Historisk arkiv

Innlegg på ITS-konferanse, Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit KleppasI innlegg på ITS-konferansen, Oslo, 13. april 2010.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (SP)
Innlegg på ITS-konferansen
13. april 2010

Kjære alle saman!

Først: tusen takk for invitasjonen!

Eg er svært glad for å sjå at ITS Norge – som vi støttar ovar statsbudsjettet – er i stand til å skipa til eit så flott arrangement som dette.

Forgjengaren min, Liv Signe Navarsete, var svært oppteken av ITS. Det er ei arv eg har tenkt å vidareføra! Då eg vart samferdselsminister i haust, sa eg at eg ville gjera landet tryggare, meir miljøvenleg og mindre. ITS byr på mange flotte verktøy som vil gjera dette arbeidet lettare. Desse kjenner de vel så godt som meg – men eg nemner likevel trafikantinformasjon, satelittnavigasjon, elektronisk billettering og logistikksystem. Og dette er berre nokre døme!

ITS kan bidra til å auka kapasitetsutnyttinga og effektivisera heile transportsektoren – både på veg, sjø, bane og innan luftart.

ITS er ikkje minst viktig fordi det gir gode praktiske løysingar i kvardagen for folk og næringsliv.

Som samferdselsminister møter eg ofte kravet om meir pengar. Og meir pengar er det blitt sidan denne regjeringa overtok i 2005. Men: det handlar òg om å gjera ting smartare: Auka effektivitet i logistikkjeda og reduserte avvik i alle ledd gir oss meir att for pengane. Her står ITS sentralt.

I Nasjonal transportplan lova vi å laga ein ny strategi på ITS-området. Det har vi no gjort. Denne strategien kom i førre månad og erstattar den førre strategien frå 2002.

Føremålet med strategien har vore å klargjera ansvars- og oppgåvedelinga mellom aktørane på området, i tillegg til å slå fast enkelte grunnleggjande prinsipp. Vi peikar blant anna på nokre konkrete mål og område som krev særleg merksemd.

Samstundes vil eg vera forsiktig med å leggja føringar for konkrete resultat på området. Transport- og kommunikasjonssektoren vert i aukande grad automatisert og digitalisert og det skjer ei rivande utvikling på området. Det er viktig at styresmaktene ikkje hindrar denne utviklinga med sterke statlege føringar, men derimot legg til rette for dynamikk og konkurranse.

Det har dei seinare åra vore utført mykje forsking og utgreiing knytt til ITS. Dette har resultert i ei rekkje nye løysingar som eg er sikker på vil bli viktige for transportsektoren. Eg er oppteken av at vi må satsa på – og løfta fram – gode, praktiske løysingar med positiv nytteverdi.

Eg vil oppmoda dykk alle om å lesa denne strategien, men har lyst å trekkja fram tre punkt:

1: Måla i Nasjonal transportplan står fast
Punkt 1 har eg kalla: Måla i Nasjonal transportplan står fast.

Sidan 2005 har regjeringa auka løyvingane til veg- og baneformål med nærare 50 prosent. Mykje fungerer godt, men det er mykje som gjenstår. Mitt klare mål er å fylgja opp taktskiftet i samferdselspolitikken med full kraft!

I fjor la vi fram Nasjonal transportplan for åra 2010-2019. Det er ein ambisiøs plan! Den inneber at det skal brukast 322 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Vi skal bruka meir pengar – og vi skal bruka dei meir effektivt.

Dei overordna måla i Nasjonal transportplan er
a) Eit effektivt transportsystem som sikrar god utvikling i heile landet
b) Eit sikkert trafikksystem
c) Eit miljøvenleg transportsystem
d) og eit transportsystem tilpassa alle

ITS-strategien rokkar ikkje ved desse hovudmåla. Tvert om syner alle utrekningar at ITS kan gje store vinstar og gjera det langt lettare å nå desse måla.

Samstundes er det lett å forelska seg i verkemidla. Det er viktig å hugsa at ITS-løysingar i seg sjølv er ikkje eit mål. ITS-løysingar er hjelpemiddel til å nå andre mål.

