Historisk arkiv

Innlegg på seminaret Mennesket i trafikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på seminar i regi av Motorførernes avholdsforbund: ”Mennesket i trafikken”, Oslo, 25. november 2010.

Kjære dykk!

Lat meg aller fyrst retta ein stor takk til dykk i MA for det engasjementet og det verdfulle arbeidet for trafikktryggleik som de legg ned.

Trafikktryggleik er det viktigaste eg har ansvar for.
Trafikktryggleik handlar om å hindra trafikkulukker.

Trafikkulukker er eit stort samfunnsproblem og ein enorm påkjenning – ofte ein tragedie – for dei det gjeld.

Alle kjenner vi nokon som er råka på ein eller annan måte. Alle fryktar vi meir enn noko anna at ei ulukke skal ramma ein av våre nære og kjære.
Eg har sjølv opplevd ei trafikkulukke – eg veit kor dramatisk det er for alle involverte. 

Noreg ligg på verdstoppen i trafikktryggleik. Det er diverre ikkje godt nok. Ei ulukke er ei for mykje. Vi har ingen å mista!

Nullvisjonen

Regjeringa arbeider  etter nullvisjonen. Det skal ikkje vera drepne eller hardt skadde i transportsektoren.

Den gjeld heile transportsystemet. Nullvisjonen betyr å redusera talet på ulukker. Hovudvekta ligg likevel på dei alvorlege ulukkene som fører til drepne og hardt skadde.

Nullvisjonen bygger på tre grunnpilarar: Etikk, vitskap og ansvar.

Etikkpilaren går ut på at eit kvart menneske er unikt og uerstatteleg. Det er uråd å akseptera at mellom 200 og 300 menneske mistar livet i trafikken kvart år.

Vitskap: Mennesket sine fysiske og mentale føresetnader er kjente og skal liggja til grunn for utforminga av vegsystemet.

Kunnskapen om vår avgrensa meistringsevne i trafikken og tåleevna vår skal leggja premissane for val av løysningar og tiltak.

Vegsystemet skal leia trafikantane til sikker åtferd og verna mot fatale konsekvensar av normale feilhandlingar.

Utforminga av veg og køyretøy må i større grad tilpassast mennesket sine føresetnader. Systemet må ta omsyn til at menneske gjer feil og har avgrensa toleevne.

Så har vi ansvarspilaren: Trafikantane og styresmaktene har eit delt ansvar for trafikktryggleiken. Trafikantane har ansvar for eiga åtferd: dei skal vera aktsame og unngå bevisste brot på reglane.

Styresmaktene har – som sagt – ansvar for å tilby eit vegsystem som legg til rette for mest mogleg sikker åtferd og vernar mot fatale konsekvensar av ubevisste feilhandlingar.
 
Etappemål i NTP

Regjeringa sitt overordna mål er ein vegtrafikk utan drepne og hardt skadde – i tråd med nullvisjonen.

Med dagens trafikkbilde og teknologi er det truleg ikkje realistisk å oppnå dette i inneverande planperiode – som går fram til 2020.

Regjeringa har difor sett som mål for denne planperioden at talet på drepne og hardt skadde skal reduserast med minst ein tredel innan 2020, samanlikna med snittet i åra 2005-2008.

Dette inneber at talet på drepne og hardt skadde skal reduserast frå rundt 1200 pr. år til maksimalt 775 drepne og hardt skadde i vegtrafikken i 2020.

Det i seg sjølv er eit ambisiøst mål. Skal vi nå det målet, må alle dra lasset saman.

Generelt om trafikktryggleiksarbeidet

Årsakene til trafikkulukkene er samansette. Difor må også løysingane vera det.

Det er kombinasjonen tryggare trafikantar, tryggare vegar og tryggare køyretøy som er det mest effektive. Regjeringa arbeider på alle tre frontar.

Som styresmakter må vi ta vår del av ansvaret for å gjera vegane tryggare.
Bak mindre utbetringar – som det heiter i statsbudsjettet, løyner det seg viktige trafikktryggleikstiltak. Bygging av midtrekkverk og romlefelt er ein viktig del av dette.

Midtrekkverk er viktig fordi møteulukker saman med utforkøyringsulukker er den ulukkestypen som krev flest liv i vegtrafikken.

Fysisk skilje mellom køyrefelta, etablering av merka sperreområde og anna midtmarkering er viktige tiltak for å redusera talet på drepne og hardt skadde i møteulukker.

