Historisk arkiv

Innlegg på Vegvesenets ferjekonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på ferjekonferanse i regi av Statens vegvesen, Oslo, 9. november 2010.

Kjære alle saman!

Ferjene er ein del av vegen, ferjene ER vegen!

Det veit de, og det veit eg, som tek Tau-ferja fleire gonger i veka – for å koma meg på arbeid, og for å koma meg heim att. Eg gjer det i lag med mange andre. Vi er så mange at vi til saman gjer Tau-sambandet til det største pendlarsambandet i landet.

Det er stort sett alltid er ei fin oppleving å ta ferje. Det er triveleg, ein treffer kjente, får kjøpt lokal mat, kan nyta utsikten. Ofte er det ein lokal skippar som fortel om kva ein passerer.

Lat meg understreka at de gjer ein viktig jobb for folk og næringsliv. Mange av dykk er likevel ”fendra” på eit kontor.

For oss reisande er andletet bak kaffi og avis-skranka, dei som står for billettsalet og stuinga på dekket, sjølve andletet som gir ferjeselskapet det omdømmet folk dømmer dykk på!

Ferjene er særs viktige for å binda landet og transportsystemet saman.

Ferjestatistikken viser at ferjene våre i 2009 – trass i alle ferjeavløysingsprosjekt – frakta fleire bilar enn nokon gong tidlegare. 20 millionar bilar, godtfolk!

I tillegg kjem 21 millionar ”lause” passasjerar. Det betyr at over 40 millionar tok ei ferje i fjor.

Ferjedrifta er også ei viktig distriktsnæring.

Ferjene er med på å oppfylla det eg ser som måla med transportsystemet vårt:

Det handlar om å redusera avstandsulempene for næringslivet.
Det handlar om å gjera kvardagen enklare for folk.
Det handlar om å gjera transporten tryggare, meir inkluderande og miljøvenleg

Sidan 2005 har regjeringa auka løyvingane til veg og jernbane med nærare 50 prosent.

I fjor la vi fram ein ambisiøs transportplan for perioden 2010-2019.
Det skal brukast 322 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra.
Det er 100 mrd meir enn førre plan. Mange nye prosjekt skal setjast i gang.

I ferjeomtalen i NTP skriv vi at ingen ferjesamband skal få lågare standard enn tidlegare. Tvert om legg vi opp til at både frekvens og opningstid kan aukast for dei fleste sambanda.

Vi har også definert standardkrav til frekvens, opningstid og servicenivå

Budsjett 2011
Satsinga på samferdsel kom godt fram i statsbudsjettet for 2011.

Forslaget for 2011 er på 29,4 milliardar kroner, ein vekst på 10,6 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2010.

Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det føreslått 446 millionar kroner – ein auke på 2,4 prosent frå 2010. Vi har lagt til grunn om lag same rutetilbod som i 2010.

Dessutan har vi gitt Statens vegvesen i oppdrag å lysa ut ein utviklingskontrakt.

Der vil transportselskap og verftsnæringa bli inviterte til å konkurrera om å levera den mest miljø- og energieffektive ferja på riksvegsambandet Lavik – Oppedal på E39 i Sogn og Fjordane.

Dette er med på å utvikla miljøvennleg teknologi og nå måla i klimapolitikken. I tillegg kan kontrakten ha betyding for verfts- og leverandørindustrien.  

Ny anbodsperiode for dette sambandet startar 1. januar 2015. Tida fram til då er naudsynt for å avklara og utvikla konsept, og for å ha tilstrekkeleg med byggjetid for eit eventuelt nytt fartøy.   

Farleg gods på ferjer
Ei aktuell sak som de sikkert kjenner til gjeld såkalla farleg gods på ferjer.

I sommar endra vi mellombels lova – for å sikra betre trafikkavvikling.

Endringa gjorde at ferjeførar i enkelttilfelle kan gjera unntak for køprinsippet for motorvogn med farleg gods.

Dette for å unngå ulemper for andre som skal med ferja.

Høyringsfirsten gjekk ut 30. september. Den viste svært ulike syn. I oktober hadde vi eit konstruktivt møte med næringslivet, reiarnæringa og Vegdirektoratet.

Der blei det konkludert med at VD skal kartleggja nærare kva strekningar, tidspunkt og dagar problemet er størst.

Direktoratet skal også laga skisse til praktisk handtering. Inntil vidare gjeld forskrifta som blei fastsett i sommar.

Hovudutfordringa er å gjera transporten mest mogleg føreseieleg for dei som fraktar farleg gods og er avhengige av ferjer. Fleire moglege løysingar kan vera aktuelle.

Forvaltningsreforma
Frå 1. januar i år har forvaltningsreforma endra eigarskapen til ferjene – 78 tidlegare riksvegferjesamband vart flytta over til fylkeskommunen. Berre 18 vart att hjå staten.

Føremålet med reforma er å leggja til rette for ei meir heilskapleg utvikling av transportsektoren – og på sikt eit betre vegnett.

Reforma gjer at staten kan fokusera på dei vegane – med tilhøyrande ferjesamband – som bind landet saman, medan fylkeskommunane får ansvar for det regionale vegenettet.

Overføringa har gitt fylkeskommunane betre moglegheit for å sjå ulike verkemiddel som vegnettet og kollektivtransportsystemet i samanheng.

Det har blitt lettare å gjera heilskaplege vurderingar.
Reforma har styrka det regionale nivået og flytta oppgåvene nærare folk.

Det betyr at fylkeskommunane no har fått ansvar for – og fridom til – å prioritera og vega ferjetilbodet opp mot andre oppgåver. Det blir ikkje stilt krav til korleis oppgåva skal løysast.

Dette er ein viktig del av det lokale sjølvstyret og av tankegangen bak forvaltningsreforma. Det betyr at vi som rikspolitikarar ikkje berre kan gripa inn om det er noko vi er usamde i.

Det er klart at dette kan skapa spenningar. Då er det viktig å ha tillit til at ein regionalt klarar å styra dette på ein god måte. Det har eg!

Konkurranseutsetjing av ferjesambanda
Dei siste åra har vi fått eit nytt kontraktregime.

Vi gjekk frå rammetilskot med direkte kjøp og over til internasjonal konkurranse om kjøp av ferjetenester. Litt sleivete sagt kan dette samanliknast med teigdeling i oppløysing.

Anbod/konkurranse er ei plikt etter EØS-regelverket

Samstundes er det framleis vi som politikarar – regionalt eller sentralt – som bestemmer og definerer tilbodet. Ved utlysing vert NTP-krava lagt til grunn.

Sjølv om det har skjedd ein eigarkonsentrasjon blant ferjereiarlaga i Noreg, er det enno  tilstrekkeleg mange uavhengige einingar til at ein får verksam konkurranse.

Det har vore viktig for regjeringa å ivareta omsynet til arbeidstakarane.

I fjor endra vi yrkestransportlova for å hindra at konkurranseutsetjing fører til sosial dumping.

No har tilsette same vern når bedrifter får tildelt kontrakt gjennom anbod som ved overdraging av verksemd.

Det er viktig å evaluera erfaringane med anbod  for å få eit best mogleg ferjetilbod for folk og næringsliv.

Konferansen her i dag er ein viktig møteplass for kjøparsida og leverandørsida – det er bra!

Eg skulle svært gjerne vore til stades her heile konferansen. Det tillet diverre ikkje kalenderen. Men eg har folk i salen som vil følgja med og rapportera til meg i etterkant.

Riktig god konferanse! Og takk for meg!