Historisk arkiv

Widerøes 75-årsjubileum

Bodø, 4. mars 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved markeringa av 75-årsjubileet til Widerøes Flyveselskap.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Widerøes 75-årsjubileum
Bodø, 4. mars 2009

Kjære alle saman, kjære Widerøe, gratulerer så mykje med 75 flotte år! Widerøe er det eldste flyselskapet vårt, og har all grunn til å vere stolt over 75-årsjubileet. Det står respekt over å ha kome hit, og framleis vere på stø kurs inn i framtida.

Det har vore ei lang ferd frå sjøflyeventyret til dei unge pionerane på Ingierstrand i 1934 og fram til dagens moderne flyselskap som er med på å knyte Noreg saman.

Widerøe har vore, og er stadig svært viktig for kortbanedrifta i Noreg, og dermed for det norske folk, og eg er veldig glad for å få vere her saman med dykk i dag. Eg tykkjer de er svært dyktige og gjer ein utruleg flott jobb, og eg har sett og set stor pris på å samarbeide med dykk til beste for luftfarten her i landet.

Eg meiner Widerøe driv med kollektivtransport, og eg meiner kortbanenettet er ein sentral del av kollektivtransportsystemet vårt. Det seier eg fordi me har eit land med så lange avstandar og så vanskeleg framkome mange stader at folk er heilt avhengige av luftfarten, ikkje minst på dei strekningane Widerøe flyr på. Det er difor me i Samferdselsdepartementet kjøper flyruter av Widerøe for meir enn 460 millionar kroner kvart år.

Sjølv pendlar eg fram og tilbake Oslo-Sogndal kvar veke. Eg kan love dykk at eg veit alt om kor viktig det er at det går eit fly, og at det går når det skal. For dei fleste av Widerøe sine passasjerar er ikkje luftfart luksus, det er slik ein får kvardagen til å henge saman, det er slik ein kan halde fram med å bu der ein helst vil bu, det er slik ein kan halde firmaet sitt gåande.

Livet står aldri stille, skreiv Anne Grete Preus i ein song ei gong – og luftfarten står heller aldri stille. Det skjer veldig mykje på fagfeltet vårt, og då tenkjer eg både på teknologi, organisering og lovverk. Det gjer det til eit både spennande og krevjande fagfelt. Og apropos krevjande, me har verdas flottaste land, men det er ingen tvil om at det er eit særs krevjande land å drive luftfart i. Det er ikkje billig og det er ikkje lett. Difor er eg veldig glad for å samarbeide med så kompetente aktørar som Widerøe.

Bransjen har heilt klart fått merke finanskrisa på kroppen. Det er utfordrande for selskapa og for Avinor, og me følgjer situasjonen tett. Eg kan love dykk at det viktigaste for meg alltid vil vere å oppretthalde det omfattande nettet vårt av samanhengande flyruter – slik at passasjerane kan reise mest mogleg ”saumlaust” frå A til B.

Etter kvart som internasjonalt regelverk har kravd stadig strengare tryggleikstiltak har staten gjennom Luftfartsverket og seinare Avinor investert mange milliardar i tryggleikstiltak på flyplassane Widerøe flyg frå. Det har vore naudsynte investeringar for å kunne oppretthalde desse flyplassane. Eg er samstundes oppteken av at desse reglane og tiltaka må vere til å leve med for passasjerar og tilsette som skal fly til og frå dei mindre lufthamnene våre. Her er det sikkert meir å hente, men eg håpar me i fellesskap har klart å gjere det mogleg for dei reisande og dei som arbeider i flya og på flyplassane å leve godt med tryggleikstiltaka.

Widerøe er eit selskap som alltid har hatt eit tett og nært forhold til Samferdselsdepartementet og som gjennom mange år har motteke offentleg støtte i ulike former. Først hadde selskapet einerett, med kostnadsdekning / sanering av underskot, på mange måtar ei ganske lukrativ ordning for eit flyselskap, vil eg seie!

Så fekk me overgangen til einerett med avtalt forskot, og så kom dagens anbodsordning i gang. Ulike ordningar, men alltid eit samarbeidsforhold der Widerøe har flydd for departementet og departementet har betalt Widerøe for å fly. Målet vårt alltid har vore mest mogleg ruter for pengane.

Då dei første flyplassane på kortbanenettet, dei såkalla kyllingmarkane, opna, var det starten på ei ny tid for transporten i landet vårt. Samferdselsminister Håkon Kyllingmark, som gav namn til dei såkalla kyllingmarkane, stod ikkje åleine bak den store og visjonære planen. Det gjorde han blant anna saman med Viggo Widerøe, Widerøes grunnleggar. Bidraget til oppstarten av det flotte om omfattande kortbanenettet me har i landet vårt og som mange av oss har stor glede og nytte av, er vel noko av det Widerøe har størst grunn til å vere stolt av, men Widerøe har halde fram med å påverke. I departementet mitt seier dei at ruteføringa ikkje alltid blir slik departementet hadde tenkt, men påfallande ofte slik Widerøe hadde tenkt. Widerøe kjenner utan tvil landet godt, og er flinke til å føreslå ruter som kommunane og fylka vil ha.

Og nettopp der, når det gjeld å kjenne landet, trur eg me er inne på Widerøes store fortrinn. Ingen andre selskap trafikkerer så mange lufthamner i landet vårt. Ingen har fleire daglege avgangar innanlands, og ingen har tilsette spreidd over så store deler av landet. Og ingen andre har ei slik fantastisk 75 år lang historie bak seg. Og få kjenner nok det røffe norske klimaet og den norske naturen så godt som Widerøe sine pilotar. Det har de all grunn til å vere stolte av, og eg kjenner meg viss på at Widerøe går minst 75 nye år i møte som ein viktig aktør i norsk luftfart.

Takk for meg – og igjen: hjarteleg til lukke med dagen!