Historisk arkiv

Innlegg på Romkonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

3. november 2010

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på Romkonferansen, 3. november 2010.

Transportbruken aukar, både privat og kollektivt.
Kvar dag brukar tusenvis av menneske kollektivtransporten.

For mange er tog, buss, trikk eller bane einaste måten å koma seg til og frå jobb, til skule og til fritidsaktivitetar.

Kollektivtrafikk er viktig fordi det både handlar om å få ned klimautslepp og lokale utslepp. Fordi det handlar om å gjera kvardagen enklare for folk.
Fordi det handlar om betre framkome!
Og fordi vi ikkje har noko val.

I Oslo t.d. – med den folketalsutviklinga som er stipulert – vil det ikkje vera nok areal til eit effektivt vegsystem basert på auka bilbruk. Det same er tilfelle også i fleire andre byar.
Vi kan ikkje byggja oss inn i framtida.  Det er kollektiv som er løysinga i byen.

Difor er det gledeleg å at sjå fleire av dei største byane er i ferd med å lukkast. Til dømes har kollektivtrafikken i Oslo dei seinare åra snudd ei negativ trend til ein til dels sterk vekst.

Hovudutfordringa for jernbanen er at infrastrukturen mange stader er gamal og nedsliten. Først når infrastrukturen blir betre, får vi redusert avvika og får meir nøgde togpassasjerar. 

Det er stort behov for vidare satsing på jernbanen – og kjem til å vera det lenge enno.  Det har regjeringa teke følgjene av!

I Nasjonal transportplan 2010-2019 er det planar om å bruka 92 milliardar på jernbanen dei neste ti åra. Det er eit betydeleg løft samanlikna med tidlegare.
Det blir no lagt ned eit omfattande arbeid innan vedlikehald og fornying.

Det gjeld heile landet, men særleg her rundt Oslo er aktiviteten stor. Ei ny tid er på gang for jernbanen!

Rom sitt ansvar
For å lukkast med jernbanesatsinga og kollektivtrafikken elles, er gode knutepunkt heilt nødvendig.

Regjeringa er oppteken av berekraftig byutvikling. Vi meiner tett og konsentrert utbygging er viktig. Handel, service, bustader og kontor skal liggja så tett som råd slik at transportbehovet blir minst mogleg.

Her har Rom eit stort ansvar.
- Rom skal bidra til at fleire reiser kollektivt.
- Rom skal bidra til å letta overgangen mellom tog og andre transportmiddel – og skapa ei saumlaus reise.

- Rom skal leggja til rette for by- og stadsutvikling i tilknyting til stasjonsområdet.

- Rom skal gjennom si eigedomsforvalting bidra til solid avkasting på prosjekt og eigedomar som kjem samfunnet til gode.

Eit godt knutepunkt skal vere trygt, levande, miljøvenleg og tilgjengeleg. Dessutan skal det vera ein god møteplass.

Tog, buss, trikk og bane må i større grad bli sett i samanheng. Dette vil vera eit av dei viktigaste byutviklingsgrepa vi kjem til å sjå framover.


Vi skal utvikla gode trafikknutepunkt som bidrar til å få flest mogleg til å reisa kollektivt og til å flytta meir av godstrafikken frå veg til bane.

Mange stasjonar er for lite utnytta og tilrettelagt i forhold til potensialet på areala. Dette gjeld både med omsyn til den reisande og ut frå eit utviklingsperspektiv.

Det grunnleggande er utvikling av jernbanerelaterte formål – ei best mogleg reise for passasjerane.

Samstundes må stasjonsutviklinga bli betre integrert i byutviklinga elles.

Rom som eigar av stasjonane må vera aktiv i forhold til kommunane og bidra til by- og stadsutvikling.
Ei kommersiell utvikling av stasjonsområda er nødvendig for å gi ein økonomisk plattform og for å skapa aktivitet og tilbod til dei reisande. Målet er fleire kundar og trivelegare sentrumsområde.

Samstundes er dette eit potensielt konfliktområde. Kvar går den rette balansen mellom publikumsareal og kommersielle areal? Og kor mykje av omkringliggande areal er det rett å bruka til eigendomsutvikling?

Her er det viktig å bruka skjønn og lytta til alle aktørar. For Rom er ikkje minst Jernbaneverket ein sentral samarbeidspartnar.

Som eigar av stasjonar og kollektivknutepunkt har Rom også ei viktig koordinerande rolle for å få dei ulike partane til å samarbeida.

Det er blant anna viktig å legga til rette for at buss, trikk og T-bane får stoppestad ved jernbanen.
Eg vil også oppfordra alle partar om å samarbeide om rutetider for å få eit mest mogleg samanhengande tilbod.

