Historisk arkiv

Innlegg i Dagbladet - Utålmodig på vegne av jernbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Svarinnlegg i Dagbladet 9. juni 2010 om satsing på jernbanen.

Utålmodig på vegne av jernbanen

”Statsråd uten endringsvilje” skriv Dagbladet måndag i ein leiar om regjeringa si jernbanesatsing. Det stemmer ikkje. Regjeringa er i full gang med nødvendig endring!

Det skjer mykje på jernbanen. På sju månader har eg starta byggeprosjekt for 17 milliardar. Nett no føregår 13 byggjeprosjekt, planlegging/prosjektering/kjøp av grunn for 9 prosjekt og 31 større tiltak for å auka kapasiteten. I tillegg kjem forbetringsaktivitetar på 26 stasjonar og knutepunkt. I Nasjonal transportplan varslar vi ei vidare opptrapping. På ti år skal vi bruka 92 milliardar på jernbanen.

Forseinkingane og vanskane i vinter gjorde at vi i Revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2010 føreslo ei tilleggsløyving på 210 millionar kroner til vedlikehald. I tillegg vart løyvinga til førebyggjande vedlikehald etter ei intern omdisponering og overføringar frå 2009 auka med 150 millionar kroner. 64 millionar ekstra kjem dobbeltsporet Oslo-Ski til gode

Vi har sett i gang ei utgreiing som skal sjå på moglegheita for høgfartstog i Noreg. Den vil danna grunnlag for ein strategi for togtrafikken mellom dei største byane våre og til utlandet.

På Vestfoldbanen blir det i dag køyrt langt fleire avgangar enn før, noko som har gjort reisetida lenger. Ein ny Inter City-strategi – ferdig før 2013 – skal danna grunnlag for tidfesting av dobbeltspor Oslo-Skien, Oslo-Lillehammer og Oslo-Halden. Det blir arbeidd på spreng med å forbetra og auka infrastruktur i Osloområdet og få på plass nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Asker. I fjor starta vi arbeida på det nye dobbeltsporet mellom Barkåker og Tønsberg. Vi har føreslått samanhengande utbygging av dobbeltspor på strekninga Holm-Holmestrand-Nykirke, med ny Holmestrand stasjon i fjell. Målet er byggestart i sommar og ferdigstilling i desember 2015. Kvart enkelt prosjekt vil gi forbetringar, sjølv om vi først får full utteljing når alle prosjekta heng saman. 

Eg har stor forståing for alle som er frustrert over dagens situasjon på jernbanen i Noreg. Den utålmodigheita deler eg. Ambisjonsnivået og endringsviljen til statsråden er det ikkje noko gale med!