Historisk arkiv

Innlegg på Anleggsdagane 2010, Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på Anleggsdagane 2010, Oslo, 20. januar 2010.

Godtfolk! Takk for invitasjonen!

Då eg vart samferdselsminister i haust, sa eg at eg ville gjera landet mindre, tryggare og meir miljøvenleg. Mindre? sa folk. Ja, nettopp det er jo essensen i det vi arbeider med. Dess kortare avstandane blir og dess betre landet er knytt saman, dess enklare blir kvardagen for folk.

Eg har dei siste månadane hatt gleda av å vera med på fleire veg og jernbaneopningar (Steinkjer, Jølster, Finnfast, Farsund, Paradis, Nydalen). Kvar gong ein tunnel eller ei bru eller eit nytt dobbeltspor kjem på plass, blir landet litt mindre – og litt betre for folk å bu i. Kvar gong har dyktige entreprenørar stått sentralt. De er ei viktig og heilt nødvendig brikke i arbeidet med å byggja landet. For meg er det difor  viktig å få eit godt samarbeid med dykk og vera lydhøyre overfor dykk. Som kommunal- og regionalminister hadde eg eit svært godt samarbeid med byggenæringa. Det håpar eg at eg også vil få med dykk i anleggsbransjen.

Ei hovudprioritering for regjeringa i desse tider er å få folk ut i arbeid og å sørgja for at færrast mogleg – helst ingen – går ledige. Det gjeld ikkje minst i bygg- og anleggsbransjen. Eg har sett tal som viser at 14 % av norske arbeidstakarar er tilsett i bygg og anleggsbransjen. I tillegg kjem utanlandske statsborgarar. Det gjer bygg- og anleggsnæringa til ein svært viktig arbeidsgjevar. Medan aktiviteten i privat sektor er klart viktigast for byggenæringa, er staten den store oppdragsgivaren innan anleggsbransjen. Det er eit ansvar eg er svært oppteken av.

Regjeringa har varsla eit  samferdselsløft i Nasjonal transportplan 2010-2019. Eg skal straks seia litt meir om denne satsinga. Men ein ting er heilt klart: for å få til dette løftet, er vi heilt avhengige av at vi framleis har ein sterk og konkurransedyktig anleggsbransje, ein bransje som kan ta oppdrag av varierande storleik. I ei tid der investeringane i privat sektor er nede i ein lågkonjunktur, er det endå viktigare at ikkje aktiviteten i offentleg sektor parallelt blir trappa ned.

I følgje dei siste tala frå NAV er arbeidsløysa i Noreg framleis låg, men aukande. 2,7 %  av arbeidsstokken er no utan arbeid. Arbeidsløysa er størst i bygg og anlegg. Talet der er 5 %.  Eg veit også at de i MEF har rapportert om ei dramatisk auke i den ledige kapasiteten blant dykkar medlemer – og den aukar stadig. Det er ei problemstilling eg tek på største alvor og som gjer det ekstra viktig at vi på ein god måte følgjer opp Nasjonal transportplan og den opptrappingsplanen som ligg inne der. 

Nasjonal transportplan
Eg trur de er samde i at det er grunn til å gle seg over at vi sidan regjeringsskiftet i 2005 har auka løyvingsnivået til veg- og baneformål med vel 9 milliardar kroner. Det er ein vekst på heile 45 prosent samanlikna med Bondevik-regjeringa sitt forslag til budsjett for 2006. Mitt klare mål er å fylgja opp dette taktskifte i samferdselspolitikken med full kraft. Det er ein ambisiøs transportplan regjeringa har lagt fram – eg vil bidra til at den blir oppfylt!

Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP)  inneber at det skal brukast 322 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Vi tek eit stort løft for veg og jernbane, vi legg opp til ein stor innsats for å få ned talet på drepne og skadde og vi vrir transportpolitikken i grøn retning for å få ned klimagassutsleppa. Vi skal bruka meir pengar – og vi skal bruka dei meir effektivt. Det er viktig å gjera dei rette tinga på rett stad til rett tid.

