Historisk arkiv

Innlegg på Solamøtet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på Solamøtet, 12. januar 2009.

Takk for invitasjonen!

Då eg vart samferdselsminister i haust, sa eg at eg ville gjera landet tryggare, meir miljøvenleg og mindre. Mindre? sa folk. Men det er jo nettopp det vi arbeider med. Dess kortare avstandane blir og dess betre landet er knytt saman, dess enklare blir kvardagen for folk. Difor heng regional utvikling og samferdsel så tett saman. Det handlar om å gi folk fridom til å velja kvar dei vil bu og kva slags liv dei vil leva.

Vi toler å bli fleire i bygdene våre. Det er viktig at forholda ligg til rette for at ungdom kan flytta heim att, eller bli buande. Vi treng lys i husa, blomar i karmane, barn på veg til skulen om morgonane. Og så treng vi god samferdsel. Vi treng transportsystem som sikrar god framkome – helst utan at vi brukar for mykje av matjorda vår.

Eg har dei siste månadane hatt gleda av å vera med på fleire veg og jernbaneopningar. Og kvar gong ein tunnel eller ei bru eller eit nytt dobbeltspor kjem på plass, blir landet litt mindre – og litt betre for folk å bu i. 

Eg kjenner meg heldig som får arbeida med eit fagfelt som er så viktig for folk flest. Vi er alle avhengige av at veg, jernbane, fly, breiband, post og tele fungerer slik det skal. Ikkje minst er dette viktig for at små og større stader skal vera levande og attraktive lokalsamfunn.

Eit døme: Moderne infrastruktur er naudsynt for at folk skal kunna ta med seg arbeidsplassen sin til bygda. Dei siste ti åra har vi jobba for å få breiband til alle – og no er vi nesten i mål. Men vi skal vidare. Dagens breiband er ikkje breitt nok for å dekke framtidas behov. Difor satsar vi no på andregenerasjons breiband.

Posten er også framleis særs viktig for at landet skal henga i hop. I Soria Moria II-erklæringa har regjeringa slått fast at folk og næringsliv framleis skal ha eit godt posttilbod, uansett kvar dei bur. Folk skal framleis få post 6 dagar i veka og posten skal raskt og trygt fram. Portoen skal vera den same over heile landet og Posten skal framleis skal vera eigd av staten.

Naturgitte tilhøve gjer at luftfart er viktigare for oss i Noreg enn for dei aller fleste andre europeiske land. Mange stader er luftfart nærast for kollektivtransport å rekne. Eit godt flytilbod er med på å sikra eit konkurransedyktig næringsliv, ein fungerande arbeidsmarknad og moglegheit for langpendling. Alt dette bidrar til regional utvikling.

Regjeringa understrekar i Soria Moria II at det er eit viktig mål å oppretthalda dagens kortbanenett og dei regionale lufthamnene med mindre det lokalt er ynske om noko anna. I Soria Moria II blir det også slått fast at vi skal vidareføra ordninga med at overskotsplassar betalar for dei ulønsame og ordninga med kjøp av ulønsame flyruter. Målet er å sikra eit godt flyrutetilbod i heile landet. Eg veit at dette er viktig for mange av dykk som sit her i dag!

Eit anna døme: dei nasjonale turistvegane. Turistvegane viser fram det flottaste av norsk arkitektur plassert i det flottaste av norsk natur på ein måte som har vakt oppsikt langt ut over landegrensene. Dette prosjektet er eit godt døme på korleis vegar, turisme og næringsverksemd heng saman – og skapar regional utvikling.

NTP 2010-2019
Sidan 2005 har regjeringa auka løyvingane til veg- og baneformål med nærare 50 prosent. Mykje fungerer godt, men det er mykje som gjenstår. Det er ein ambisiøs transportplan regjeringa har lagt fram. Mitt klare mål er å fylgja opp dette taktskifte i samferdselspolitikken med full kraft!

Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP)  inneber at det skal brukast 322 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Vi tek eit stort løft for veg og jernbane, vi legg opp til ein stor innsats for å få ned talet på drepne og skadde og vi vrir transportpolitikken i grøn retning for å få ned klimagassutsleppa. Vi skal bruka meir pengar – og vi skal bruka dei meir effektivt. Det er viktig å gjera dei rette tinga på rett stad til rett tid.

I tillegg til å auka potten til samferdsel, har det vore viktig for oss å få til ei differensiering mellom by og land i samferdselspolitikken. I dei mest folkerike områda skal vi byggja jernbane og bidra til omlegging av personstransport frå personbil til kollektive transportmidlar, sykkel og gange. I distrikts-Noreg er vegen ofte einaste alternativet.

