Historisk arkiv

Innlegg på NHOs generalforsamling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på NHOs generalforsamling, Oslo, 8. juni 2010.

Godtfolk!

Takk for invitasjonen!

Eg er glad for at de set samferdsel på dagsorden!

Sidan eg blei samferdselsminister har eg hatt gleda av å vera med på fleire veg og jernbaneopningar. Kvar gong ein tunnel eller ei bru eller eit nytt dobbeltspor kjem på plass, blir landet litt betre for folk og næringsliv.

Arbeidet med å byggja landet må halda fram – og vi må byggja det saman! Vi må også snu alle steinar for å finna ut korleis vi kan få mest mogleg veg, jernbane og rassikring att for pengane våre.

I blant kan det høyrast ut som det knapt blir satsa på samferdsel i dette landet. Det er ikkje sant!

Sidan regjeringsskiftet i 2005 har vi auka løyvingsnivået til veg- og baneformål med 9 milliardar kroner – heile 45 prosent – samanlikna med Bondevik-regjeringa sitt forslag til budsjett for 2006.

I Nasjonal transportplan 2010-2019 er det planar om den største samferdselssatsinga i manns minne – den er no godt i gang! 322 milliardar skal brukst på veg og bane, hamner og farleier!

Samstundes med iverksetjing av dagens plan, er vi i full gang med ei rullering. Ny nasjonal transportplan skal leggjast fram våren 2013, og eg kan lova dykk at eg kjenner trøkket – landet rundt – for å sikra endå fleire prosjekt inn i NTP.

Dagens finansieringsform er ryddig. På vegsida består finansieringa av offentlege midlar kombinert med bompengar. Jernbaneprosjekta er i sin heilskap statleg finansierte. Denne modellen ligg fast dei næraste åra.

Samstundes signaliserte regjeringa allereie i NTP 2010-2019 at vi vil sjå på kva moglegheiter som finst på finansieringssida.

Finansiering over statsbudsjettet gir nokre avgrensingar. Mitt langsiktige mål er å få på plass så mange prosjekt som råd. Eg er open for å vurdera modellar som gjer at ein kan byggja landet billigare, raskare og smartare – utan at det skapar press i økonomien.

I samband med rulleringa av NTP vil eg invitera til brei drøfting både om prosjekt og finansiering av dei. Eg vil blant anna  at LO, NHO og ulike økonomiske miljø og organisasjonar skal koma med sine råd. Ingen skal få dovna bort, korkje hjå oss eller blant dykk! Vi har alle eit ansvar for å tenkja nytt og dristig.

Det er samstundes viktig å vera klar over at alternativ finansiering ikkje er noko sesam-sesam i seg sjølv.

Det er gjennomført tre såkalla OPS-prosjekt i vegsektoren Noreg. Evalueringa av dei viser at prosjekta korkje har blitt billigare eller dyrare enn dei ville blitt om dei blei bygde på vanleg måte. Desse tre OPS-prosjekta belastar årets statsbudsjett med nærare 450 millionar kroner.  Hadde vi bygd på tradisjonelt vis, ville vi no vore ferdige med desse prosjekta i statsbudsjetta.

Prosjekta har derimot blitt ferdige raskare enn dei elles ville blitt. Å kunne ta i bruk tryggare og meir effektiv veg har ein klar verdi i seg sjølv. Det kan vi oppnå på fleire måtar.

Betre og meir differensierte kontraktstrategiar er viktig. I NTP har vi gått inn for å utvikla kontraktformer der ein over lengre strekningar ser investeringar, vedlikehald og drift meir i samanheng.

Det finst likevel diverre ikkje ein type kontraktform eller ein kontraktstorleik som er løysinga i eit kvart tilfelle. Kva som er best varierer alt etter kva som skal gjerast og korleis tilhøva i anleggsmarknaden er. Statens vegvesen og Jernbaneverket arbeidar kontinuerleg med å lage betre kontraktstrategiar.

Regjeringa ynskjer no meir kunnskap om kva alternative finansieringsformer som finst internasjonalt og korleis desse kan gje meir effektiv utbygging av infrastruktur. I det vidare arbeidet vil vi også dra inn den eksterne kompetansen som finst.

Frå regjeringa si side gjer vi to ting nett no: For det første vil vi at det skal forskast meir på dette området. Alternative finansieringsformer er eit av fire utlyste tema i Programmet for overordna transportforsking (POT) for 2010-2011. Søknadsfristen gjekk ut i går. Kunnskapen frå forskingsprosjektet vil inngå som ein del av arbeidet med ny NTP.

Ein del av forskingsoppdraget går ut på å vurdera dei ulike finansieringsmodellane som finst internasjonalt – med tanke på bruk i norsk transportpolitikk.

For det andre: I august inviterer eg til Transport- og logistikkforum – med nettopp alternativ finansiering som tema. Eg ynskjer då å utfordra dykk i NHO på kva de kan bidra med når det gjeld prosjektfinansiering.

Det er ingen tvil om at dette er eit kontroversielt og vanskeleg tema. Stadig utvikling er likevel naudsynt. Vi må vera opne og nysgjerrige! Eg ser fram til dialog med dykk kring dette både i dag og i tida som kjem – ikkje minst på Transport- og logistikkforum i august!

Takk for meg!