Historisk arkiv

Høgfartstog har brei støtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

VG, 19. mars 2010

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa om problema på jernbanenettet, publisert i VG 19. mars 2010.

Forbrukarrådet  kritiserer for tida regjeringa sin jernbanepolitikk. Utgangspunktet er  den vanskelege situasjonen no i vinter. Eg har stor forståing for frustrasjonen til pendlarane og har difor hatt fleire møte med pendlarforeningar. Eg kan forsikra Forbrukarrådet om at vi  er godt i gang på alle områda rådet tek opp. Å betra punktlegheita er  prioritet nummer ein både for Jernbaneverket og NSB. Det blir arbeidd på spreng for å få på plass betre informasjon og betre alternativ transport. Vi har for første gong fått på plass ei refusjonsordning ved avvik. Denne gjeld både einskildbillettar og periodebillettar, etter nærare reglar.

Det er godt Forbrukarrådet gjer det dei skal og er på plass på område som gjeld folk flest. Eg finn det derimot underleg at rådet går til felts mot statsministeren fordi regjeringa no set i gang ei utgreiing om høgfartsbanar i Noreg. Dette har regjeringa varsla i Soria Moria II. Det er elles eit oppdrag som også har brei støtte i Stortinget. Utgreiinga skal ikkje berre sjå på moglegheita for høgfartstog, men også leggja ein strategi for fjernstrekningane mellom dei største byane våre.

Forbrukarrådet hevdar elles regjeringa ligg langt etter skjema i jernbanesatsinga. Det er  vanskeleg å skjøna. Vi har faktisk dobla jernbaneløyvingane sidan vi overtok i 2005. Vi har dessutan lova ei gradvis opptrapping av meir midlar. Jernbaneverket fekk meir midlar enn dei kunne bruka i 2009. I år har etaten fått det dei sjølv meiner dei treng til utbetring  i Osloområdet. Det tek diverre tid å få bukt med problema. Vi gjer no det vi kan i alle ledd for å betra togtilbodet så raskt som råd.  Dessutan arbeider vi for å realisera den mest ambisiøse nasjonale transportplanen som nokon gong er lagt fram: 322 milliardar kroner til veg og bane dei komande ti åra!