Næringstransport
Eit oppegåande næringsliv er viktig for regional utvikling. Varene som vert produserte rundt i landet må raskt og effektivt fram. Lange avstander innanlands og til marknadane gjer at næringslivet i Noreg har høge transport- og logistikkostnader samanlikna med andre land. Eg vil gjera mitt for å utjamna desse kostnadsskilnadene mest mogleg, slik at vi framleis kan ha eit konkurransedyktig næringsliv over heile landet.

Difor byggjer vi motorvegar som hindrar kø.  Vi sikrar gode hamner og eit flyplassnett som dekkjer heile landet. Dette er viktige bidrag for å skapa vekst og arbeidsplassar for framtida. Mest mogleg godstransport skal flyttast frå vegen og over på sjø og bane. Samstundes veit vi at vegtransport i svært mange tilfelle alltid vil vera hovudtransportforma. Difor legg vi stor vekt på å fjerna eller avgrensa flaskehalsar. Slike flaskehalsar kan vera alt frå som vinterstengte fjellovergangar, ventetider på ferjer i sommarsesonger, ras, ulukker eller andre uføresette hendingar. Dette er tiltak som også vil vera viktige for folk flest.

Tiltaka vi har føreslått for dei neste ti åra vil redusera reisetidene på viktige ruter på riksvegnettet med rundt 30-35 minutt. Frå Trondheim til Kirkenes vil innsparinga bli på 49 minutt og reisetida frå Stavanger til Trondheim vil bli ein time kortare. Dette vil betra konkurransekrafta til næringslivet. Berre dei neste fire åra vil innsatsen redusera transportkostnadene for næringslivet med om lag 25 milliardar kroner.

Betre miljø
Rushtidsforseinkinane i dei store byane er eit betydeleg problem både for folk og næringsliv. Det er ei problemstilling vi kjenner også her i Stavanger. Generelt trur eg det her må både pisk og gulrot til. Erfaringane med køprising frå Stockholm har vore svært positive. Målet er trivelegare og meir velfungerande byar, reduserte miljøproblem og betre framkome.

Nokon verkar tru at køprising er noko ein vil innføra for å plaga folk. Det er tvert om. Køprising er eit viktig tiltak med tanke på tidsklemma, og ein god kvardag for folk flest. Dei som av ein eller annan grunn må bruka bilen, slepp å stampa i kø og kjem fram på kortare tid. Resten av oss kjem raskt og trygt fram med buss, tog eller andre offentlege transportmiddel. Gode kollektivtilbod er nemleg ein heilt klar føresetnad for å kunna innføra køprising.

Frå 2008 til 2009 dobla vi Belønningsordninga for betre kollektivtransport og redusert bilbruk i byene, til 322 millionar. I NTP er det lagt opp til ei ytterlegare dobling i løpet av første fireårsperioden. I tillegg har vi presisert at dei byane som viser vilje til å forplikte seg til restriktive tiltak, skal få løn for det. Eg trur nøkkelen til mykje ligg her. For byutviklinga er det svært positivt om ein kan få ned dei lokale utsleppa, få reinare og betre luft og sikra at det blir enklare å koma seg fram.

Også det å leggja til rette for at fleire kan sykla er bra for miljøet, folkehelsa og framkoma – og dermed for regional utvikling og bulyst. I Noreg har vi ein sykkelbruk på berre 4-5 % av daglege reiser, medan svenskane ligg på 10 % og danskane på 17 %. Regjeringa har lagt opp til at den statlege innsatsen på sykkelvegar skal meir enn doblast i åra som kjem. Halvparten av dei nye kilometrane skal koma i byar og tettstader. For å få på plass samanhengande og trygge nett for sykkeltrafikken må også kommunar og fylke ta ansvar langs sitt vegnett. Det skal no lagast konkrete sykkelrekneskap for kvart byområde. Vi vil prioritera å gje statlege investeringsmidlar til byområde som gjer sin del av jobben. Vi må få opp tempoet i planlegginga, visa større vilje til å ta tøffe prioriteringar lokalt og auka investeringane.

Mange er opptekne av moglegheita for å få på plass høgfartstog her til lands. I desse dagar får Jernbaneverket eit mandat og eit utgreiingsoppdrag frå meg, der dei blir bedne om å sjå grundig på dette spørsmålet. Det blir ein spennande prosess!

Regionale utfordringar
Etter meg kjem samferdselssjef Gunnar Eiterjord for å snakka om status på ymse regionale prosjekt. Eg skal difor ikkje gå inn på desse i detalj. La meg likevel ta ein kjapp runde: 

Ei overordna utfordring er sjølvsagt å binda fylket betre saman.

