Historisk arkiv

Innlegg på konferanse i regi av Rådgivende ingeniørers forening

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på konferanse i regi av Rådgivende ingeniørers forening i Oslo, 10. november 2010.

Kjære alle saman!

Takk for invitasjon!

Sidan 2005 har regjeringa auka løyvingane til veg og jernbane med nærare 50 prosent.

Den første NTP-en dette tiåret var smålåten. Den vart heller ikkje oppfylt.

Deretter oppfylte vi – som første regjering nokon gong – NTP i perioden 2005-2009. Ikkje nok med det – vi overoppfylte den!

I fjor la vi fram ein ambisiøs transportplan for dei neste ti åra.

Det skal brukast 322 milliardar kroner til samferdsel. Det er 100 mrd meir enn førre plan. Mange nye prosjekt skal setjast i gang.

Budsjett 2011
Statsbudsjettet har på ulike måtar mykje å seia for folk sin kvardag – og for konkurranseevna til næringslivet.

Satsinga på veg og bane er på eit historisk høgt nivå.

Forslaget for 2011 er på 29,4 milliardar kroner, ein vekst på 10,6 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2010.

Med dette har løyvingane til veg auka med 44 % sidan regjeringa overtok i 2005. For Jernbaneverket er veksten på heile 67 %.

Drift og vedlikehald
I 2011 blir det eit historisk løft for drift og vedlikehald på vegnettet. Vi har blant anna føreslått 1,55 milliardar kroner til vedlikehald, ein auke på heile 60 prosent!
Det gjer at veksten i etterslepet i vedlikehaldet – basert på dagens utrekningsmodellar – blir stansa. Eit konkret resultat: i 2011 kan det leggjast om lag 1000 kilometer nytt vegdekke med asfalt. 

Det mest avgjerande er at vi stoppar forfallet både på veg og bane.

Internasjonalt transportforum har samanlikna pengebruken i ei rekkje europeiske land.

Konklusjonen deira er klar:
Noreg er det landet i Norden som brukar mest til utbygging og vedlikehald av veg.

Ser vi på utgifter per innbyggjar er biletet endå tydelegare.
Noreg er på topp – med klar margin til Sverige!

Skilnaden er at vi byggjer i heile landet, og at vi kom seinare i gang.

Investeringar
Regjeringa ynskjer oppstart av ei rekkje store prosjekt med kostnadsoverslag på meir enn 100 millionar kroner i 2011 (Vise prosjekta på plansje).

Dessutan følgjer vi opp målet vårt om ein milliard i året til rassikring.

Det gjer at kvardagen for mange som køyrer næringstransport blir langt meir føreseieleg! Og med det går transportkostnadene ned! 

Rekordløyving til jernbanen
Eg har allereie nemnt at vi gir jernbaneløyvingane eit skikkeleg løft. Med dette går regjeringa faktisk lengre enn det som er lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2010-2019.

Dette vil bli fylgt opp også seinare år. Men vi skaper ikkje ein renessanse for jernbanen berre ved å løyve meir pengar.

Vi må også våga å stille dei spørsmåla som ofte er vanskelege, men naudsynte. Gjer vi dette på rett måte?

Eg er svært nøgd med at JBV og SVV sparer 400 millionar ved å sjå planlegginga langs Mjøsa i samanheng. Truleg er her vinstar å henta også andre stader.

I Stortinget har somme teke til orde for at vi må sjå nærare på korleis etatane er organisert og arbeider.  Det gjer vi.

Samanslåing av JBV og SVV – slik enkelte har føreslått – er ikkje vegen å gå.

Arbeidet med ny Nasjonal transportplan
Arbeidet med ny Nasjonal transportplan 2010-2019 er godt i gang. Etatane held no på med utgreiingsarbeid som skal danna grunnlaget for ”Retningsline 2”

Her er det viktig at etatane prioriterer godt innanfor rammene som er sett.

Og godtfolk, eg kan lova dykk at eg kjenner trøkket landet over, for å få på plass endå fleire prosjekt!

Vi skal i forkant av rulleringa i 2013 ha ei drøfting om korleis vi kan få mest mogleg veg og bane for pengane


Fire stikkord:
Pris: Blir eit prosjekt billegare ved å la private stå for planlegging, bygging og finansiering?

Plan: Kan vi redusera planleggingstida, og ressursane, ved å overlata ein større del av planlegginga til entreprenør?

Produkt: Får vi eit betre produkt ved å la entreprenør planleggja, prosjektera, byggja og vedlikehalda?

Press: Uansett privat eller offentleg finansiering: korleis få til eit fleksibelt system som både tek omsyn til situasjonen i anleggsmarknaden, og den økonomiske situasjonen i landet på kort og lang sikt?

Eg har invitert til ei brei drøfting både om prosjekt og finansiering av dei. Den diskusjonen er godt i gang og kjem til å gå for fullt framover.

Ulike økonomiske miljø og organisasjonar har no moglegheit til å koma med sine råd om korleis vi kan få endå meir veg og bane, utan at vi samstundes skapar press i økonomien.

Vi prøver allereie ut nye måtar å finansiera utbygginga av veg og bane på, i tillegg til dei 3 prøveprosjekta vi har med OPS i vegsektoren.

To vegprosjekt og ei jernbanestrekning har eigne postar på statsbudsjettet: E6 vest for Alta, E16 over Filefjell og nytt dobbelspor mellom Oslo og Ski.

Arbeidet med kontraktstrategiar er særs viktig.
Ein del av E6 på Helgeland skal planleggast og gjennomførast på ein måte der utbygginga og vedlikehaldet dei første 15 åra blir sett i samanheng.

Erfaringar frå dette vil sjølvsagt og vera med og danna grunnlaget for korleis vi går vidare.

Forvaltningsreforma
Frå 1. januar i år blei forvaltningsreforma sett i kraft.

Føremålet med reforma er å leggja til rette for ei meir heilskapleg utvikling av transportsektoren – og på sikt eit betre vegnett.

Reforma gjer at staten kan fokusera på dei vegane – med tilhøyrande ferjesamband – som bind landet saman, medan fylkeskommunane får ansvar for det regionale vegenettet.

Overføringa har gitt fylkeskommunane betre moglegheit for å sjå ulike verkemiddel som vegnettet og kollektivtransportsystemet i samanheng.

Det har blitt lettare å gjera heilskaplege vurderingar.
Reforma har styrka det regionale nivået og flytta oppgåvene nærare folk.

Det betyr at fylkeskommunane no har fått ansvar for – og fridom til – å prioritera og vega ulike oppgåver opp mot kvarandre.

Dette er ein viktig del av det lokale sjølvstyret og av tankegangen bak forvaltningsreforma. Vi som rikspolitikarar kan ikkje berre gripa inn om det er noko vi er usamde i.

Det er viktig å ha tillit til at ein regionalt klarar å styra dette på ein god måte. Det har eg!

Som eg sa innleiingsvis:

Det handlar om å redusera avstandsulempene for næringslivet.
Det handlar om å gjera kvardagen enklare for folk.
Det handlar om å gjera transporten tryggare, meir inkluderande og miljøvenleg.

Takk for meg!