Historisk arkiv

Innlegg på Kollektivt krafttak 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

5. november 2010

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på Kollektivt krafttak, 5. november 2010.

Godt folk!
Tusen takk for invitasjonen til å koma hit!

Transportbruken aukar, både privat og kollektivt.
Kvar dag brukar tusenvis av menneske kollektivtransporten.
For mange er bussen, tog, trikk eller bane einaste måten å koma seg til og frå jobb, til skule og til fritidsaktivitetar.

2009 var året då 300-milionarsgrensa blei broten for talet på busspassasjerar.
Det er 10 millionar meir enn året før! Auken var størst i byområda.
Denne utviklinga må halda fram!

Kvifor er kollektivtrafikk så viktig?
Kollektivtrafikk er viktig fordi det både handlar om å få ned klimautslepp og lokale utslepp.

Fordi det handlar om å gjera kvardagen enklare for folk.
Fordi det handlar om betre framkome!
Og faktisk har vi ikkje noko val.

I Oslo t.d., med den folketalsutviklinga som er stipulert – ja sjølv om den med god Senterpartipolitikk blir noko mindre – vil det ikkje vera nok areal til eit effektivt vegsystem basert på auka bilbruk.

Vi kan ikkje byggja oss inn i framtida.
Det er kollektiv som er løysinga i byen.

Difor er det gledeleg å at sjå fleire av dei største byane er i ferd med å lukkast.

Kollektivtransportstrategi
Regjeringa styrkar tilrettelegginga for kollektivtransport – hovudsakleg gjennom Nasjonal transportplan.
 
Vi ynskjer eit meir tilgjengeleg kollektivtilbod med fleire avgangar, kortare reisetid og auka punktlegheit/regularitet.

Fylkeskommunane skal framleis ha hovudansvaret for å utvikla det meste av kollektivtilbodet og vil difor spela ei avgjerande rolle i dette arbeidet.

Regjeringa har satsa på kollektivtransport.
- Vi har auka overføringane til fylkeskommunane kraftig.
- Vi har løfta jernbaneinvesteringane, som staten har hovudansvaret for.
- Vi har auka satsinga for å leggja til rette for bussar og trikkar.
- Det blir satsa langt meir på sykkeltiltak
- Og vi har dobla belønningsordninga til dei største byområda. Denne satsinga har vi varsla ytterlegare forsterkning av dei komande åra.

I Nasjonal transportplan 2010-2019 finst ein eigen kollektivtransportstrategi:

-Sterkare fokus på arealplanlegging.
- Auka satsing på fornying og vedlikehald av jernbanen.
- Auka setekapasitet og betre tilbod i lokaltogtrafikken.
- Betre ordningar for reisegarantiar.

- Køprising og parkeringsrestriksjonar.
- Opptrapping av Belønningsordninga.
- Satsing på knutepunkt, kollektivfelt, signalprioritering, teknologi for sanntids-/styringssystem, trafikkregulering og haldeplasstiltak.
- Det vil det bli bygd kring 80 km kollektivfelt på riksvegnettet.

Og 1 500-2 000 haldeplassar og nærare 100 knutepunkt vil bli utbetra

- Vi vil fastsetja framkomemål for kollektivtransport i byområda
- Vi vil satsa på ITS for for betre å kunna styra trafikken og informera trafikantene
- Vi vil etablera ein nasjonal reiseplanleggar
- Vi vil i samarbeid med fylkeskommunene bidra til eit landsdekkande system for elektronisk billettering.
- Vi vil auka kollektivandelen på tilbringartenesta til lufthamner i dei store byområda.

Når det gjeld kollektivfelt: Her er det utruleg viktig at lokale styresmakter og Statens vegvesen aktivt samarbeider om planlegging.

Det har i det siste vore mykje merksemd kring ein kilometer kollektivfelt i neste års budsjett. Og ja, ein kilometer er for dårleg … Eg trur også at 80 i perioden er for lite – med det ”trøkket som er byområda, trur eg fleire felt bygde for bil vert omgjorde til kollektivfelt.

Men det store biletet er altså at det over SDs budsjett (for 2011) blir satsa i milliardklassen på kollektivtransport, i alt nær 12,1 milliardar!

I tilegg kjem milliardbeløp i statlege midlar over KRDs budsjett. Dette er midlar som fylkeskommunane kan nytta til lokal kollektivtransport.

I 2009 var fylkeskommunane sine utgifter til lokal kollektivtransport på vel 8 milliardar kroner. Det blir satsa på kollektivtransport – mykje bra er på gang!
 
Politisk tilrettelegging
Ein føresetnad for å lukkast med kollektivtransportsatsinga er at det finst nok flinke folk i næringa. Difor må vi som styresmakter gjera det vi kan for å leggja til rette for at flest mogleg skal ynskja å arbeida bl.a som bussjåførar.

I fjor endra vi yrkestransportlova for å hindra sosial dumping.
No har tilsette same vern når bedrifter får tildelt kontrakt gjennom anbod som ved overdraging av verksemd.

Bedriftene må dessutan forplikta seg til å ikkje gje dei tilsette dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn det som følgjer av tariffavtale eller er vanleg i bransjen.

Omtrent samstundes heva vi aldersgrensa for å kunna arbeida som buss- og drosjesjåfør frå 70 til 75 år. Så er det opp til bransjen å leggja forholda til rette slik at flest mogleg ynskjer å halda fram etter fylte 70 år.

TBL har komme med innspel om å senka aldersgrensa for bussjåførar frå 21 til 18 år, slik det er i Sverige og Finland.

