Historisk arkiv

Tale ved opninga av nye E6 ved Steinkjer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Løsberga, 27. oktober 2009

Tale av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ved opninga av E6 Vist - Figga, halde i Løsberga, 27. oktober 2009.

Kjære alle saman! Gratulerer med dagen!

Dette er ein stor dag for Steinkjer, for Trøndelag, og for alle som ferdast på denne vegen. Det er også ein stor dag for meg – sidan dette er mi første vegopning. I dag feirar vi ikkje berre opninga av strekninga Vist-Figgja. Vi feirar òg at heile E6 Steinkjer, frå Vist til Selli, endeleg står ferdig. Dette har ikkje berre gitt ein ny E6, men også ein ny by.

Prosessen har tatt tid. I januar neste år er det åtte år sidan byggjearbeidet tok til, etter at planarbeidet hadde føregått sidan 80-talet. Diskusjonane har vore intense – og skapt mange kjensler. Det har vore ein lang prosess, nokon tykkjer sikkert den har vore for lang – men då vil eg minna om kva Ivar Aasen sa: ”Det som brådt er bygt, det stend ikkje trygt!”

Denne utbygginga er viktig av fleire årsaker:
• Folk får no ein langt tryggare veg
• Ein blir kvitt stigninga Eggevammen som skapte store problem
• 60 millionar i sparte transportkostnader
• Ein finare og meir attraktiv by
• 100 bustader har fått langt mindre støyplager

Eg har vore i Steinkjer fleire gonger før, lagt ned grunnstein for tilbygg til Beistad skole, opna distriktssenteret og no ny E6. I Steinkjer skjer det stadig noko nytt. De tenkjer framtid.

At E6 no har blitt ein kilometer kortare er heilt i tråd med målsetjinga mi om å bruka dei neste fira åra til å gjere dette landet mindre, tryggare og meir miljøvenleg. Eg ser fram til fleire vegopningar. Regjeringa har lagt fram ein ambisiøs transportplan.

Rasa i Løsberga var ei særs lite hyggeleg overrasking som skapte trøbbel og ekstraarbeid for dei som jobba med vegen. Dette påverka både trafikkavviklinga og framdrifta på nyevegen. Mange måtte i ein periode leve med store støyplager. Raset førde òg med seg mykje mediefokus. Det er trass alt ikkje kvar dag landet nærast blir delt i to!

Ei meir gledeleg overrasking er dei mange arkeologiske funna som har dukka opp undervegs. Det aller mest interessante funnet var spor etter eit stort langhus av ein type som tidlegare ikkje var funne i Trøndelag. Fortid og framtid går hand i hand i slike prosessar!

Det markerer Statens Vegvesen både gjennom prosjektet Nasjonale Turistveger og Vakre vegers pris. Det slo meg då eg kom hit i dag at det har blitt veldig fint overalt. Eit flott døme er den fine rasteplassen i Jevika som har fått så mange godord både frå lokalkjente og tilreisande. Rasteplassen er lite kunstverk i heimbygda til store kunstnarar som Kristoffer Updal og Jakob Weidemann.

Ein omstendeleg og svingete veg som låg for nær både jernbane og bustadområde er no erstatta med ny, meir effektiv og trygg veg. Takk til alle involverte for godt arbeid!

I Trønderavisa i dag står det at prosjektleiar Asbjørn Moe er ved vegs ende. Det trur eg ikkje. Med den erfaringa han no har er han klar for nye prosjekt når som helst. 

Det er ei stor glede for meg å erklæra Vist-Figga for opna!

Hjarteleg til lukke – og køyr forsiktig!