Historisk arkiv

Framtidas kunnskapsbehov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa - innlegg på konferanse om transport og miljø, Oslo 31. mai 2010.

Framtidas kunnskapsbehov, Oslo 31. mai 2010
Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa
Tema: Er høg mobilitet ein miljøtrussel? Om vanskelege val og kunnskapsutvikling

Gode forsamling! Takk for invitasjonen!

Det er eit spennande – og særs viktig tema som her blir tatt opp.

I Bibelen står det ein stad at "den som øker sin kunnskap, øker sin smerte".

Eg vil ikkje sjå bort frå at det kan vera sant i ein del tilfelle! Samstundes er det å auka kunnskapen heilt naudsynt for å bringa verda framover – og ikkje noko vi kan velja bort!

I transportsektoren har vi eit overordna mål – nedfelt i Nasjonal transportplan: Å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekkar samfunnet sitt behov for transport og fremjar regional utvikling.

Det høyrest på ein måte enkelt og greitt ut. Det kan eg lova dykk at det ikkje er!

Det vil aldri vera nok pengar til å gjera alt ein gjerne skulle gjort. Stram prioritering vil alltid vera naudsynt. For å gjera dei rette vala, er god kunnskap heilt naudsynt.

Dessutan kan verkemiddel som verkar positivt på eit mål verka negativt på eit anna.

Å kunne tilby eit effektivt transportnett med god framkome er sjølve grunnlaget for transportpolitikken.

Samstundes er det viktig å vega dette opp mot dei negative verknadene transport har på miljø og trafikktryggleik.

Og då er vi ved dagens tema: målkonflikten mellom krav og forventningar om høg mobilitet og god framkome på den eine sida – og krava til reduksjon av klimaskadelege utslepp frå transportsektoren på den andre. Dette er ei krevjande avveging.

Målkonflikt
Det siste halvåret har eg hatt gleda av å vera med på fleire veg og jernbaneopningar. Kvar gong ein tunnel eller ei bru eller eit nytt dobbeltspor kjem på plass, blir landet litt mindre – og litt betre for folk å bu i.

Eg er ikkje i tvil: vi må halda fram med å byggja dette landet. Infrastrukturen er ikkje ferdig – korkje på vegsida eller jernbanesida.
Framleis er det mykje å vinna på å forbetra kapasitet, framkome og trafikktryggleik – på ein berekraftig måte. I tillegg er det høgst naudsynt å forbetre vedlikehaldet av infrastrukturen vår.

Samstundes er klimakrisa kanskje den største utfordringa verda står overfor. I Noreg står transporten no på landsbasis for 29 % av klimagassutsleppa våre, i byane langt meir. Dette er ikkje berekraftig.

I Klimameldinga presenterer regjeringa målet om å redusera klimagassutsleppa frå transportsektoren med mellom 2,5 og 4 millionar CO2-ekvivalentar i 2020 – samanlikna med det som ville vore tilfelle utan tiltak.

Skal vi klara å innfri klimalovnadane våre på transportområdet, må vi gjennomføra tiltak på eit breitt spekter av område.

Vi må satsa på jernbana og kollektivsystemet, vi må gå og sykla meir og vi må redusera energiforbruket per køyretøy.

For å svara på spørsmålet i tittelen på innlegget: høg mobilitet treng ikkje vera ein miljøtrussel, men vi må vera ærlege og innrømma at det kan vera det.

Å berre auka mobiliteten utan å ta miljøomsyn, kan vera fatalt.

Alt kjem an på om ein klarar ta dei rette vala og gjera dei rette tinga. Til det treng vi kunnskap. Det er her forskinga kjem inn – og eg kjem straks tilbake til det!

Differensiert politikk
Først vil eg berre nemna at eg trur at ein del av løysinga ligg i å tenkja differensiering. Vi bur i eit variert land. Difor må også løysingane variere frå region til region, frå sak til sak.

Regjeringa fører ein aktiv bypolitikk. Vi vil auka framkoma og betra miljøet i byane! Det gjer vi blant anna ved å satsa på jernbane og kollektivtrafikk og bruka belønningsordninga aktivt – og vidareføra den vellukka omlegginga av eingongsavgifta.

I distrikta er veg ofte einaste løysinga. Men: vi byggjer faktisk ikkje så mykje vegar til den ytste nakne ø som vonde tunger vil ha det til.

