Historisk arkiv

Vegsatsinga slett ingen bløff

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg i Aftenposten 12. oktober 2009

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg i Aftenposten 12. oktober 2009 om regjeringa si vegsatsing.

I Aftenposten 7. oktober hevdar Høgre og Frp at regjeringa si vegsatsing er ei bløff, fordi talet på kilometer ny veg ikkje er vesentleg annleis under denne regjeringa enn tidlegare.

Det Høgre og Frp då gløymer er at talet på kilometer nyopna veg langt frå er einaste målet på vegsatsing. Store deler av midlane til veginvesteringar går til prosjekt som ikkje resulterer i mange kilometer ny veg, men likevel er heilt sentrale for eit godt og sikkert vegnett. Når regjeringa har satt av pengar til å få bygd ein ny tunnel på E18 vest for Drammen, gir ikkje det mange meter ny veg, men det fjernar ein gedigen flaskehals, slik at vi no har samanhengande firefeltsveg frå Oslo til Tønsberg.

Heller ikkje viktige satsingsområde som drift og vedlikehald, bl.a. utbetring av bruer og tunnelar, trafikktryggleikstiltak, kollektivfelt og utbygging av gang- og sykkelveg viser att i opprekningar av kilometer ny veg. 

Å byggje firefelts veg er langt meir kostnadskrevjande enn å byggje to- og trefelts vegar. Det blir no bygd meir firefelts veg enn nokon gong tidlegare, og dette fører naturleg nok til at det blir færre km ny veg totalt.

Etter tiår med forsømt vedlikehald har vi vore heilt nøydde til å ta betre vare på infrastrukturen vår. I 2009 skal det brukast 400 mill. kr meir til drift og vedlikehald enn i 2005. Då er ikkje tiltakspakka medrekna. I perioden 2006-2009 har regjeringa auka innsatsen berre til asfalt med om lag 1,5 mrd. kr, samanlikna med ei vidareføring av Bondevik II-regjeringa sitt forslag for 2006. Innsatsen til målretta trafikktryggleikstiltak som bygging av midtdelarar og utbetring av sideterreng er om lag 40 pst høgare  i høve nivået som var foreslått av Bondevik II-regjeringa i budsjettet for 2006. Dersom målestokken for vegsatsing berre var talet på kilometer ny veg, ville det politisk rasjonelle vere å kutte i drift og vedlikehald, gang- og sykkelvegar, trafikktryggleiksarbeid. Det er det vel knapt nokon som ynskjer.

Ein kan ikkje snakke seg bort frå at denne regjeringa satsar langt meir på veg enn den Høgre-leia regjeringa støtta av Frp gjorde. I tillegg til auka vedlikhaldsinnsats er løyvingane til investeringar i det statlege vegnettet heile 3,14 milliardar kroner, eller 53 prosent høgare i 2009 enn det forslaget til statsbudsjett som regjeringa Bondevik II la fram for 2006.
I Nasjonal transportplan 2010-2019 varslar regjeringa ei ytterlegare sterk auke både til investeringar og til drift og vedlikehald.