Ei slik senking kan gjera det enklare å få tak i nye bussjåførar. Samstundes er det viktig at vi på ein god måte ivaretek trafikktryggleiken.

Eg har bede Vegdirektoratet om å sjå på saka, og har nylig motteke innspel derfrå. Vi håpar å få avklart saka i løpet av hausten.

Belønningsordninga
Belønningsordninga skal stimulera byområda til å føra ein heilheitleg transport og areal politikk som fremjar kollektivtransport på kostnad av bilbruk.

Frå 2009 til 2010 dobla vi Belønningsordninga.
I NTP er det lagt opp til ein ytterlegare dobling i løpet av første fireårsperiode.
I budsjettet for 2011 er det føreslått ein auke på nær 30 %.  Det betyr 431 millionar til fordeling.

Vi hevar innsatsen for å få enda fleire over frå personbil til kollektive løysingar. Akkurat som i 2010 ønskjer vi å auka delen midlar til fireårige avtaler framfor midlar til eittårige avtaler.

Fireårige avtalar legg til rette for ei meir langsiktig planlegging, slik at ein kan få sett inn tiltak som gir større effekt

Andre tiltak i budsjettet
Om lag 42 millionar kroner går til tiltak i fylkeskommunar og kommunar som skal gjera kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle.

I tillegg er 125 millionar kroner frå statlege vegløyvingar føreslått til kollektivtrafikktiltak og tiltak for universell utforming. Dette er ein auke på over 90 prosent frå 2010. 

Omlag 20 millionar kroner går til ”Kollektivtransport i distrikta”(KID) – som skal bidra til betre kollektivtilbod i distrikta.

Om lag 15 millionar kroner går til forsøksordninga for samordning av bestillingstransport og tilrettelagd transport (TT-tenesta).

Inntil 5 millionar kronar, det same som i 2010, går til arbeidet med å etablera ei nasjonal eining for administrasjon av elektroniske billettsystem og ein reiseplanleggjar.

Den største løyvinga på kollektivtransportområdet er likevel – sjølvsagt – den til jernbanen.  Frå regjeringa tok over i 2005 har vi gitt  landet eit skikkeleg jernbaneløft. Det løftet held fram også i 2011-budsjettet

Regjeringa har føreslått 11,5 milliardar kroner til jernbaneformål i 2011. Dette er ein auke på 13,4 prosent frå saldert budsjett 2010. Eg ser det som heilt avgjerande å få togtrafikken meir påliteleg og auka driftsstabiliteten. 4,9 milliardar kroner er føreslått til drift og vedlikehald.

Køprising
Både eg og forgjengaren min har teke til orde for bruk av køprising i byområda. Køprising set ein pris på ressursar som i utgangspunktet ikkje har nokon pris, men likevel høg verdi – f.eks tid og rein luft.

Erfaringar frå Stockholm og London viser at køprising gir mindre trafikk og overgang til andre transportmiddel enn personbil.

Med mindre trafikk blir det sleppt ut mindre klimagassar. Det blir mindre støy og lokal forureining. Og framkoma blir betre – til glede for alle trafikantar. Det gir lågare kostnader både for næringslivet, kollektivtransporten og dei bilistane som framleis må bruka bil – fordi ein sparar tid.

Køprising gir og inntekter, som kan brukast til å betra forholda for alle trafikantgrupper.

Vi arbeider no med å få på plass ei ny forskrift i vegtrafikklova som legg til rette for
køprising.

Lokaldebatten t.d frå Stavanger og Bergen har vist at folk trur staten tek halvparten av inntektene frå køprising. Det er feil!

Vegmidlar til kollektivtiltak
I kommunar og fylkeskommunar med store transportutfordringar tok regjeringa  eit viktig grep, med lova som tredde i kraft 1. april i fjor og som opnar for at bompengar også kan brukast til driftstiltak for kollektivtrafikk i dei største byområda.

I 2009 brukte vi 2,5 milliardar kroner på kollektivtransport finansiert av ”vegmidlar”, nesten tre gonger meir enn i 2008. Bygginga av ”Bybanen” i Bergen og opprustinga av Kolsåsbanen i Oslo og Akershus er dei største prosjekta. Midlane skal elles brukast til blant anna å få større fart og flyt i trafikken i ulike byområde. 

Vi har gode erfaringar med bypakkar der veg og kollektiv  blir sett i samanheng, med spleiselag mellom brukar og offentleg betaling. Dette trur eg vi vil få meir av framover.

Overføringa til fylka
Frå 1. januar i år har fylkeskommunane eit større ansvar for vegnett og ferje enn tidlegare. Dette gir positive effektar for regional utvikling. Fylkeskommunane hadde frå før ansvaret for lokal kollektivtransport.

No får ein betre moglegheit for å vurdera ulike transportformer – inkludert kollektivtransport – opp mot kvarandre og skapa heilskaplege transportløysingar.

Avslutning
Korleis ser så framtida ut?
Eg trur vi i framtida vil sjå ein framleis sterk rolle for fylkeskommunane – der dei må tenkja heilskapleg og prioritera.

Merksemda kring og behovet for gode kollektivløysingar vil bli stadig sterkare – ikkje minst på grunn av klimaendringane og dei raskt veksande byane.

Vi vil framleis auka overføringane til kommunar og fylke jamt og trutt  – slik at dei kan gje eit stadig betre tilbod.

Med vår politikk vil det bli ei ny tid for jernbanen – og dermed snart eit heilt anna tilbod.

Eg trur det dessutan vil bli fleire bypakkar og meir bruk av bompengar til å byggja ut kollektivtilbodet.

Takk for meg og lukke til med konferansen!