Historisk arkiv

Farleg ”flørt” med fart

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Varden, 13. august 2010

Debattinnlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa om trafikktryggleik, publisert 13. august 2010 i Varden.

I  ”Varden” 10. juni tek Finn Eltorn til orde for å leggja bort kampanjar og tiltak for å få fleire til å halda fartsgrensene.  Farten og fartsgrensene bør i staden setjast opp, synest han å meina. Her er Eltorn ”ute på ville og farlege  vegar”.

Eg er skremt over ulukkestala for juli. 28 personar omkom i trafikken. Det er åtte fleire enn i fjor.Når vi veit at ulukkestala kunne vore halverte dersom folk held fartsgrensene, køyrer edru og brukar bilbelte, er det verkeleg grunn for å be folk tenkja seg om korleis dei køyrer!

Lat meg understreka følgjande:   

• Analysar og forsking i Noreg og i mange andre land viser at det er ein klar samanheng mellom køyrefart og trafikkulukker. Høgare fart fører både til større risiko for ulukker, og til fleire og meir alvorlege ulukker.    

• Analysar frå Statens vegvesen viser at høg fart var ein medverkande faktor i om lag halvparten av alle dødsulukkene i perioden 2005 – 2008.

• På ein del trafikkfarlege strekningar, der fartsgrensa for nokre år sidan vart sett ned frå 90 km/t til 80 km/t eller frå 80 km/t til 70 km/t, gjekk talet på drepne ned med 40 prosent, samtidig som det vart færre ulukker med personskade og lågare skadegrad.

Politiet og Statens vegvesen arbeider no med kriterium for fastsetjing  av særskilde fartsgrenser mellom 60 km/t og 100 km/t. Målet for arbeidet er å koma fram til retningsliner som ivaretek omsynet til trafikktryggleik, samstundes som fartsgrensene blir respekterte, er lette å forklara og greie å handheva.

Fartsgrensene vert løpande vurderte utfrå ulukkesrisiko og vegstandard. Somme stader vert fartsgrensa sett ned, medan andre strekningar med forbetra standard,  kan få høgare fartsgrense.

Statens vegvesen og politiet gjennomfører no ein kampanje for å påverka haldningar som gjeld farten på veg. Bakgrunnen er altså dyster: Ulukkestala viser at det i dag er  altfor mange som bryt fartsgrensene og køyrer på ein måte som er farleg for ein sjølv og for andre. Målet er å få fleire til å halda fartsgrensene og til å tilpassa farten etter trafikken og forholda på vegen.