Historisk arkiv

Vi satsar på sykkel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Dagbladet, 11.desember 2009

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert i Dagbladet 11. desember 2009.

Laurdag 30. november hadde Dagbladet ein leiar om satsinga på sykkel i Noreg. Å leggja til rette for at fleire kan sykla er bra for miljøet, folkehelsa og framkoma. Regjeringa har difor lagt opp til at den statlege innsatsen på sykkelvegar skal meir enn doblast i åra som kjem. Halvparten av dei nye kilometrane skal koma i byar og tettstader.

For å få på plass samanhengande og trygge nett for sykkeltrafikken må også kommunar og fylke ta ansvar langs sitt vegnett. Det skal no lagast konkrete sykkelrekneskap for kvart byområde, og vi vil prioritera å gje statlege investeringsmidlar til byområde som gjer sin del av jobben. I Noreg har vi ein sykkelbruk på berre 4-5 % av daglege reiser, medan svenskane ligg på 10 % og danskane på 17 %. Difor må vi få opp tempoet i planlegginga, visa større vilje til å ta tøffe prioriteringar lokalt og auka investeringane. Målet er eit samanhengande nett som gjer sykkelen til eit attraktivt alternativ til bilen på dei korte turane. Det vil vi bidra til!