Historisk arkiv

Betydeleg vekst i jernbaneinvesteringane!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg i Dagens Næringsliv

Avisinnlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa om utviklinga i norsk jernbane, publisert i Dagens Næringsliv 1. februar 2010.

Under den misvisande overskrifta ”Nullvekst til jernbane” tek Dagens Næringsliv den 28. januar for seg utviklinga i løyvingar til samferdselsføremål i ein tiårsperiode. Med den noko spesielle tilnærminga som DN har, blir framstillinga heller skeiv, mellom anna fordi avisa berre tek for seg åra 1999 – 2008.

Hadde DN gjeve seg tid til å henta fram tal for åra til og med 2010, ville ein mellom anna sjå at vi nærmar oss ei dobling av Jernbaneverkets budsjett, og investeringane har auka frå 1,5 til nær 4 milliardar kroner.

Det er først dei siste åra vi har starta på eit løft for jernbanen, og difor vil det ta noko tid før vi ser effekten. Eg føler meg trygg på at pendlarane vil oppleva ei gradvis betring. Eg er utålmodig på å koma vidare. Min ambisjon dei neste ti åra er å bruka 100 milliardar kroner på jernbanen, av desse 50 milliardar til investeringar.