Historisk arkiv

Innlegg på Luftfartskonferansen 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

3. februar 2010, Kulturhuset i Bodø

Tale av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, halden på Luftfartskonferansen i Bodø, 3. februar 2010.

Gode forsamling!

Og til dykk i Luftfartstilsynet: Gratulerer med 10-årsjubileet!

Dette er mitt første besøk til Bodø og Luftfartstilsynet som samferdselsminister. Det er flott å få vera med på feiringa av Luftfartstilsynet sitt første jubileum! Takk for sist til leiinga i tilsynet. Vi har alt hatt vårt første styringsmøte i departementet.

I år er det altså ti år sidan Luftfartstilsynet vart skilt ut frå Luftfartsverket. Behovet for å klargjera skiljet mellom dei som kontrollerer og dei som vert kontrollert – mellom dei som gir reglane og dei reglane er retta mot – var då blitt så tydeleg at ei deling var ynkjeleg. Målet var ein klarare rolledeling og meir profesjonalitet. Serviceytar skulle skiljast frå tilsyn, slik at både eit luftfartstilsyn og Luftfartsverket kunne opptre med større integritet og habilitet.  Sidan vart denne utviklinga sluttførd ved at det som var att av Luftfartsverket vart omdanna til aksjeselskapet Avinor AS. Noreg var nokså tidleg ute med å føreta dette grepet. Fleire har etter kvart gjort det same.

Rolla til Luftfartstilsynet i dag
Kvart land skal ha ein såkalla ”competent authority”. I Noreg er det Luftfartstilsynet. ”Competent” peikar på at Luftfartstilsynet skal vera nasjonalt tyngdepunkt i flyfaglege spørsmål. Hovudoppgåva er å bidra til auka tryggleik i luftfarten. LT fører tilsyn, fattar vedtak om å gi tillatingar og pålegg i første instans. Tilsynet lagar også forskrifter og rettleier også næringa om forståinga av regelverket. Det arbeider mange flyfagleg dyktige menneske i Luftfartstilsynet. Einskilde menneske som luftfarten er heilt avhengige av.


Ordet ”authority” peikar på at Luftfartstilsynet har mynde overfor både føretak og enkeltpersonar. I ein rettsstat som vår inneber det at det må vera mogleg å få overprøvd vedtaka til Luftfartstilsynet. Luftfartstilsynet er del av eit forvaltningshierarki der departementet har instruksjonsrett, på same måte som innan andre samfunnssektorar. Departementet skal likevel vera tilbakehaldne med å bruka instruksjonsretten i reint flyfaglege spørsmål.

Då Luftfartstilsynet vart flytta til Bodø, kom spørsmålet om tilsynet skulle gjerast meir uavhengig av departementet. Stortinget konkluderte under handsaminga av ”tilsynsmeldinga” med at det ikkje var aktuelt at Luftfartstilsynet og andre tilsyn skulle gjerast rettsleg meir uavhengig av departementet. Det drog opp retningslinene for det tilhøvet som i dag er mellom departementet og tilsynet.

Senterpartiet støtta etableringa i Bodø. Det handlar om å ta heile landet i bruk. Det er viktig med kompetansearbeidsplassar også utanfor Oslo. Luftfarten er viktig for landet. Det skuldast ikkje minst den geografiske plasseringa vår. Dessutan har vi spreidd busetnad, lange avstandar, eit tøft klima og ein vanskeleg topografi. Alt dette er med på å gjera flytransport endå meir viktig for Noreg enn for dei fleste andre europeiske land. Nordmenn flyr meir innanlands enn dei aller fleste andre folkeslag. Vi har fleire lufthamner per hovud enn noko anna europeisk land. I nokre område er luftfarten nesten for lokal kollektivtransport å rekna. Noreg er også på toppen av statistikkane når det gjeld flytransport av gods og post.