I tillegg til å auka potten til samferdsel, har det vore viktig for oss å få til ei differensiering mellom by og land. I dei mest folkerike områda skal vi rusta opp jernbanen og bidra til omlegging av personstransport frå personbil til kollektive transportmidlar, sykkel og gange. I distrikts-Noreg er vegen og ferjene ofte einaste alternativet.

Eg vil gjera mitt for at vi framleis skal ha eit konkurransedyktig næringsliv over heile landet. Tiltaka vi har føreslått for dei neste ti åra vil redusera reisetidene på viktige ruter på riksvegnettet med rundt 30-35 minutt. Frå Trondheim til Kirkenes vil innsparinga bli på 49 minutt og reisetida frå Stavanger til Trondheim vil bli ein time kortare. Dette vil betra konkurransekrafta til næringslivet betydeleg. Berre dei neste fire åra vil innsatsen redusera transportkostnadene for næringslivet med om lag 25 milliardar kroner.

Forvaltningsreforma
Eg er beden om å seia noko  om forvaltningsreforma. Som tidlegare kommunalminister er det ei reform eg kjenner godt. Den byr på store  moglegheiter – sjølv om det gjerne blir fokusert vel så mykje på utfordringane.

Bakgrunnen for reforma
Forvaltningsreforma legg til rette for ei meir heilskapleg utvikling av transportsektoren – og på sikt eit betre vegnett.

Reforma gjer at staten kan fokusera på dei vegane som bind landet saman. Fylkeskommunane vil få ansvar for det regionale. Dette er noko dei har ynskt lenge.

Overføringa vil gje fylka betre moglegheit for å sjå ulike verkemiddel som vegnettet og  kollektivtransportsystemet i samanheng. Det blir lettare å gjere heilskaplege vurderingar.

Reforma vil også styrkja det regionale nivået og flytta oppgåver nærare folk. Det inneber ei demokratisering blant anna av areal- og transportplanlegginga, i tråd med det overordna målet for reforma: demokratisering og  betre samordning.

Auka aktivitetsvekst
Kva konsekvensar får så dette for dykk?

Den auka aktivitetsveksten er truleg det de vil merka best. For regjeringa har det vore viktig å setja fylka best mogleg i stand til dei nye oppgåvene dei har fått. Vi har lagt fram ein økonomisk pakke som gjer fylkeskommunane godt i stand til å trappa opp innsatsen på fylkesvegane og styrka kollektivtilbodet. I budsjettet for 2010 har vi fått på plass ei ny ordning med rentekompensasjon for transporttiltak i fylka. Ordninga vil utløysa nye investeringstiltak på fylkesvegnettet og i kollektivtransporten for 2 milliardar kroner årleg. Dessutan har regjeringa i samband med forvaltningsreforma styrka fylkeskommunane med ein ekstra milliard. I tillegg kjem rassikringsmidlane. Det er sett av 500 millionar til rassikringstiltak på fylkesvegnettet. Til saman skal dette gjera fylkeskommunane godt i stand til å trappa opp innsatsen på fylkesvegane og kunne yta eit betre kollektivtilbod.

Nokre tal til: Denne pakken gir ein samla aktivitetsvekst på fylkesvegnettet – utanom midlar til rassikring – på heile 49,5 prosent. Til investeringar på dei ”attverande riksvegane” er det føreslått 6,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 1,67 milliardar kroner – eller drygt 34 prosent – frå 2009. Det ligg med andre ord til rette for stor aktivitetsvekst  både på fylkesvegnettet og riksvegnettet. Så det er berre til å bretta opp armane!
Eg har hatt gleda av å få innblikk i rapporten de har fått laga om fylkeskommunane si prioritering av vegar i 2010. Den var absolutt hyggeleg lesnad. Eg vil trekkja fram nokre moment som eg tykkjer er særleg positive:
Fylkeskommunane legg opp til å nytta om lag 9,9 mrd kr til fylkesvegar samla sett. Dette betyr ei reell auke på  6,2 mrd, noko som overstig det dei har fått frå Samferdselsdepartementet og den ekstra milliarden med vel 500 mill. kr. Dette er ei stadfesting på at rentekompensasjonsordninga har virka etter intensjonen hittil.

