Historisk arkiv

Innlegg på Østfoldkonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

29. januar 2010

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på Østfolkdkonferansen, Sarpsborg.

Takk for invitasjonen! Eg er glad for denne moglegheita til å kome til Østfold og møta dykk.

Då eg vart samferdselsminister i haust, sa eg at eg ville gjera landet mindre, tryggare og meir miljøvenleg. Mindre? sa folk. Ja, det er jo nettopp det vi arbeider med. Dess kortare avstandane blir og dess betre landet er knytt saman, dess enklare blir kvardagen for folk.

Eg har dei siste månadane hatt gleda av å vera med på fleire veg og jernbaneopningar (Steinkjer, Jølster, Finnfast, Farsund, Paradis, Nydalen). Og kvar gong ein tunnel eller ei bru eller eit nytt dobbeltspor kjem på plass, blir landet litt mindre – og litt betre for folk å bu i.  

NTP 2010-2019

Sidan 2005 har regjeringa auka løyvingane til veg- og baneformål med nærare 50 prosent. Mykje fungerer godt, men det er mykje som gjenstår. Det er ein ambisiøs transportplan regjeringa har lagt fram. Mitt klare mål er å fylgja opp dette taktskifte i samferdselspolitikken med full kraft!

Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP)  inneber  322 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Vi tek eit stort løft for veg og jernbane, vi legg opp til ein stor innsats for å få ned talet på drepne og skadde, vi skal sikra universell utforming og vi vrir transportpolitikken i grøn retning for å få ned klimagassutsleppa. Vi skal bruka meir pengar – og vi skal bruka dei meir effektivt. Det er viktig å gjera dei rette tinga på rett stad til rett tid.

I dei mest folkerike områda skal vi byggja jernbane og bidra til omlegging av personstransport frå personbil til kollektive transportmidlar, sykkel og gange. I distrikts-Noreg er vegen og ferja ofte einaste alternativet.

Næringstransport

Lange avstander innanlands og til marknadane gjer at næringslivet i Noreg har høge transport- og logistikkostnader samanlikna med andre land. Eg vil gjera mitt for å utjamna desse kostnadsskilnadene.

Vi byggjer motorvegar som hindrar kø. Vi sikrar gode hamner og eit flyplassnett som dekkjer heile landet. Dette er viktige bidrag for å skapa vekst og arbeidsplassar for framtida. Mest mogleg godstransport skal flyttast frå vegen og over på sjø og bane. Samstundes veit vi at vegtransport i svært mange tilfelle alltid vil vera hovudtransportforma. Difor legg vi stor vekt på å fjerna eller avgrensa flaskehalsar. Slike flaskehalsar kan vera alt frå som vinterstengte fjellovergangar, ventetider på ferjer i sommarsesonger, ras og ulukker. Å stimulera til betre framkome gjennom betre kollektivtilbod er også ein måte å fjerna flaskehalsar på.

Tiltaka vi har føreslått for dei neste ti åra vil redusera reisetidene på viktige ruter på riksvegnettet med rundt 30-35 minutt. Dette gjeld blant anna E6 nordover til Trondheim. Reisetidsbesparingane vil betra konkurransekrafta til næringslivet. Berre dei neste fire åra vil innsatsen redusera transportkostnadene for næringslivet med om lag 25 milliardar kroner.

Arbeidet med komande NTP

Før eg går vidare inn på dei enkelte veg- og baneprosjekta, vil eg understreka at arbeidet med NTP føregår kontinuerleg. No blir det arbeidd med retningsliner for transportetatane og Avinor sitt arbeid med neste NTP. Desse retningslinene vil bli sendt ut i februar og innleier ein 3-delt planprosess. Vi går no inn i utgreiingsfasen, som vil gå over eitt år. Deretter kjem planfasen, som skal føregå frå mars 2011 og i eitt års tid. Både arbeidet i utgreiingsfasen og planfasen blir i hovudsak gjennomført av transportetatane og Avinor, etter retningsliner gitt frå Samferdselsdepartementet og Fiskeri- og Kystdepartementet. Til slutt kjem den såkalla meldingsfasen, der det blir arbeidd med planen på politisk hald og departementa utformar sjølve stortingsmeldinga. Eg legg opp til god dialog og møte med fylkes- og storbykommunane undervegs i arbeidet.

Det er planlagt å gjennomføra fleire KS1-prosessar fram mot neste NTP. KS1betyr ekstern kvalitetssikring av konseptval, og er ein naudsynt fase som alle statlege prosjekt over 500 millionar kroner vanlegvis må gjennom før dei blir vedtekne.

Veg

Viktige prioriteringar i NTP som gjeld E6 og E18 ligg fast og er følgd opp i handlingsprogrammet til Statens vegvesen.

Først kort om E6: E6 er ei viktig åre gjennom landet. I november 2008 vart siste E6-utbygginga gjennom Østfold fullført. I fjor haust vart også E6 Vinterbru-Assurtjern opna for trafikk. Dermed er det samanhengande firefeltsveg frå Oslo til Svinesund. Vi har oppfylt intensjonen i Svinesundavtalen mellom Noreg og Sverige frå 2002.

