Historisk arkiv

Innlegg på Trygg Trafikk-konferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Oslo, 20. april 2010

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på konferanse i regi av Trygg Trafikk, Oslo, 20. april 2010.

Kjære alle saman!

Lat meg fyrst takka for invitasjonen til denne viktige konferansen!

Trafikktryggleik står sentralt i regjeringa sin transportpolitikk. Ut frå oppslutninga her i dag ser det ut til å vera eit viktig tema for svært mange andre også – det er gledeleg! Det er òg heilt avgjerande for at vi i fellesskap skal lukkast i dette viktige arbeidet.

Det er viktig at vi kjem saman og utvekslar erfaringar, idear og tankar. Dei ”lette tiltaka” i trafikktryggleiksarbeidet er for lengst oppbrukte. Kvart einaste framsteg på området krev nytenking og kreativitet.  Vi må læra av kvarandre og arbeida i lag!

Sikringsutstyr er tema for årets landskonferanse. Det er eit viktig felt innan trafikktryggleik. Ulykkesanalysar viser at manglande bruk av personleg sikringsutstyr er ein sentral skadeforsterkande faktor. Det er difor viktig og rett å løfta fram trafikantane sitt ansvar for eigen tryggleik.

Vi som styresmakter må bidra med ei kraftig satsing på trafikktryggleik, men folk må bidra sjølve også – mellom anna ved å bruka bilbelte når vi er i bil og refleks når vi er ute og går.

Ulukkesutviklinga

Risikoen for å bli drepen eller hardt skadd i trafikken har minka dei siste tredve åra, samstundes som trafikken har auka mykje. I Noreg er talet på drepne i trafikken redusert med om lag 35 prosent i løpet av dei siste 20 åra. I same periode er trafikken auka med om lag 45 prosent. Det betyr at vi gjer mykje riktig!

Utviklinga frå 1970-talet fram til i dag tyder på at innsatsen i trafikktryggleiksarbeidet har kompensert for trafikkveksten og i tillegg gitt ein merkbar ulukkesreduksjon.

Nedgangen skuldast eit meir effektivt trafikktryggleiksarbeid på fleire område med betre vegar, sikrare køyretøy, meir effektive trafikanttiltak og betre behandling av skadar.

I OECD-samarbeidet ligg Noreg blant dei fremste når det gjeld færrast drepne per innbyggar.

Vi kan likevel ikkje lena oss tilbake. Eit kvart menneske er unikt og uerstatteleg og det er framleis altfor mange som blir drepne eller hardt skadde i trafikken. I tillegg til dei lidingar og påkjenningar dette medfører for dei involverte og pårørande, utgjer trafikkulukkene også eit alvorleg samfunnsproblem med store samfunnsøkonomiske kostnader.

Nullvisjonen

Vår visjon er null drepne eller hardt skadde i trafikken. Det er ei viktig rettesnor for regjeringa sitt arbeid med trafikktryggleik. Vi korkje kan eller vil akseptera at menneske vert drepne eller skadde i ulukker i trafikken.

Med nullvisjonen som utgangspunkt arbeider vi breitt og langsiktig – med fokus på trafikant, køyretøy og infrastruktur. Denne målretta og breie tilnærminga, at vi arbeider på alle tre frontane heile tida har vore ei medverkande årsak til at vi har fått til mykje her i Noreg dei siste tiåra. Og vi skal vidare.

Konkret etappemål for trafikktryggleik i NTP

Trafikktryggleik står sentralt i Nasjonal transportplan for perioden 2010-2019.

Vi har sett oss eit ambisiøst etappemål om å redusera talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken med minst ein tredel innan 2020. Dette etappemålet er eit viktig skritt på veg mot nullvisjonen. Det er eit ambisiøst mål som krev målretta innsats frå alle aktørane i trafikktryggleiksarbeidet.

For å nå målet er det lagt opp til ei offensiv satsing på målretta investeringstiltak og drift og vedlikehald som aukar trafikktryggleiken langs vegnettet. Vi vil blant anna prioritera tiltak retta mot møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med påkøyrsel av mjuke trafikantar.