Fylkeskommunane har i 2010 ikkje samla sett vald å nytte dei overførte midlane til andre føremål enn samferdsel. Enkelte fylke har løyvd langt meir til samferdsel enn rammeoverføringa skulle tilseia. Eit døme er Nordland som har investert 390 mill. kr i 2010 til dei nye fylkesvegane, om lag 100 mill. kr meir enn overføringa tilseier.
Sjølvsagt gler eg meg over at nær 80 pst av dei spurte fylka svarar at dei er nøgde  med måten vegansvaret er overført på. Eg tykkjer også det er svært positivt at omstruktureringa av Innovasjon Norge har gitt fylka moglegheit til å sjå næring og samferdsel i samanheng i større grad enn tidlegare.

De i bransjen vil truleg ikkje merka så mykje til om det er staten eller fylkeskommunen som er eigar av vegane i kvardagen dykkar. Det er uansett primært SVV som står for den praktiske gjennomføringa, og som slik sett vil vera byggherre for fylkeskommunane.

Statens Vegvesen har lang erfaring med såkalla felles vegadministrasjon der dei i enkelte saker representerer fylkeskommunen og i andre saker staten. Den felles vegadministrasjonen vert oppretthalden også vidare. SVV er ein stor kunnskapsorganisasjon med mange former for spesialisert kompetanse. Eg har stor tru på at dette vil fungera godt også i framtida.

Minstestandard og omklassifisering
Eg ser av høyringsfråsegna dykkar i samband med forvaltningsreforma at de har teke opp problemstillinga med minstestandard. Hovudhensikta med forvaltningsreforma har vore å overføra makt frå staten til det regionale nivået. Samstundes er det sjølvsagt viktig for meg å sikra trafikantane og næringslivet sine krav til vegstandard på tvers av forvaltningsnivå. Det føregår eit arbeid med å tilpassa gjeldande forskrifter etter veglova og vegtrafikklova til den nye ansvarsdelinga. Vi vil dessutan fortløpande sjå på behovet for andre nasjonale føringar. Dette må heile tida vegast opp mot fylkeskommunane sin handlefridom og  dei økonomiske konsekvensane eventuelle føringar vil medføra. Vi legg opp til at det vil bli gitt økonomisk kompensasjon dersom statlege føringar fører til auka utgifter for fylkeskommunane.

Eg ser også at de har stilt spørsmålsteikn ved omklassifiseringa av vegar og at ein i samband med forvaltningsreforma ikkje har følgd dei vanlege retningslinene for løpande omklassifisering i veglova, nedfelt i paragraf 3 og 7. Dette skuldast at vi i dette tilfellet ikkje endrar vegens funksjon, sjølv om fylkeskommunen blir vegeigar og forvaltningstyresmakt. Dessutan har Stortinget bestemt at ved denne overføringa skal riksvegane og dei tilhøyrande riksvegferjesambanda overførast med den standard dei har på overføringstidspunktet.   

Funksjonskontraktane
Drift- og vedlikehald av vegane våre er ei svært viktig oppgåve, som diverre har blitt for lågt prioritert gjennom mange år. Dette har regjeringa teke tak i. Dei siste fire åra har vi føreteke ei vriding. Ein større del av midlane blir brukt på drift- og vedlikehald no enn tidlegare.

Drift- og vedlikehald innan vegsektoren er i dag konkurranseutsett, og blir som de veit ivareteke gjennom såkalla funksjonskontraktar. Dette fungerer i hovudsak bra. Det er likevel ikkje tvil om at det er rom for forbetring på ein del område. Det gjekk klart fram også av rapporten frå Riksrevisjonsrapporten om drift og vedlikehald som kom i fjor haust. Denne er no til handsaming i Stortinget, der det skal vera  høyring 8. februar. Eg har sjølvsagt tatt rapporten på største alvor. Vi skal få retta opp dei manglane som er blitt påpeikt. Eit nytt rapporteringssystem skal på plass og midlane aukast. Det betyr auka fokus på vedlikehald i tida som kjem. 