Dei regionale lufthamnene  og kortbanenettet spelar ei sentral rolle i arbeidet med å oppretthalda busetnad og næringsliv i distrikta. Luftfarten bidrar også til arbeidsplassar i regionane og gir moglegheit til langdistansependling. Det siste veit eg forresten nokså mykje om – etter mange år på reisefot mellom Rogaland og Oslo. Luftfartstilsynet er svært viktig for å få alt dette til å fungera. Eg set stor pris på den store og viktige jobben de gjer!

Utfordringar framover
De skal snart få eit nytt bygg. Det blir stas! Det er viktig for etaten, for dei tilsette og for arbeidsmiljøet at ein har ein god stad å vera.

Det er viktig at Luftfartstilsynet er bevisst på kostnadene framover og driv mest mogleg effektivt slik at kostnadene for aktørane blir haldne nede. Regjeringa legg til grunn at vi skal nærma oss handlingsregelen igjen. Dei statlege kostnadene i stort skal ned.

Det er òg viktig å hugsa at parallelt med dei grepa vi har teke nasjonalt, har mykje skjedd internasjonalt. Anten ein likar det eller ei, har EU fått overdrege mykje myndigheit. Ein stor del av makta i europeisk luftfart er samla i Brussel og Köln. Det kjem stadig nye reglar innan security-, tryggleik-, passasjerrettar og miljø. Det er viktig for meg å sikra at særnorske behov blir ivaretekne ved utforminga av reglane og når dei skal gjennomførast i Noreg. Desse reglane må i stor grad forvaltast av Luftfartstilsynet. Det krev ein ny type kompetanse. Det er ingen tvil om at det har vore og at det er ei stor oppgåve for tilsynet å setja seg inn i den strie straumen av nye reglar. Det er vanskeleg, men de gjer jobben.

Luftfartstilsynet har aldri heitt Luftfartstryggleikstilsynet. I 2000 var Luftfartstilsynet likevel eit slikt tilsyn. No har tilsynet - i tillegg til det som på fagspråket blir kalla security og safety – også fått ansvar for passasjerrettar, miljø og økonomisk tilsyn. Det blir fokusert på kostnader og effektivitet. De fortener også honnør for at de stadig tilpassar dykk skiftande tider og skiftande krav.

Det blir arbeidd mykje både internasjonalt og nasjonalt med å effektivisera bruken av luftrommet, og eg  tenkjer då særleg på den såkalla Single Sky II-pakka. Luftfartstilsynet vil saman med Avinor og departementet ha ein viktig rolle i dette arbeidet. Ei spennande og utfordrande oppgåve!

Nyleg opplevde vi ei tragisk helikopterulukke der fire menneske mista livet. Eg og mange andre med meg sender mange varme tankar til dei etterletne. Dei siste åra har det vore fleire slike ulukker. Lat meg nemna at eg er svært glad for at det er oppretta eit flysikkerheitsforum for operatørar av innanlandshelikopter. Denne blir leia av Geir Hamre her i tilsynet. Forumet skal arbeida aktivt for ei vesentleg forbetring av flytryggleiken med helikopter, og for å få ned talet på luftfartsulukker. Det er positivt!

Eg ser at de seinare i konferansen skal innom lufthamnstrukturen. Eg vil minna om at regjeringa i regjeringserklæringa frå i haust, Soria Moria II, har understreka at dagens lufthamnstruktur ligg fast – med mindre det er eit uttalt ønske om noko anna lokalt. Ordninga med kryssubsidiering skal vidareførast. Det er eit klart mål at flyselskapa skal ha rammevilkår som sikrar at mesteparten av flyrutetilbodet innanlands kan førast vidare utan tilskot frå staten. Samstundes vil vi vidareføra ordninga med kjøp av ulønsame flyruter for å sikra eit godt flyrutetilbod i heile landet. Det er dessutan viktig at utviklinga av flyplassar utanfor Avinor-systemet ikkje svekkar moglegheita til å oppretthalda eit desentralisert flyplasstilbod over heile landet.

For at Noreg skal fungera, må flya gå, og tryggleiken må vera på toppen. Her gjer Luftfartstilsynet eit utruleg viktig arbeid. Eg ser fram til å samarbeida med dykk dei komande åra.

Takk for meg – og igjen: gratulerer med jubileet!