Historisk arkiv

Miljøtrafikk skal belønnast!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg - Bergens Tidende 20. juli 2010

Innlegg i Bergens Tidende 20. juli 2010 av politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet Sigrid Brattabø Handegard (Sp).

Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk, og tildeling frå denne, har førd til debatt. Det er bra. Det gjev høve til orientering om ordninga og bakgrunn for tildeling.

Særleg Høgre går høgt på banen med billeg retorikk som ”Senterpartiet liker ikke Oslofolk”, ”Det viktigste for dagens regjering er altså ikke å lykkes med bedre kollektivtrafikk, det viktigste er å øke skatter” eller ”Køprising er usosialt”.

Slike tankar må ein til Høgre for å finne. Slike tankar ligg ikkje til grunn for verken Senterpartiet eller regjeringa sin politikk. Vårt enkle mål for belønningsordninga og årets tildeling: Mest mogeleg framkomme og miljø for pengane!

Dette er også i tråd med ”Klimaforliket”, som også Høgre er ein del av. Der står det å lesa: ”Partene er enige om at bevilgningen til belønningsordningen for kollektivtrafikken dobles i statsbudsjettet for 2009, forutsatt at det inngås bindende avtaler om lokale og regionale tiltak for redusert biltrafikk. Byområder som ønsker å utprøve veiprising, differensierte bompengesatser eller andre trafikkregulerende tiltak skal prioriteres.”

Dette følgjer Senterpartiet og regjeringa opp. I 2009 dobla me løyvinga. Prioritering betyr kort og godt at nokon må få mindre når andre får meir. Difor har Samferdselsdepartementet inngått 4- årige avtalar med tre byområde som ynskjer å prøva ut denne resepten. Difor inviterer me no mellom anna  Hordaland og Bergen til forhandling om 4-årig avtale, som kan bety betydeleg meir midlar. At Høgre no prøver å gje inntrykk av at dette er ordinære kollektivmidlar som vert reduserte, er direkte feil. Ordninga er ingen rett, men ein ”stimuleringspott”, som utvalde byområde kan søkje på, med den resepten som er foreskriven, blant anna  gjennom ”Klimaforliket”.

Det er og eit velkjend funn innan transportforsking at redusert bilbruk føreset restriksjonar på bruk av bil, kombinert med tilrettelegging av eit tenleg kollektivtilbod og gode tilhøve for syklistar og gåande. Evaluering av belønningsordninga, (Norconsult og Urbanett analyse, 2007) konkluderte også med at” pengene ville gitt langt større uttelling dersom de var blitt kombinert med en mer restriktiv personbilpolitikk.” Dette følgjer Senterpartiet og regjeringa no opp, kort og godt for å få mest mogeleg framkomme og miljø for pengane.

At årets tildeling, i tråd med vedteken politikk, der mellom anna . Bergen får mest av alle, 55 millionar kroner ekstra til kollektiv-, parkering- gange- og sykkeltiltak, fører til usaklege angrep frå Høgre, er berre å undrast over.

Dobbelt underleg vert det når rapporten om køprising i Bergensområdet (jan 2010), med utgangspunkt i belønningsordninga og klimaforliket, som det blå Bergen og fylket har bestilt konkluderer med: ”Hovedeffekten av køprising vil være bedre fremkommelighet i rushtiden. I tillegg gir en slik avgift positive miljøgevinster. Køprising vil være samfunnsøkonomisk lønnsomt”.

Påstanden til Høgre om usosial fordeling, og tidsklemma til barnefamiliar, gjev rapporten heller ikkje grunnlag for.

Om Høgre sin snuoperasjon skuldast omsorg for dei med lågast betalingsevne, eller eigne byrådsleiarar i Oslo og Bergen som går høgt ut mot restriktiv virkemiddelbruk, vil ikkje eg spekulera i. Senterpartiet og regjeringa si omsorg går først og fremst til dei som i vinter har fått lågare livskvalitet på grunn av dårleg luft, og alle dei som brukar unødig tid på veg til arbeid, barnehage eller for å levera varer. Difor inviterer Samferdselsdepartementet  Hordaland og Bergen til å inngå 4-årig avtale om belønningsmidlar.

Har Høgre mot til å følgje opp?