Det vi byggjer frå staten si side er riksvegar som skapar betre regionar og bind dei betre saman med kvarandre.

Tidlegare i månaden la Transportøkonomisk institutt fram ein rapport frå eit forskingsprosjekt, finansiert av Samferdselsdepartementet.

Undersøkinga viser at transportinvesteringar i distrikta forstørrar regionane, skapar betre regionsenter – og gjer dei meir attraktive for busetnad og tilflytting.

Eg er ikkje i tvil: skal vi skapa ein balansert utvikling av landet, må vi investera meir i infrastruktur i regionane! Vegbyggingstyrkar både næringsliv og sysselsetjing i distrikta!

Dessutan er god vedlikehald avgjerande – i tillegg til god vinterdrift og rassikring.

I eit land som vårt vil bilen alltid vera ein naudsynt del av samfunnet, men den må over på utsleppsfrie drivstoff som elektrisitet, hydrogen og biodrivstoff.

Her vil forsking og Transnova vera viktige verkemiddel!

Forsking
For ein statsråd kan forsking i blant drukna i alle dei daglege hasteoppgåvene, anten det er snakk om askeskyer, jernbane, veg eller heilt andre ting.

Då må vi ikkje gløyma at det er god forsking som gjer det mogleg å oppfylla dei overordna måla. Og kanskje kan forsking gjera oss betre budde neste gong ei askesky dukkar opp?

Kunnskap skal styra rike og land, sa Aasmund Olavsson Vinje.

For meg – og alle andre som skal ta viktige avgjerder – er forskingsbasert kunnskap viktig når vanskelege val skal takast.

God forståing av samanhengar og konsekvensar er heilt naudsynt – også for å ta politiske val.

God, dristig og innovativ forsking er eit område det må satsast på om vi skal oppfylla visjonen min: å gjera landet mindre, tryggare og meir miljøvenleg!

Forsking på miljøvenleg transport er eit satsingsområde for regjeringa. Vi har styrka forskinga kring stasjonære energikjelder, karbonfangst og lagring.

I tillegg har vi i Samferdsels-departementet bygd opp to satsingar som særskilt dekkar transportsektoren: Renergiprogrammet i Forskingsrådet og Transnovaprosjektet.

Renergi er no eit reindyrka forskingsprogram, medan Transnova er nærare marknaden - og også fungerer som eit verktøy for utprøving.
Eg er veldig nøgd med at det no finst ei line frå grunnleggande forsking om energi til testing og marknadsintroduksjon. Dette vil gje synlege resultat både på kort og lang sikt.

I år bidrar vi med om lag 150 mill. kr til desse tiltaka – då er bidraga til NORKLIMA og Smartrans tekne med. Dette er viktige program, som eg har store forventningar til.

Forsking er ei langsiktig investering – som inneber stor usikkerheit. Å pløya ny mark inneber ein risiko, men å ikkje gjera noko er meir risikabelt!

Samstundes er eg oppteken av at forskinga må brukast, først då har den ein misjon!

Forskinga må ut til folket, bli gjenstand for offentleg søkelys og debatt slik at den kan opplysa oss og vidareutvikla samfunnet vårt. Denne konferansen er eit godt døme på formidling av forsking.

I Noreg har vi ikkje alltid vore flinke nok til å omdanna forskingsresultata våre til produkt og arbeidsplassar. Det er difor flott at vi har fått Transnova på plass.

Eg gler meg også over nye, friske midlar til forsking på miljøteknologi i Revidert nasjonalbudsjett for 2010.

Avslutning
Forsking er grunnlaget for at Noreg kan liggja i forkant internasjonalt på viktige område som foredling av naturressursar, olje og gass etc. Slik er forskinga med på å skapa og oppretthalda arbeidsplassar og busetnad.

Forsking er òg avgjerande for å skjøna kva som skjer, og kvifor det skjer, i eit moderne og komplekst samfunn.

Kunnskapsbasert forsking om transport og mobilitet legg grunnlaget for både ordskifte, politikk og avgjerder.

Utan forsking kjem vi oss rett og slett ikkje vidare. Difor vil eg avslutta med å sitera Goethe og be dykk alle etterleva hans mantra:

Jeg forsket døgnet rundt, om så det gjaldt.
Vel vet jeg meget, men jeg vil vite alt.

Takk for meg – no ser eg fram til debatt!