Historisk arkiv

Samferdselsministeren: Auka løyvingar til vedlikehald av jernbanenettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg i Aftenposten 3. mai 2010

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert i Aftenposten 3. mai 2010.

Aftenposten har i dei siste dagane hatt oppslag om tilstanden i jernbanenettet. Avisa får – med rette – fram at manglande vedlikehald og fornying gjennom mange år har ført til vanskar og forseinkingar i jernbanedrifta, til stor ulempe for mange reisande og for godstransporten.

Avisa gir eit skeivt bilete av kva den noverande regjeringa har gjort og vil gjera når det gjeld løyvingar til drift og vedlikehald. Eg gjer difor merksam på følgjande:

Løyvingane til drift og vedlikehald – over budsjettet til Jernbaneverket – har auka frå om lag  3,4 milliardar kroner i 2005 til om lag 4,9 milliardar kroner i 2009 (alle beløp i 2010-kroner), medrekna ekstramidlar frå regjeringa si tiltakspakke. Dette er ein auke på om lag 45 prosent. For kvart av åra i denne perioden har det vore ein auke, med størst vekst i 2009.

For 2010 ligg vi på det nivået Jernbaneverket ba om i sitt innspel til Nasjonal transportplan.

Det høyrer elles med i biletet at dei samla løyvingane til Jernbaneverket – for utbygging, drift og vedlikehald av jernbanenettet – har auka frå om lag 5,2 milliardar kroner i 2005 (ikkje medrekna drift og vedlikehald av Gardermobanen) til om lag 8,3 milliardar kroner i 2010. Dette er ein auke på om lag 60 prosent. For løyvingar til utbygging er auken om lag 120 prosent (basert på at alle beløp er i 2010-kroner).

Sjølv om tala viser sterk vekst i løyvingane: Vedlikehaldsinnsatsen har gjennom fleire år vore for låg. Dette gjeld særleg tiltak med vekt på fornying av eksisterande infrastruktur. Klare meldingar om dette er no komne frå Jernbaneverket, som nyleg har gjort det kjent at tilstanden er dårlegare enn det etaten tidlegare har lagt til grunn.

For 2010 vil det, i samband med Revidert nasjonalt budsjett, koma forslag om ei tilleggsløyving til drift og vedlikehald av nettet.