Reisetida til stasjonane og gangtida inne på stasjonen må gjerast så kort som råd. Det må vera lett å finna tog, buss og taxi.

Overgangen mellom dei ulike transportmidla må bli betre mange stader. Fellesterminalar for buss og tog bidrar både til eit meir publikumsvenleg tilbod og ein meir miljøvenleg transportsektor.

Dei gode døma: Lillehammer skyss-stasjon og Oslo S
Lillehammer Skysstasjon skal i løpet av 2010 framstå som Noregs mest moderne og tidsriktige kollektivterminal, med sterk miljøprofil og lokal forankring.

I dag kjem og går trafikkstraumane til stasjonen i alle retningar.
Målsetjinga no er å konsentrera publikumsareala og styra trafikkstraumane betre.
Slik vil ein også kunne bruka areala på stasjonen meir effektivt. Kontor og vandrarheim blir lagt i kvar sin ende av stasjonen, medan publikumsareal og servicetilbod blir samla i midten.

Prosjektet er et samarbeid mellom Rom Eiendom, Oppland Fylkeskommune, NSB, Jernbaneverket, Lillehammer kommune og Lillehammer Turistkontor. NSB Kundesenter skal også flytta til den nye skysstasjonen.

Dette er eit utmerka døme på godt samarbeid.
Eg ser gjerne meir av slikt. Dette pilotprosjektet bør bli ein modell også for andre knutepunkt. Det meste er mogleg å få til dersom alle drar lasset saman.

Eit anna døme: Oslo S er i dag innfallsporten både til Noreg og Oslo. Kvar dag går meir enn 150.000 menneske gjennom dette bygget, anten dei kjem med tog, fly (flytog) buss, bane eller taxi.
Oslo S skal også bli sentrum i den nye kulturbyen Bjørvika, med kulturinstitusjonar som Operaen, Munch/Stenersenmuseet og Deichmanske bibliotek.

No er eit heilt nytt Oslo S under planlegging. Oslo S skal bli Noregs største og mest moderne kollektivknutepunkt. I framtida vil meir enn 300.000 menneske passera gjennom Nye Oslo S kvar dag.

Store deler av dagens Oslo S skal rivast og byggast nytt. Det historiske Østbanebygget skal bevarast og få nytt liv. Nye Oslo S skal bli eit knutepunkt for handel, reiser, opplevingar og kultur.

Eg vil utfordra alle dykk som skal samarbeida for å realisera nye Oslo S: Lat Oslo S og Jernbanetorget bli eit førebilete som viser korleis prinsippet om universell utforming kan setjast ut i live.

Lat Oslo bli målet for framtidas studiereiser, slik Barcelona er i dag!

Alle skal med!
Regjeringa vil at folk enkelt, effektivt og trygt kan bevega seg rundt slik at dei kan delta i arbeidsliv og sosiale aktivitetar. Difor vil vi utvikla transportsystemet slik at behovet for spesialløysingar blir minst mogleg. Alle skal med!

For å få til dette, må transportsystemet, knutepunktet og by- og tettstads¬utviklinga sjåast på som ein heilskap. Det krev at mange, ulike private og offentlige aktørar har ein god dialog.

Dei som kjem til eit knutepunkt er svært ulike og har ulike behov. Mange har bagasje, barnevogn eller rullestol – og behov for trinnfrie omgjevnader.

Med alderen får svært mange av oss svekka syn. Då er det viktig at planleggaren har vore bevisst i bruken av kontraster, trappetrinn og lys. Eit av fleire døme på korleis minimale økonomiske investeringar kan gi nye moglegheiter til å ferdast for fleire.
Tidlegare blei som regel hovudløysinga lagt til rette for gjennomsnittsbrukaren. Så blei det laga tilleggsløysingar for dei med andre behov.

No tenkjer vi motsett: Hovudløysinga skal vera for alle. Vi skal ta omsyn til variasjonen i brukarar og behov ved planlegging, bygging og drift.

Her er samarbeid med brukarane viktig, ja faktisk heilt avgjerande!
Standardar er kanskje det viktigaste verkemidlet for å oppnå universell utforming.

I samarbeid med brukarorganisasjonane har vi difor bede Standard Norge om å kartlegga alle standardar med relevans for universell utforming i reisekjeda. Det skal også lagast ein rettleiar.

Samarbeid er eit ord eg har brukt mange gonger dei siste minutta. Eg tykkjer nettopp denne konferansen er ein flott invitasjon til slikt samarbeid!

For meg er det særs viktig at ROM har eit godt og konstruktivt samarbeid med Jernbaneverket og Statens vegvesen, i tillegg til kommunane.

Det er ikkje til å unngå at det av og til oppstår konfliktar. Dei må løysast på ein god måte – med dei reisande sitt beste som hovudprioritet. 

Lukke til – og god konferanse!