De som bur i Østfold har fått ein moderne, trygg og effektiv motorveg. Det er eg glad for!

I NTP er det lagt opp til oppstart eller ferdigstilling av fleire av dei attståande parsellane på E18. Med prioriteringane som ligg inne i NTP vil E18 vera ferdig utbygd i løpet av planperioden – med to unntak. Det eine er strekninga nærast svenskegrensa (Riksgrensa – Ørje) og den vestlegaste strekninga (Retvedt –Vinterbu).

Når det gjeld ei mogleg bypakke i Fredrikstad tek vi sikte på oppstart av KS1 så snart KVUen har vore på høyring og det føreligg ein endeleg KVU.

Eg veit det blir arbeidd med planar om ein bypakke i Moss, men departementet og eg er førebels ikkje kjende med desse planane. Vi legg til grunn at det skal gjennomførast ein KS1 for bypakke Moss innan komande rullering for NTP.

I fjor fekk Vegdirektoratet i oppdrag å utarbeida ein KVU for fast samband mellom Moss og Horten. Bakgrunnen for dette var store kø- og miljøproblem i sentrum av Moss og Horten som følgje av trafikk til og frå ferjeleiet. Også denne KVU-en tek vi sikte på skal vera gjennomført innan komande rullering for NTP.

Forvaltningsreforma

Frå 1. januar har fylkeskommunen blitt den nye store vegeigaren, med fire gonger så mykje veg som staten. Fylka får betre moglegheit for å sjå ulike verkemiddel som vegnettet og kollektivtransportsystemet i samanheng. Reforma vil også styrka det regionale nivået og flytta oppgåver nærare folk. Godt samspel mellom kommune, fylke, stat blir avgjerande.

Vi har lagt fram eit økonomisk opplegg som skal setja fylka i stand til å løysa den oppgåva dei har fått og som legg grunnlag for vekst i aktiviteten på fylkesvegane. Fylka får mykje nytt ansvar, men også mange nye moglegheiter til å skapa effektive transportløysingar godt tilpassa folk sin kvardag!

Maskinentreprenørenes foreining (MEF) la nylig fram ein rapport om fylkeskommunane si prioritering av vegar i 2010. Den var hyggeleg lesnad. Fylkeskommunane legg opp til å nytta om lag 9,9 mrd kr til fylkesvegar samla sett. Det overstig det dei har fått frå Samferdselsdepartementet og den ekstra milliarden med vel 500 mill. kr. Enkelte fylke har løyvd langt meir til samferdsel enn rammeoverføringa skulle tilseia. Sjølvsagt gler eg meg også over at nær 80 pst av fylka svarar at dei er nøgde  med måten vegansvaret er overført på.

Jernbane

Det aller største prosjektet i inneverande NTP er eit jernbaneprosjekt: nytt dobbeltspor Oslo-Ski. Nytt dobbeltspor Oslo-Ski er heilt naudsynt for å kunna tilby både dagens reisande og ein veksande marknad i Follo og Østfold eit godt togtilbod. Dette etterlengta prosjektet vil gjera livet langt lettare for pendlarane på denne strekninga. Dobbeltsporet er planlagt med oppstart i 2013 og ferdigstilling i 2018/2019. Dette er eit særleg viktig prosjekt. Det har difor fått ein eigen budsjettpost – skilt frå dei andre jernbaneprosjekta.

Mossetunnelen er eit anna stort jernbaneprosjekt som ligg inne i NTP. Det er prioritert for oppstart i første fireårsperiode.

Mange er opptekne av moglegheita for å få på plass høgfartstog. Jernbaneverket vil om kort tid få eit mandat og eit utgreiingsoppdrag frå meg. Der blir dei bedne om å sjå grundig på dette spørsmålet. Det blir ein spennande prosess! Det er viktig at dei utbyggingane som blir gjort på Østfoldbanen heilt eller delvis kan vera ein del av ein komande høghastigheitsjernbane. Å koordinera IC-strategien og ein eventuell framtidig høghastigheitsbane blir ein viktig del av utgreiingsoppdraget. Eg veit – og har full forståing for – at de ynskjer full framdrift i arbeidet med å planleggja og byggja ferdig dobbeltspor til Halden. Og eg veit at JBV er innstilt på at denne prosessen skal føregå med fullt trykk. Samstundes skal vi sjå til at dette ikkje skapar uheldige føringar for ei realisering av ein eventuell høgfartsbane.  Det har eg stor tru på at vi skal kunna få til på ein god måte.

Eg kan ikkje stå her i Østfold i dag utan å nemna dei problema som har vore på jernbanen i det siste. Eg beklagar all venting, forseinking og frustrasjon folk har opplevd i det siste. Vi arbeider no intenst med både kortsiktige og langsiktige tiltak. Det tek tid å få bukt med problem som har bygd seg opp over mange år, men mykje positivt er på gang. Togtilbodet skal bli langt betre og meir stabilt enn det er i dag.