Dei neste ti åra vil vi bruka 6 milliardar kroner til å utbetra 750 km riksveg med midtrekkverk eller merka sperreområde/ midtmarkering. Av desse er 250 km midtrekkverk.

Midtrekkverk åleine løyser likevel ikkje alle problem. Land som Tyskland, Belgia, Italia, m.fl. uten har bygd mykje meir motorveg med midtdelarar utan at dei har betre ulukkessituasjon enn oss av den grunn.

Blant dei drepne er det no like mange som døyr  i utforkøyringsulukker som i møteulukker. Ein dramatisk vekst dei siste åra tilseier fokus på tiltak mot desse ulukkene.

Det gjer vi blant anna ved å fjerna farlege hindringar og flata ut  skråningar langs vegane.

Sidan 1970 er ulukkene  halverte, medan trafikken er tredobla. Dei billigaste, enklaste og mest effektive tiltaka allereie er tekne i bruk. Difor må vi no arbeida endå hardare for å ned ulukkestala.

Rus

Rus er ofte medverkande årsak til trafikkulukker. Regjeringa er oppteken av nulltoleranse for køyring i alkohol- og narkotikarus.

Fleire endringar i Vegtrafikklova ligg no til handsaming i Stortinget. . Føremålet er å betra trafikktryggleiken og leggja til rette for meir effektiv ressursbruk hjå politi, påtalemakt og domstol.

Betre samsvar mellom reglane om alkoholpåverka køyring og dei som gjeld køyring under påverknad av andre stoff, er eit anna mål,

Eg kan kort nemna fire av dei viktigaste forslaga til lovendringar:

1: Vi ynskjer låge lovfastsette grenser for når ein sjåfør vert rekna som påverka av andre rusmiddel. I praksis blir det nulltoleranse for slik køyring.

2: Vi vil gje politiet lovheimel til å hurtigtesta førarar som vert stoppa langs vegen. Til det kan dei bruka såkalla ”spytttestar” på line med dagens ”alkometer”.
3: Innføring av straffeskjerpande utmålingsreglar også for narkotikapåverka køyring. Forenkling av straffeutmålingsreglane for alkohol og anna rus.

4: Eit anna viktig forslag gjeld tap av førarrett når folk med førarkort på prøve blir straffa for ruspåverka køyring – anten det er snakk om alkohol eller anna rus.

Dette inneber også at sjåførar med førarkort på prøve skal kunna mista førarretten som fylgje av køyring med påverknad svarande til mellom 0,2 og 0,5 promille.

Strengt, hevdar nokon. Vel, ungdom utgjer dei 25 % av dei trafikkdrepne – til trass for at dei berre utgjer 7% av dei reisande. Desse tala inspirerer til innsats.

Vi trur dette forslaget vil kunna verka avskrekkande og haldningsskapande, og vil påverka dei unge si åtferd positivt i trafikken.

Vi ynskjer også å slå fast med all mogleg tydelegheit at rus og køyring høyrer ikkje saman!

Vi vurderer saman med Justisdepartementet også ”alkolås” som alternativ til soning for ein promilledømt.

Avslutning

Eg har motteke ein omfattande handlingsplan for tryggleik.

152 tiltak skal følgjast opp på veg, køyretøy og overfor trafikanten. Planen er utarbeidd i samarbeid mellom Statens vegvesen, Politiet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet og Trygg Trafikk.

Samstundes viser rapportar frå ulukkesanalysegrupper at fart, rus og manglande bilbeltebruk ofte både er årsaker til at ei ulukke oppstår og med på å gi dei ein dødeleg utgang.
 
Dersom alle hadde halde fartsgrensene, ville vi hatt 50 færre drepne og 150 færre hardt skadde kvart år. Hadde alle brukt bilbelte, ville 40 liv vore sparte kvart år.

Hadde alle halde fartsgrensene, køyrt edru og brukt belte kunne vi halvert talet på drepne og hardt skadde. 

Desse tala viser at vi aldri kan kvila – kampen for å få ned talet på ulukker må halda fram.

Det inneber også å setja krav til oss som trafikantar – til beste for oss sjølve og alle rundt oss.

Omsynet til mennesket er det viktigaste i trafikken – det må alltid stå i sentrum.

Nettopp difor er møtestader som denne konferansen så viktig. Denne konferansen fortener også ros for å få oss til å løfta blikket frå alle tal og statistikkar og tiltak, og sjå kva det eigentleg handlar om!

Takk for meg!