Ei sentral utfordring blir å sikra flyt i trafikken i Nord-fylket. T-forbindelsen, Haugalandspakken, E 134 og Karmsund havn er døme på at det blir arbeidd med dette.

Like viktig er det å bidra i Sør-fylket. Her er oppgraderinga på E39 og utbygginga av kryssingsspor sentralt. Eg vil seia litt meir om E39.

E39
E39 frå Kristiansand til Trondheim er hovudferdselsåra på Vestlandet. Her har vi i dag store utfordringar på grunn av låg standard på vegen. Her føreligg det planar om utbetringane som vil bidra til å utvikla Sør-Vestlandet som region, men òg til å binda kysten og Vestlandet langt betre saman.

Til dømes vil utbygginga til firefelts veg på E39 Stangeland – Sandved og ombygginga av E39 Tjensvollkrysset i Stavanger kommune blir fullført i perioden 2010-2019. Arbeidet med prosjektet E39 Skibadalen i Egersund kommune er starta opp som del av tiltakspakken regjeringa la fram i slutten av januar i år.
Eg er også svært oppteken av at vi må sikra eit betre kollektivtilbod der det bur mest folk, til dømes på strekninga Stavanger-Sandnes. Dobbeltsporet er på plass. Bybane og busstilbod blir drøfta. Slik kan vi også bidra til at ikkje den beste matjorda vår blir nedbygd.

Ryfast og Eiganestunnelen
Ein måte å bidra til å binda fylket betre saman er gjennom fastlandssamband. Eg har vore med på drøftingar om fastlandssamband til Ryfylke i  20 år. No er Ryfast alternativet, og det pågår no kvalitetssikring på dette prosjektet. Sambandet, som er bompengefinansiert, vil bety at ein er landfast begge vegar.

I NTP er det vedteke oppstart av Eiganestunnelen  i første periode, altså i 2010-2013. Dette prosjektet skal etter planen finansierast med like delar statlege midlar og bompengar, og er viktig for betre trafikkløysingar lokalt. Det er dessutan ein føresetnad for Ryfast.

Rogfast
Eit kjempeprosjekt som er meint starta opp i mot slutten av planperioden er Rogfast, ein undersjøisk tunnel nordover frå Randaberg. Rogfast vil erstatta eit svært trafikktungt ferjesamband. Det er sett av midlar til oppstart i perioden 2014-2019, under føresetnad av at prosjektet skal delfinansierast med bompengar.

Det er ingen tvil om at Rogfast er eit svært komplisert prosjekt – ei heller at det vil bety mykje å få det på plass. Ikkje berre vil Rogfast vera viktig i arbeidet med å binde fylket saman. Rogfast vil òg vera eit stort steg på veg mot ferjefri E39.

Eg har no nemnd bompengar fleire gonger. Store, tunge prosjekt som Ryfast og Rogfast vil gje ei betre framtid for regionen – men dei vil kosta mykje. Difor er det naturleg at finansieringa heilt eller dels  er basert på bompengar, der det er lokal vilje til å gjere dette for å få framskunda prosjekta.

Forvaltningsreforma
Avslutningsvis vil eg nemne forvaltningsreforma. Frå 1. januar har fylkeskommunen blitt den nye store vegeigaren, med fire gonger så mykje veg som staten. Fylka har fått ei stor oppgåve – som eg er sikker på at dei vil løysa på ein god måte. Overføringa vil gje fylka betre moglegheit for å sjå ulike verkemiddel som vegnettet og kollektivtransportsystemet i samanheng. Det blir lettare å gjere heilskaplege vurderingar. Reforma vil også styrka det regionale nivået og flytta oppgåver nærare folk. Eit godt samspel mellom kommune, fylke, stat vil her bli heilt avgjerande.

Det er viktig for meg å få fram at det framleis vil vera staten sitt ansvar å setja fylkeskommunane i stand til å byggja, drifta og vedlikehalda trygge og effektive vegar. Vi har lagt fram eit økonomisk opplegg som skal setja fylka i stand til å løysa den oppgåva dei har fått og som legg grunnlag for vekst i aktiviteten på fylkesvegane.

Eg trur dette vil bli eit løft for den regionale utviklinga i landet. Fylka får mykje nytt ansvar, men også mange nye moglegheiter til å skapa effektive transportløysingar som er godt tilpassa folk sin kvardag!

Saman skal vi gjera landet mindre, tryggare og meir miljøvenleg!

Takk for meg!