Historisk arkiv

Innlegg på regjeringens kontaktkonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på kontaktkonferansen for fylkeskommunane, Drammen 23. mars 2010.

Kjære alle saman!

Eg har vore på kontaktkonferansen fleire gonger, men dette er første gongen som samferdselsminister. Eg er her i dag i eit svært hyggeleg ærend – for å snakka om oppstarten av arbeidet med Nasjonal transportplan 2014-2023.  I det arbeidet vil samarbeidet med regionale styresmakter – ikkje minst dykk som sit her i denne salen – vera heilt avgjerande!

Framdrift
Arbeidet med ny NTP 2014-2023 er allereie godt i gang. I februar vart retningsline 1 sendt ut. Det innleia første fase – utgreiingsfasen. Eg skal straks seia litt meir om retningsline 1, men vil først skissera resten av framdrifta. Rapporten frå utgreiingsarbeidet kjem i januar 2011. I mars 2011 vil retningsline 2 – som gjeld planfasen – bli gitt til etatane og Avinor AS. Desse retningslinene vil vera baserte på resultata frå utgreiingsfasen, og vil innehalda meir konkrete føringar. Planforslaget vil koma i februar 2012, medan sjølve planen skal leggjast fram i januar 2013.

NTP 2013-2023 skal byggja vidare på hovudelementa frå gjeldande plan. Nasjonal transportplan er det store plandokumentet i transportsektoren i Noreg og skal innehalda både ei drøfting av transportpolitikken og ein plandel med prioriteringar. NTP skal vera med å oppfylla det overordna målet for transportpolitikken i Noreg: eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem. Innhaldet i NTP skal avspegla den etablerte ansvarsdelinga mellom ulike forvaltingsnivå., Staten har ansvaret for den nasjonale transportpolitikken – både gjennom statlege verkemiddel og ved å leggja premissa for den regionale politikken.

Løyvingane til samferdsel er i dag mykje høgare enn då min forgjengar Liv Signe Navarsete overtok i 2005. Det er grunn til å gle seg over at vi sidan regjeringsskiftet i 2005 har auka løyvingsnivået til veg- og baneformål med vel 9 milliardar kroner. Det er ein vekst på heile 45 prosent samanlikna med Bondevik-regjeringa sitt forslag til budsjett for 2006. Eg har dei siste månadane hatt gleda av å vera med på fleire veg og jernbaneopningar (Steinkjer, Jølster, Finnfast, Farsund, Paradis, Nydalen). Kvar gong ein tunnel eller ei bru eller eit nytt dobbeltspor kjem på plass, blir landet litt mindre, tryggare og meir miljøvenleg – og litt betre for folk å bu i. Mitt klare mål er å fylgja opp denne snuoperasjonen i samferdselspolitikken med full kraft!

Retningsline 1
Retningsline 1, som gjeld utgreiingsfasen  vart altså sendt ut i februar, I desse retningslinene blir det gjort greie for tidsplanen og organiseringa av arbeidet og for analysane og utgreiingane som etatane og Avinor blir bedne om å gjennomføra. Etatane og Avinor skal mellom anna analysera transportbehovet i eit 30-årsperspektiv på bakgrunn av mellom anna økonomisk utvikling, næringsutvikling, demografi, klima og teknologi.

I tillegg vil det blir gjennomført utgreiingar på tvers av sektorane. Vi må blant anna sjå på korleis vi kan få på plass best moglege knutepunkt for gods- og persontransport. I retningslinene er etatane og Avinor også bedne om å gå gjennom dagens målstruktur for å vurdera behovet for å justera denne.

Det vil bli gjennomført fleire KVU/KS1-prosessar parallelt med dei andre utgreiingane. Her vil det bli viktig å unngå dobbeltarbeid. Det skal også gjennomførast to separate utgreiingar. Den eine er utgreiinga om høgfartsbaner som JBV er bedt om å utføra. Den andre er ei utgreiing om infrastrukturtiltak i lys av strategien for nordområda. Tilrådingane frå desse utgreiingane vil bli innarbeida i planforslaget til NTP 2014-2023.

Forvaltningsreforma
Forvaltningsreforma er ny sidan sist. Denne reforma legg til rette for ei meir heilskapleg utvikling av transportsektoren – og på sikt eit betre vegnett. Reforma gjer at staten kan fokusera på dei vegane som bind landet saman, medan fylkeskommunane får ansvar for det regionale vegenettet. Overføringa gir dykk betre moglegheit for å sjå ulike verkemiddel som vegnettet og kollektivtransportsystemet i samanheng. Det blir lettare å gjera heilskaplege vurderingar. Reforma vil også styrkja det regionale nivået og flytta oppgåver nærare folk.
 
MEF (Maskinentreprenørenes forening) la tidlegare i vår fram ein rapport om fylkeskommunane si prioritering av vegar i 2010. Den var absolutt hyggeleg lesnad. Fylkeskommunane legg opp til å nytta om lag 9,9 mrd kr til fylkesvegar samla sett i 2010. Dette betyr ei reell auke på  6,2 mrd, noko som overstig det de har fått frå Samferdselsdepartementet og den ekstra milliarden med vel 500 mill. kr. Eg er glad for å sjå at rentekompensasjonsordninga hittil har virka etter intensjonen. Enkelte fylke har løyvd langt meir til samferdsel enn rammeoverføringa skulle tilseia. Eit døme er Nordland som har investert 390 mill. kr i 2010 til dei nye fylkesvegane, om lag 100 mill. kr meir enn overføringa tilseier. Og sjølvsagt gler eg meg også over at nær 80 pst av dei spurte fylka er nøgde med måten vegansvaret er overført på.

Medverknad og dialog
Nettopp fordi fylkeskommunane har ansvar for ein større del av transportsektoren enn tidlegare, skal den politiske dialogen med fylkes- og storbykommunane styrkast ytterlegare. Eg presenterer no retningsline 1 for dykk. Om eit års tid skal eg presentera retningsline 2. Departementa vil også ta initiativ til lokale regionale møte på politisk nivå etter at utgreiingsfasen og planfasen er avslutta.

Også på administrativt nivå vil dialogen bli styrka. Det vil bli oppretta regionale kontaktutval for å sikra god samordning mellom NTP og det regionale planarbeidet. I tillegg vil det bli oppretta eit kontaktforum der fylkeskommunane og dei største bykommunane er med. Ein representant for fylkesrådsmannskollegiet (Granås, Telmark fk) vil vera med i styringsgruppa til etatane og Avinor med forslags- og talerett. I tillegg til dette vil dei regionale møta med næringslivet bli ført vidare. Eg vil gjerne høyra om de – ut frå det som er skissert i retningsline 1 – har tankar om korleis vi får til best mogleg samhandling mellom stat og fylkes- og storbykommunane i arbeidet med neste NTP.

Kollektivtransport
Til slutt: Kollektivtransport er eit viktig område som eg veit de i likskap med meg er opptekne av. Kollektivtransport er viktig både av omsyn til miljøet og framkoma. Mange stader har det vist seg å vera krevjande å finna gode løysingar. Eg vil gjerne utfordra dykk til å kommentera det også. Vi har ein kollektivtransportstrategi i noverande NTP. Kva utfordringar og problemstillingar knytt til kollektivtransport bør vi ta opp inn mot neste NTP? 

Eg ser fram til dialog med dykk no etterpå! Takk for meg!