Historisk arkiv

Innlegg på Gassforum om klimanøytralt drivstoff

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på Gassforum om klimanøytralt drivstoff, 10. november 2010.

Godt folk!

Tusen takk for invitasjonen til å koma hit!
Eg har god erfaring med dialog med fylkesordførarar – og set pris på å forsetja med det!

Gassatsing er ikkje det vi arbeider mest med i Samferdselsdepartementet. Vi løyver pengar til Transnova og Forskingsrådet  – etter beste evne – sjølv om mange vil hevda det er for lite. Så fordeler Transnova og Forskingsrådet  midlane vidare – blant anna til biogass. 

Eg kjem tilbake til gass.
Men først vil eg gjerne seia noko om det store biletet.

Kva utvikling er det vi ser i transportsektoren?
Jo, transportbruken aukar, både privat og kollektivt.
Kvar dag brukar tusenvis av menneske kollektivtransporten.
For mange er bussen, tog, trikk eller bane einaste måten å koma seg til og frå jobb, til skule og til fritidsaktivitetar.

Kollektivtransport

2009 var året då 300-milionarsgrensa blei broten for talet på busspassasjerar.
Det er 10 millionar meir enn året før! Auken var størst i byområda – der ein del av bussane går på biogass. Denne utviklinga – fleire over frå privatbil til kollektiv – må halda fram!

Kollektivtrafikk er viktig fordi det både handlar om å få ned klimautslepp og lokale utslepp.

Det handlar om å gjera kvardagen enklare for folk.
Det handlar om betre framkome!

Og faktisk har vi ikkje noko val.
I Oslo t.d., med den folketalsutviklinga som er stipulert – ja sjølv om den med god Senterpartipolitikk blir noko mindre – vil det ikkje vera nok areal til eit effektivt vegsystem basert på auka bilbruk.

Vi ser same utviklinga i andre byområde.

Vi kan ikkje byggja oss inn i framtida.
Det er kollektiv som er løysinga i byen.

Difor er det gledeleg å at sjå fleire av dei største byane er i ferd med å lukkast.

Regjeringa har satsa på kollektivtransport. Vi har auka overføringane til fylkeskommunane kraftig. Vi har løfta jernbaneinvesteringane, som staten har hovudansvaret for.
Vi har auka satsinga for å leggja til rette for bussar og trikkar.

Og vi har dobla belønningsordninga til dei største byområda. Denne satsinga har vi varsla ytterlegare forsterkning av dei komande åra.

Vi ynskjer ei ytterlegare tilrettelegging for kollektivtransport. Det blir understreka i Nasjonal transportplan, der det er ein eigen kollektivtransportstrategi.
 
Målet er eit meir tilgjengeleg kollektivtilbod med fleire avgangar, kortare reisetid og auka punktlegheit/regularitet.

Fylkeskommunane skal framleis ha hovudansvaret for å utvikla det meste av kollektivtilbodet og vil difor spela ei avgjerande rolle i dette arbeidet. 

Her er det – som de sikkert er klar over – mange stader mykje som står att før tilbodet er tilfredsstillande.

Det har i det siste vore mykje merksemd kring ein kilometer kollektivfelt i neste års budsjett. Og ja, ein kilometer er for dårleg …

Eg trur også at 80 kilometer i perioden er for lite. Med det ”trøkket” som er i fleire byområde, trur eg fleire felt bygde for bil vert omgjorde til kollektivfelt.

MEN: det store biletet er altså at det over Samferdselsdepartementets budsjett (for 2011) blir satsa i milliardklassen på kollektivtransport, i alt nær 12,1 milliardar!

I tilegg kjem milliardbeløp i statlege midlar over Kommunal og Regionaldepartementets budsjett. Dette er midlar som fylkeskommunane kan nytta til lokal kollektivtransport.

I 2009 var fylkeskommunane sine utgifter til lokal kollektivtransport på vel 8 milliardar kroner. Det blir satsa på kollektivtransport – mykje bra er på gang! Endå meir er mogleg!

Frå 1. januar i år har fylkeskommunane – som kjent – eit større ansvar for vegnett og ferje enn tidlegare. Målet er positive effektar for regional utvikling. Fylkeskommunane hadde frå før ansvaret for lokal kollektivtransport.

No får ein betre moglegheit for å vurdera ulike transportformer – inkludert kollektivtransport – opp mot kvarandre og skapa heilskaplege transportløysingar.

Vi vil framleis auka overføringane til kommunar og fylke jamt og trutt  – slik at dei kan gje eit stadig betre tilbod.

Belønningsordninga

Belønningsordninga skal stimulera byområda til å føra ein heilskapleg transport og areal politikk som fremjar kollektivtransport på kostnad av bilbruk.

Frå 2009 til 2010 dobla vi Belønningsordninga.
I NTP er det lagt opp til ein ytterlegare dobling i løpet av første fireårsperiode.

