Historisk arkiv

Tale ved 100-årsjubileet til Bergensbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Bergen, 20. november 2009

Tale av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ved markeringa av 100-årsjubileet til Bergensbanen, Bergen, 20. november 2009.

Gratulerer med jubileet, alle saman, og takk for ein strålande dag så langt!

Bergensbanen har ein svært populær avleggjar, Flåmsbanen. Forfattaren Per Sivle vart fødd i Flåm for over 150 år sidan.  I eit dikt som heiter Utferds-dråpa skriv Sivle blant anna:

ut imot aust
ug ut imot vest
og ut imot sud og nord,
ut som for kvar det høvde seg best
-ut frå sin heimsens fjord.

Bergensbanen har verkeleg vore med på å gi oss nordmenn moglegheit til å dra ut imot aust, og ut imot vest, ut frå sin heimsens fjord.

I tillegg er banen ein av våre største og mest populære turistattraksjonar!
 
Då Bergensbanen kom på plass for hundre år sidan, var det resultat av hardt arbeid gjennom mange år. Også i dag er det mange som står på for å halda verdas vakraste jernbane open – trass til tider svært krevjande vêrtilhøva i høgfjellet.

Eg vil retta ein stor takk både til arbeidsfolka frå 1909 – og til dagens heltar.

No må vi sjå hundre år fram i tid. Vi skal no i gang med eit større arbeid for å sjå om vi kan få høgfartstog i Noreg. Samstundes er det særs viktig at vi steller godt med den banen vi har. Bergensbanen er ein vital og livsfrisk hundreårsjubilant. I åra som kjem må vi vidareutvikla den, og gjera den best mogleg rusta til nye hundre år til glede for dei reisande.

Alle vegar er ein omveg heim, vart det sagt ein gong. Å ta Bergensbanen handlar også om venda heim. Også eg som rogalending kjende meg heime då eg sat på toget og kikka ut på det eldgamle, stolte Finselandskapet før i dag.

Og slik sluttar diktet til Sivle:

Ut for å fara,
ut  for å sjå,
ut gjennom sjoroks eim,
ut til for vågal
vinning å slå,
ut – for å venda heim. 

Eg vil ynskja alle dykk som arbeider med og for Bergensbanen hjarteleg til lukke med dagen, og lukke til vidare!

Tusen takk for meg!