Historisk arkiv

Kjenner med priviligert som statsråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Haugesunds Avis, 18. august 2010

Kronikk av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert 18. august 2010 i Haugesunds Avis.

Eg deler med dette tre opplevingar frå denne sommaren med HA sine lesarar:

Den eine er frå eigen hage. Noko så nydeleg som å sitja fredeleg i nærleiken av dei tre frukttrea som enno har fått lov til å stå. Eg skal ikkje dra samanlikninga så langt, men å bera frukt høyrde vi om på søndagsskulen. Når eg lyttar til nyhetsmeldingane frå ferieparadiset mitt, hender det eg tenkjer at ikkje all frukt er like god frukt, heller ikkje alle politiske velmeinte utsegner like gode.

Eg sette meg som mål før sommaren å medverka til ei meir smidig ferieavvikling over Boknafjorden. Det kunne vi få til ved å endra forskrifta for frakt av farleg gods slik at nokre av bilane som krev ekstra tryggleik, og dermed færre bilar på ein gong over fjorden, fekk melding om å venta når trafikken var stor og utolmodet veksande på kaiane. Forslaget var ute på høyring og møtte  motførestellingar. Det medførte at eg må bruka meir tid på ei endeleg forskrift. Eg kunngjorde likevel at frå 30.juni kan kapteinen i einskildhøve gje melding om å venta når transporten er til hinder for annan trafikk. Radarparet Knut Arild Hareide,Krf, og Bård Hoksrud,Frp, var straks på banen. Lettvint, uansvarleg, eg hugsar ikkje alle uttrykka dei brukte om ministeren. Fjord 1 ønskte ikkje å nytta dette nye høvet for kapteinane sine. Det står att å sjå korleis vi kan få til ei betre ordning til hausten.

Den andre gjeld Preikestolen. Eg har opplevd ein eineståande søndag med lange rekkjer av folk med ulike aldrar, ulike språk, ulikt skotøy, men med eit felles mål: Preikestolen. Eit minne for livet, attlatne augo, strekk ut på Preikestolen. Det høyrdest ut som om alle verdas tungemål var representerte! Fornøgd, godlynt prating! Aldri i dette livet kjem eg til å oppleva noko som liknar meir på himmelen, tenkjer eg. Preikestolen er dessutan eit reisemål der truleg resten av Vestlandet kan nytta ringverknadene enda meir enn i dag.

Den tredje handlar om Gladmatfestivalen. Rogaland er Matfylket med stor M.
Gladmatfestivalen viser verkeleg kortreist mat! Kortreist mat, eigenproduksjon, er ein veg ut or fattigdom i mange utviklingsland. Kortreist mat er solidaritet me andre land og samstundes kvalitet her hos oss.  Matproduksjon og transport høyrer saman.

Kveita skal fersk på bordet i Stavanger, laksen fersk til butikk i Paris, kjøt, bær og frukt skal raskt fram. God logistikk er avgjerande viktig !
Utbetring av E 134 over Haukeli, opprusting av E 39 til Kristiansand og Oslo, samanhang mellom Sørlandsbanen og hamnene, det handlar om å få ulike produkt raskt og trygt fram! Når 10 trailarar i gjennomsnitt fer berre med fisk frå Hjelmeland kvar dag, blir mykje venting historie når Ryfast vert realisert.
Sambandet langs Vestlandet vert eit heilt anna med Rogfast!

Regjering har styrka høva til matproduksjon både frå jord og frå hav til bord. Vi har ein ambisiøs Nasjonal Transportplan som skal fylgjast opp veg for veg og bane for bane. Auka satsing på reiseliv forsterkar og synleggjer denne kombinasjonen!
Vi kan nytta det potensialet vi i dag har på det området enno meir! Når kulturlandskapet i ulike delar av fylket i dag har ein eigen heilt spesiell verdi for auga, er det eit resultat av eit landbruk og ein matkultur som har forvalta naturen og teke vare på landskapet ved nettopp ved å  nytta det!

Eg kjenner meg privilegert som statsråd i eit departement som steller med saker som gjeld folk sin kvardag. No er ferien på hell. August er månaden for finpuss av statsbudsjettet for 2011. Eg kjenner forventningane. Eg veit om behova. Og eg veit det er resultata, frukta, som tel!