2: Ta i bruk dagens løysingar!
Punkt to: eg er oppteken av at vi må ta i bruk dei løysingane som allereie er finst. Det er alltid naudsynt å forska før vi går inn for nye løysingar og vi vil vel alle gjerne vera mest mogleg sikre før vi treff eit val.

Samstundes må vi av og til rett og slett tore å leggja på sym. 60 % av noko er svært mykje meir enn 100 pst av ingenting!

Dei same erfaringane har andre gjort seg også. I EU har dei no lansert ein handlingsplan som har som mål at ein i større grad må ta i bruk det som er utvikla. Kommisjonen har brukt store midlar til ulike ITS-prosjekt, men tykkjer kanskje dei har fått litt lite att. Det er framleis eit lappeteppe av ulike ordningar og reglar – og lite integrasjon mellom ulike system. Då blir det ofte lokale og avgrensa løysingar.

Handlingsplanen skal gjera det lettare for EU å bruka ITS til å finna gode praktiske løysingar og nå dei transportpolitiske måla. Slik tenkjer eg også, på vegne av Noreg.

Det er jo først når vi får kommersialisert løysingane at det blir mogleg å ta ut det fulle potensialet. Eg veit at norske bedrifter leverer teknologi på høgt nivå på mange viktige område, som bompengeteknologi, overvaking og styring av sjøtrafikk, lufttrafikk med meir. Dette er gode løysingar som truleg vil vera konkurransedyktige i ein internasjonal marknad – vel å merka dersom vi set i gang produksjonen av dei! Då må norske – og utanlandske bedrifter konkurrera.

Av konkurranse blir det gode løysingar. Det er ikkje alltid sikkert at dei beste løysingane for Noreg finst her i Noreg. Men det er sanneleg ikkje sikkert at dei beste løysingane for Amerika eller Australia blir utvikla i Amerika eller Australia heller. Dei løysingane kan like gjerne utviklast og lagast i Noreg!

Med andre ord: de må våga vera litt djerve. Ta ITS-løysingane i bruk, prøv dei ut! Då gir de eit viktig bidrag til å oppfylle politiske mål på transportområdet – samstundes som de opnar opp ein marknad for norske bedrifter.

3: Personvern er viktig
Vi veit at det sjeldan berre er vinstar knytt til eit tiltak eller ein ny måte å gjera ting på. ITS vil ofte krevja at ting må gjerast på ein annan måte. Det får konsekvensar for arbeidssituasjonen til mange menneske.

I tillegg vil effektiv bruk av ITS krevja innsamling og systematisering av data som svært mange ikkje er komfortable med. Då lyt vi tenkja personvern! Eg vil ha eit vake blikk på dei utfordringane det nye informasjonssamfunnet stiller oss overfor på område som personvern, IT-tryggleik, risiko og tilgjengelegheit til informasjon.

Eg ynskjer at også de som lagar og tek i bruk ulike løysingar tenkjer nøye gjennom konsekvensane. Sjølv om dette tek litt ekstra tid, og kan gjera endringar naudsynt, er det verdt det – i tillegg til at personvern er eit politisk krav og ikkje noko vi kan velja bort!

ITS-løysingar åleine vil aldri kunne oppfylle måla om betre framkome og lågare avstandskostnader. Framleis vil god infrastruktur og menneskelege ressursar vera dei aller viktigaste elementa i eit effektivt transportsystem.

Men ITS kan vere eit viktig supplement som set oss i stand til å utnytta infrastrukturen og transportsystema best mogleg. ITS representerer framtida. Det skjer ei rivande utvikling på feltet.

Eg trur at – og då tek eg etter ein berømt statsmann (Winston Churchill) – at når det gjeld utviklinga av ITS har vi enno ikkje sett slutten. Vi har ikkje eingong sett starten på slutten. Men vi har kanskje sett slutten på starten!

Takk for meg, lukke til vidare med konferansen – og med satsinga dykkar!