Historisk arkiv

Første spadestikk Ski stasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas tale i høve første spadestikk for Ski stasjon, 7. mai 2010.

Kjære alle saman!

Kvar einskild av oss er i dag på ein historisk dag! Vi feirar inngangen til ei ny tid for jernbanen i Akershus, Østfold og Oslo!

Alle reisande med jernbanen og alle tilsette innan jernbanen har vore gjennom ein tøff periode. Trass problema er det veldig mykje som fungerer som det skal.

Og eg gler meg over at vi no – i samband med RNB på tysdag – vil få på plass meir midlar til drift og vedlikehald av jernbanenettet i 2010.

Dagen i dag markerer at arbeidet med Ski stasjon går i gang. Ombygginga av stasjonen er også ei viktig brikke i det store arbeidet med Follobanen og nytt dobbeltspor Oslo-Ski – det største prosjektet som ligg inne i Nasjonal transportplan for dei neste ti åra.

Dobbeltsporet vil dobla kapasiteten på strekninga.

Overføringa av godstrafikk til bane vil kunne gi 750 færre trailerar per dag – minus 30.000 tonn CO2  per år! Det er store tal og viktige tal! I tillegg kjem miljøeffektane av at fleire pendlarar kan ta toget i staden for bilen.

Framkoma på vegane vil bli betre. Vegane vil bli tryggare.
Og: kvardagen vil bli langt betre for togpassasjerane: færre forseinkingar, fleire avgangar, raskare tog!

Det vil dessutan bli rom for langt fleire togpendlarar enn i dag –  11.000 fleire kollektivreisande per døgn! Og det vil koma godt med! I 2025 kan folketalet i denne regionen ha vakse med 30%. Allereie i dag er kapasiteten for lengst sprengt.

Det er framleis lenge til dobbeltsporet Oslo-Ski står ferdig, men folk vil merka framsteg før den tid. Allereie når den nye ruteplanen trer i kraft mot slutten av 2012 vil dei reisande merka at togtilbodet blir betre!

Eg er så glad for dei flotte planane som finst for denne stasjonen: eit moderne og funksjonelt kollektivknutepunkt, universelt utforma og vakkert utsmykka.

Eg skal gjera mitt til å halda fullt trykk på planlegginga. Og no har eg ei stor overrasking til dykk: Regjeringa føreslår på tysdag å løyva 64 mill ekstra for å sikra framdrifta på dobbeltsporet!

Desse midlane vil mellom anna bli nytta til å erverva grunn ved Ski stasjon. I tillegg vil skal desse midlane nyttast til forsert planlegging og prosjektering av både Ski stasjon og det nye dobbeltsporet Oslo – Ski.

Gratulerer med dagen og takk for meg!