I Nasjonal transportplan er det lagt vekt på å styrka tiltak overfor høgrisikogrupper som unge, eldre og ruspåverka førarar gjennom opplæring, informasjon og kontrollar.

Vi vil slå hardare ned på trafikkfarleg åtferd og vil særleg prioritera tiltak mot manglande bruk av bilbelte, høg fart og køyring i ruspåverka tilstand. Eg har ei målsetjing om krav til narkometer. Vi vil også utnytta  potensialet i ny teknologi endå betre.

Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg 2010-2013

I Nasjonal transportplan (NTP) 2010-2019 bad vi Statens Vegvesen om å revidera og følgja opp ”Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg”.  Tiltaksplanen som blei presentert førre veke syner kva tiltak som er planlagt i fireårsperioden 2010-2013 for å redusera talet på drepne og hardt skadde. Denne planen er eit viktig steg på vegen mot nullvisjonen og etappemålet i Nasjonal Transportplan.

Planen er utarbeida av ein arbeidsgruppe beståande av Statens vegvesen, politiet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet og Trygg Trafikk. Ekstra gledeleg er det å sjå at fylkeskommunane er trekt inn i arbeidet.

Fylkeskommunane har etter forvaltningsreforma fått ansvar for store delar av det tidlegare riksvegnettet, og har dermed blitt ein endå viktigare trafikktryggleiksaktør. Det er også fintat mange av interesseorganisasjonane har kome med innspel til tiltak dei vil gjennomføra.

Tiltaksplanen er ein unik samanstilling av over 150 konkrete tiltak som dei ulike aktørane vil gjennomføra dei neste fire åra. Planen har hovudvekt på dei nasjonale tiltaka som vert finansiert over statsbudsjettet, men inkluderer også fleire tiltak som skal gjennomførast av interesseorganisasjonane. Fylkeskommunane utgjer viktige aktørar innan arbeidet med trafikktryggleik, spesielt etter forvaltningsreforma, og vil i  større grad enn tidligare måtta bidra til at vi når dei nasjonale måla. I tiltaksplanen er difor også dei ambisjonane fylka har presentert i dei fylkesvise handlingsprogramma med.

Eg er svært nøgd med at alle dei sentrale aktørane i trafikktryggleiksarbeidet har gått saman om å laga ein forpliktande plan. Dette gjer at aktørane betre kan utfylla kvarandre og trekkja i same retning.

Det er ei styrke ved trafikktryggleiksarbeidet i Noreg at hovudaktørane samordnar innsatsen på denne måten. Ei slik samordning av er avgjerande for å nå dei høge ambisjonane i Nasjonal transportplan og sørgja for at færre vert råka av dei lidingar og påkjenningar ei trafikkulukke fører med deg. Det er difor særleg gledeleg at fylkeskommunane og interesseorganisasjonane i større grad enn tidligare er trekt inn i arbeidet med planen. De gjer ein stor innsats, og er heilt avgjerande for at vi skal lukkast!

Som eg sa i stad, ulykkesanalysar viser at manglande bruk av personleg sikringsutstyr ofte gjer resultatet langt verre når ulukka først er ute. Indikatormåla i tiltaksplanen omfattar difor også mål for bruk av bilbelte, refleks og sykkelhjelm og sikring av barn i bil.

Trafikktryggleiksarbeidet femnar vidt og det viser den store variasjonen i tiltak i tiltaksplanen med all tydelegheit. Her er store og små tiltak som alle har til felles at dei vil bidra til tryggare trafikk. Eitt enkelttiltak åleine kan ikkje løysa utfordringane vi står framfor.

Felles ansvar for trafikktryggleik og ulykkesreduksjon
Etappemålet i NTP er ambisiøst. Skal vi nå dette målet er vi heilt avhengige av at alle aktørar bidrar og arbeider langsiktig, systematisk og målretta.

Eg håpar denne konferansen kan inspirera til meir merksemd rundt temaet sikringsutstyr og vera ein inspirasjon i det vidare arbeidet dykkar!

Takk for meg, og lukke til – både med resten av konferansen og det viktige arbeidet de gjer, kvar på dykkar plass!