Historisk arkiv

Gode nyhende for el-bilane i Oslo og Akershus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

11. juni 2010, Østlendingen

Innlegg om el-bilsatsing, publisert i mellom anna Østlendingen, 11. juni 2010.

Denne veka opna verdas største offentlege parkeringsplass med ladestasjonar for el-bilar her i Oslo. Gratulerer, Oslo! Det gjer hovudstaden vår til ein føregangsby på området, og er eit teikn på at vi er på veg over i ei ny og betre tid. Å få fleire til å byta ut den tradisjonelle bilen med el-bil er viktig for å få ned både klimagassutsleppa og for å få mindre støv og eksos i byane.

Noreg er allereie blant dei landa i verda med flest el-bilar per innbyggjar. For at endå fleire skal gå over til el-bil, er det viktig at det er lett å få lada bilen. Heldigvis ligg Noreg langt framme også på det området. Databasen NOBIL – som også vart lansert denne veka – vil bli svært nyttig for alle som køyrer el-bil. NOBIL gir informasjon på internett, GPS og mobiltelefon om kvar ein kan finna ladestasjonar rundt i landet. NOBIL er finansiert av Transnova, som også har støtta utbygginga av 1900 av dei 2720 som no snart er klare til bruk rundt i landet. Transnova er eit av regjeringa sine viktigaste verktøy for å få fleire bilar over på alternative drivstoff. I tillegg gir vi stønad til etablering av ladestasjonar, fritak frå eingongsavgift, årsavgift og moms, tilgang til kollektivfelt, gratis passering gjennom bomring og gratis parkering på offentlege parkeringsplassar.

No håper eg det snart kjem fleire bilar som kan bruka straum til den norske marknaden. Til alle i Oslo og Akershus som allereie køyrer el-bil: Lukke til med bruken av dei nye ladestasjonane og med Nobil!