I budsjettet for 2011 er det føreslått ein auke på nær 30 %.  Det betyr 431 millionar til fordeling.

Vi hevar innsatsen for å få enda fleire over frå personbil til kollektive løysingar. Akkurat som i 2010 ønskjer vi å auka delen midlar til fireårige avtaler framfor midlar til eittårige avtaler.

Fireårige avtalar legg til rette for ei meir langsiktig planlegging, slik at ein kan få sett inn tiltak som gir større effekt.

Nye verkemiddel

Køprising
Køprising set ein pris på ressursar som i utgangspunktet ikkje har nokon pris, men likevel høg verdi – f.eks tid og rein luft.

Erfaringar frå Stockholm og London viser at køprising gir mindre trafikk og overgang til andre transportmiddel enn personbil.

Med mindre trafikk blir det sleppt ut mindre klimagassar. Det blir mindre støy og lokal forureining. Og framkoma blir betre – til glede for alle trafikantar. Det gir lågare kostnader både for næringslivet, kollektivtransporten og dei bilistane som framleis må bruka bil – fordi ein sparar tid.

Køprising gir og inntekter, som kan brukast til å betra forholda for alle trafikantgrupper.

Vi arbeider no med å få på plass ei ny forskrift i vegtrafikklova som legg til rette for
køprising.

Lokaldebatten t.d frå Stavanger og Bergen har vist at folk trur staten tek halvparten av inntektene frå køprising. Det er feil!

Elektrifisering
Regjeringa har svært ambisiøse mål for å redusera utsleppa frå transportsektoren. Vi vil at fleire bilar skal gå på reine, fornybare energikjelder og byane våre skal bli mindre belasta med støv og eksos.

Endringar i eingongsavgifta har gjort at nye bilar no slepp ut 20% mindre CO2 enn ein ny bil i 2005. Frå å vere blant dei dårlegaste i klassa, har vi blitt blant dei beste. Denne omlegginga held fram.

Eg ser de har elektrifisering på programmet seinare i dag. Elektrifisering av bilparken er svært viktig for å få ned både klimagassutslepp og lokal ureining.

Noreg er allereie blant dei landa i verda med flest elbilar per innbyggjar. Det er flott!

For at endå fleire skal gå over til el-bil, er det viktig at det er lett å få lada bilen. Heldigvis ligg Noreg langt framme også på det området.

Transnova er regjeringa sitt viktigaste verktøy for å få fleire bilar over på alternative drivstoff. Hittil har Transnova blant anna medverka til over 1500 ladepunkt.

Også fritak frå ei rekkje avgifter, gratis parkering og gratis bompengar skal bidra til at el-bilen utgjer ein stadig større del av bilparken.

Biogass
Biodrivstoff er miljømessig det beste drivstoffet når det gjeld utslepp av klimagassar og partikkelutslepp.

Ikkje minst er effekten av biogass svært god, sidan den blir produsert av avfallsråstoff.

I staden for at avfallet produserer svært skadeleg metangass, blir avfallet foredla og brukt som drivstoff. Det er veldig bra!

Samstundes veit vi at det er store utfordringar knytt til å etablera infrastruktur for biodrivstoff – og til å byta ut bilparken/bussflåten.

Samferdselsdepartementet har støtta ei rekkje biogassprosjekt gjennom Transnova, men det er Miljøverndepartamentet som har hovudansvaret for biodrivstoffpolitikken – inkludert biogass.

6 byar har per i dag har bussar som går på naturgass – 3 har biogassbussar. Eg ser gjerne at det blir fleire!

Gassferjer
Så har vi gassferjene.

I Soria Moria-erklæringa heiter det mellom anna:
- Regjeringa vil gjennomføra utskifting av riksvegferjer med nye gassferjer.
- Auka andelen gassferjer.

Det er klare fordelar med gassdrift. Nox-utsleppa blir kraftig reduserte (med opp mot 90%). Også CO2-utsleppa blir reduserte – sjølv om CO2-vinsten blir motverka av auka utslepp av metan.

Per i dag er det gjort vedtak om bygging av 17 gassferjer. Om lag halvparten er i drift i dag.

Gassferjer er blant anna innført på sambanda E39 Mortavika-Arsvågen og E39 Halhjem-Sandvikvåg.  Desse gassferjene har høgare hastigheit og kapasitet enn ferjene som tidlegare trafikkerte sambanda.

Alle gassferjene har kome etter at det har vore stilt eksplisitte krav til gassdrift i konkurransegrunnlaget.

Dette er i tråd både med regjeringa si målsetjing om auka bruk av naturgass og ynsket om ein meir miljøvenleg ferjeflåte.

Konferansar som denne er svært nyttige møtestader – for utvekslingar av erfaringar og kunnskap, og for framtidsretta satsing.

God konferanse! Og takk for meg!