Historisk arkiv

Tiltakspakke til lufthamnene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg frå samferdselsminister Navarsete om investeringar på lufthamner. Innlegget har mellom anna vore publisert i Adresseavisen 4. juli 2009.

Avinor driv dei 46 statlege lufthamnene i Noreg og har ansvar for sikker, miljøvennlig og effektiv luftfart i landet vårt. No legg regjeringa fram ei tiltakspakke for Avinor på 900 millionar for å sikre at Avinor kan gjere denne jobben på ein god måte. Det gjer at det likevel blir investeringar på lufthamnene Flesland i Bergen, Anda i Sandane, Kvernberget i Kristiansund og Røst og Langnes i Tromsø. 

Forslaget om tiltakspakka kom samstundes med at regjeringa la fram stortingsmeldinga om Avinor, som viser at selskapet står overfor store utfordringar, særleg på grunn av finanskrisa. For regjeringa er det viktig at Avinor kan halde fram med å yte eit godt tenestetilbod, og difor varslar vi no denne tiltakspakka. Tidlegare i år meldte Avinor at selskapet måtte utsetje tryggleiksinvesteringar på lufthamnene Flesland, Anda, Kvernberget, Røst og Langnes.

Eg er glad for at vi med dei nye midlane sikrar at Avinor kan gjennomføre desse investeringane. Utviklinga i flytrafikken og økonomien i Avinor er likevel usikker, og eg vil følgje situasjonen nøye i tida framover. Ein ting er sikkert: dei mange regionale lufthamnene og det omfattande kortbanenettet er nødvendig for å sikre at det framleis kan vere folk og næringsliv i heile det langstrakte landet vårt. Difor skriv vi i stortingsmeldinga at ordninga med at Avinor finansierer dei bedriftsøkonomiske ulønsame lufthamnene med overskot frå dei lønsame skal halde fram. Eg er også opptatt av at Avinor må styrkje arbeidet for å vidareutvikle reiselivet i Noreg – særleg fordi reiselivet er den 3. største eksportnæringa vår og står for mange arbeidsplassar, særlig i distrikta.

Samstundes er det viktig at Avinor held fram med tiltak som kan få ned veksten i klimagassutslepp frå luftfarten. Eg vil også at Avinor skal prioritere arbeidet med å tilpasse lufttrafikken til den nye diskriminerings- og tilkomstlova – der tilkomst for alle står sentralt. Alle skal med!