Dovre Group AS  har dessutan fått i oppdrag å evaluera konkurranseutsettinga av drift- og vedlikehald av vegnettet. Føremålet er blant anna å kartleggja konsekvensane for pris og kvalitet og  sjå på om det bør gjerast endringar i funksjonskontraktane. Målet er best mogleg drift og vedlikehald av norske vegar, slik at folk og næringsliv kan ferdast trygt og effektivt. Rapporten frå Dovre vil vera klar innan utgangen av mars.

Høyringa om Riksrevisjonsrapporten og rapporten frå Dovre vil saman danna eit viktig grunnlag for korleis vi i framtida legg opp arbeidet med drift og vedlikehaldet, og for korleis funksjonskontraktane blir utforma.

Kontraktstrategiar er noko vi arbeidar med heile tida. I NTP har vi gått inn for å utvikla kontraktformer der ein over lengre strekningar ser investeringar, vedlikehald og drift i samanheng.

På E6 på Helgeland ser Statens Vegvesen no på moglegheitene for å lysa ut slike kontraktar.  Tanken er at ein entreprenør får ansvaret for å gjennomføra ein rekkje investeringstiltak på ei strekning på over 10 mil. Entreprenøren vil òg få ansvar for å vedlikehalda og drifta denne og tilhøyrande vegstrekningar i ein periode på 15 år.

Store kontraktar kan gjera norsk anleggsmarknad meir attraktivt for utanlandske verksemder, noko som òg aukar konkurransen. Samstundes finst det fleire døme på at kostnadene til staten har gått kraftig ned når ein har delt opp kontraktane i fleire mindre entreprisar.

Døma viser at det ikkje finst ein type kontraktform eller ein kontraktstorleik som er løysinga. Kva som er best vil variera alt etter kva arbeid som skal gjerast og korleis tilhøva i anleggsmarknaden er. Difor legg eg vekt på at Statens Vegvesen og Jernbaneverket skal arbeida vidare med å utvikla endå betre og meir differensierte kontraktstrategiar.

Avslutning
Anleggsnæringa er utruleg viktig for landet vårt på fleire måtar.

Eg innleia med å seia at vi skal gjera landet mindre. Dess kortare avstandane blir og dess betre landet er knytt saman, dess enklare blir kvardagen for folk. Difor heng regional utvikling og samferdsel tett saman. Det handlar om å gi folk fridom til å velja kvar dei vil bu og kva liv dei vil leva. Regjeringa vil leggja forholda til rette for at ungdom kan flytta heim att, eller bli buande. Vi vil framleis ha eit vekstkraftig næringsliv i heile landet. Då treng vi transportsystem som sikrar god framkome og bind landet saman.

Dessutan fører auka aktivitetsnivå til lokal vekstkraft og framtidstru. Regjeringa vil at alle skal ha moglegheit til å bu der dei helst vil bu. Vi vil ta ressursane i heile landet i bruk og styrka vekstkrafta i område med låg økonomisk vekst. I distrikta betyr anleggsnæringa viktige arbeidsplassar og er heilt avgjerande for lokalmiljøet. Då er det sjølvsagt svært viktig at det finst gode utdanningsmoglegheiter – eit godt yrkestilbod, gode praksismoglegheiter og tilpassa teoriundervisning. Vi må sikra at dei nyutdanna er best mogleg rusta når dei kjem ut i arbeidslivet. Dette har de sikkert sett i praksis mange gonger.

Eg ser fram til godt samarbeid med dykk om alle problemstillingane eg har vore innom her i dag. Det er både RNB og 2011-budsjett i vente. Eg vil avslutta med dette sitaet: Der der er vilje, er det veg!

Lukke til med resten av Samferdselsdagen!