Problema vi har sett har ulike årsaker, frå teknisk feil på infrastruktur til feil på sjølve toga. Ein god del skuldast også ein krevjande vinter. Gammal infrastruktur og gamle tog er rett og slett ikkje gode nok til å takla streng kulde. Det er sjølvsagt ikkje haldbart i eit vinterland som vårt. Eg har difor teke initiativ til at vi skal få betra refusjonsordningane ved avvik.

NSB og Jernbaneverket har sett i gang ei rekkje tiltak for å få bukt med den akutte krisa. Løysinga på sikt ligg i å sikra betre infrastruktur og betre tog. Her er pengar avgjerande, men også ei systematisk og metodisk tilnærming i arbeidet med punktlegheita. Jernbaneverket og togselskapa skal no saman arbeida ut frå ein ny felles metode for punktlegheitsforbetring.

I tillegg er det naudsynt med tilstrekkelig  kyndige folk. Jernbaneverket har fått dei pengane dei har bede om til vedlikehald og fornyingstiltak i Osloprosjektet. Nett no er største problemet mangel på folk til å gjera jobben. Alle tilgjengelege ressursar blir utnytta til fulle. Det blir arbeidd både med investeringar, vedlikehald og materiell. Likevel har vi no hatt nok ein periode med togtrøbbel. Det skuldast at vedlikehald og fornying av jernbanelinene ikkje har blitt prioritert høgt nok dei siste 30 åra. Ei slik forsømming er det umogleg å kompensera for på ein-to-tre. Vi ønskjer heller ikkje å innstilla trafikken medan arbeidet pågår ... Pendlarane må heile tida ivaretakast. All vedlikehaldsaktiviteten på linenettet fører diverre også til saktekøyring og brot i togtrafikken. Departementet har bede Jernbaneverket vurdera om det kan vere teneleg å føreta ytterlegare stengingar i løpet av 2010 for å få til ønska betring i driftsstabiliteten

I revidert budsjett for 2004 var løyvingane til jernbanen på 5011 millionar. I 2009 var løyvinga 8548 millionar, begge summane i 2010-kroner. Tala er klare: Stoltenberg II-regjeringa har tatt ansvar og føretatt eit økonomisk løft for jernbanen. Det løftet vil halda fram. Eg gler meg over at det er eit heilt anna fokus på jernbanen enn tidlegare. Det er forsmedeleg for oss alle at det tek tid før vi ser resultata av dagens satsing. Likevel er det grunn til å gle seg over lys i enden av tunnelen.

Betre miljø

Rushtidsforseinkingane og miljøproblem i dei store byane er eit betydeleg – og aukande - problem både for folk og næringsliv. Det er flott at Østfold prioriterer 50% av investeringsmidlane til kollektiv/gang- og sykkelvegar. Likevel trur eg også Fredrikstad/Sarpsborgområdet – i likskap med dei fleste andre større byregionar i landet - bør vurdera trafikkveksten sin og satsa endå meir på kollektivtrafikk. For byutviklinga er det svært positivt om ein kan få ned dei lokale utsleppa, få reinare og betre luft og sikra at det blir enklare å koma seg fram.

Frå 2008 til 2009 dobla vi Belønningsordninga for betre kollektivtransport og redusert bilbruk i byene, til 322 millionar. Eg veit at Østfold tidlegare har fått midlar frå Belønningsordninga og håpar de vil søkja på nytt. I NTP er det lagt opp til ei ytterlegare dobling i løpet av første fireårsperioden. I tillegg har vi presisert at dei byane som viser vilje til å forplikta seg til restriktive tiltak, skal få løn for det.

Også det å leggja til rette for at fleire kan sykla er bra for miljøet, folkehelsa og framkoma. Regjeringa har lagt opp til at den statlege innsatsen på sykkelvegar skal meir enn doblast i åra som kjem. Halvparten av dei nye kilometrane skal koma i byar og tettstader. For å få på plass samanhengande og trygge nett for sykkeltrafikken må også kommunar og fylke ta ansvar langs sitt vegnett. Det skal no lagast konkrete sykkelrekneskap for kvart byområde. Vi vil prioritera å gje statlege investeringsmidlar til byområde som gjer sin del av jobben.

Det er flott at Statens vegvesen i samarbeid med Fylkeskommunen og kommunen har vald Sarpsborg og Fredrikstad som sykkelbyar for perioden 2010-13. Målet er å få til meir sykling og synleg betring for sykkeltrafikken i perioden 2010-13. Eg veit at Statens vegvesen har sett av nokre midlar til desse byane i sitt handlingsprogram til investeringar i sykkeltiltak. Fylkeskommunen har òg prioritert dette i sin plan for 2010-13. Det lovar godt for framtida!

Avslutning

Dette var mitt første besøk til Østfold som samferdselsminister. Det blir neppe det siste! Eg ser fram til å samarbeida med dykk i tida framover. Eg er glad for at store og viktige prosjekt er på trappene både på veg- og banesida og at det blir satsa på kollektivtrafikk og andre miljøvenlege tiltak. Takk for meg!