Historisk arkiv

Tiltakspakka gir tidenes statlege satsing på elbilar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Laagensdalsposten, 2. februar 2009

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete om satsing på elbilar, publisert 2. februar 2009 i Laagendalsposten.

I tiltakspakka som vart presentert nyleg, løyver regjeringa 50 millionar kroner til utbygging av ladestasjonar for elbilar og bilar av typen ”plug in-hybrid”. Elektrifisering av transportsektoren er viktig for å redusere klimagassutsleppa og andre utslepp frå denne sektoren. I Noreg ligg forholda godt til rette for å utnytte elektrisitet som drivstoff, fordi nesten heile elektrisitetsproduksjonen i Noreg er basert på fornybare kjelder. Med «norsk straum på tanken» kan norske bilar bli heilt utsleppsfrie. Å få på plass ladestasjonar der folk ferdast er ein viktig del av regjeringa sin strategi for å elektrifisere transportsektoren raskare. Med mange ladestasjonar rundt i landet vil etterspurnaden etter bilar som kan gå på straum auke. Med ei kostnadsramme på om lag 10 000 kroner per stasjon, vil regjeringas tiltakspakke gi 5 000 nye ladestasjonar.

Regjeringa har dei siste åra gjort ei rekkje grep for å fremje elbilane - dei er fritekne frå eingongsavgift og årsavgift, dei har tilgang til kollektivfelt, dei har gratis offentleg parkering og gratis passering gjennom bomstasjonar. I haust innførte vi dessutan ei ordning slik at elbilar ikkje treng å betale på riksvegferjer. Firmabilskattlegginga for elbil blir også gunstigare ved at frådraget for elbil blir dobla frå 25 til 50 prosent. Eg har dessutan sett ned ei ekspertgruppe som i løpet av våren skal levere ein konkret plan for elektrifisering av norsk vegtransport.

Vi bur i eit land som er velsigna med store mengder reint vatn og mange fossefall. Vi har god tilgang på fornybar energi, og eit stort potensial for elektrifisering. Regjeringa vil difor byggje ut fornybar elektrisitet som vasskraft og vindkraft. Utviklinga av betre batteri til elbilane, større bilar og betre infrastruktur vil auke bruksområda til elbilane framover, og eg er sikker på at vi kjem til å sjå fleire elbilar på vegane i tida som kjem. Løyvinga på 50 millionar er nok eit steg i retning av å gjere 2009 til året der elbilen verkeleg tar av i Noreg.