dugnad kom på plass. Eg var då leiar for Senterpartiets si stortingsgruppe, og kjende eit stort ansvar for å forsikra meg om at Liv Signe fekk ei sak om Finnfast fram for Stortinget snarast råd.

Eg hugsar statsminister Stoltenberg spurde meg om Finnfast eigentleg var eit viktig prosjekt. Kanskje ikkje eit viktig prosjekt nasjonalt, svara eg, men definitivt svært viktig regionalt og for Finnøy – og også for regjeringa.

Stortingsbehandlinga vart rekordrask. Hallgeir Langeland var saksordførar – og ein særs viktig person  for å få saka gjennom Stortinget.

Tru, skriv Garborg. Tru er heilt naudsynt for å få til noko. Og tru har det vore mengder av. Folk har aldri mista trua på at ein skulle få på plass dette sambandet, trass i at det har teke tid.

Diskusjonane har vore mange. No er ei svært god løysing som på plass.

Finnfast er ein stor lokal dugnad. Det er bompengedelen, vilja til å satsa i lag for ei stund, som gjer prosjektet mogleg.

Å byggje med tankar, seier Garborg. Og Finnfast har også blitt bygd med edel tankekraft. Det har vore mange år med planlegging og prosjektering på høgt nivå.

Eg har lyst å takka alle involverte for godt utført arbeid. Takk òg til alle eldsjelene! Samstundes som vegen no opnar, går den siste ferja. Eg tykkjer me skal retta ein stor takk til mannskapet for den sørvis dei har gitt i alle år. 

Finnfast er ikkje ei bivrebru, som Garborg snakka om. Finnfast er handfast. Tunnelen ligg her!

Likevel: Eg vonar Finnfast  vil vera med på å føra oss over til den høge framtida.

Det er ei stor ære og glede for meg å erklæra Finnfastsambandet for opna!