Historisk arkiv

Nasjonalt kompromiss

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

18. juni 2010, Dagbladet

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert i Dagbladet 18. juni 2010.

Dagbladet har eit godt poeng når dei på leiarplass torsdag skriv at datalagringsdirektivet ikkje er eit spørsmål om å vera for eller mot EU.
Forslaget om å laga eit eige norsk regelverk i staden for å innføra datalagringsdirektivet har heller ingenting med EU-motstand å gjera. Målet mitt er å unngå ein lov som så til dei grader utfordrar personvernet.

Eg har brukt mykje tid på datalagringsdirektivet, og blitt stadig meir skeptisk. Slik eg ser det, er det ikkje mogleg å ivareta personvernet godt nok innan rammene av direktivet. Direktivet legg opp til svært omfattande lagring av kvardagslege gjeremål. Det vil vera eit paradigmeskifte dersom vi går frå sletteplikt til å pålegga tilbydarar av ekomnett og tenester å lagra mengder av informasjon dei sjølve ikkje har bruk for. Det kan vi ikkje ta lett på.

Dagbladet tykkjer mitt alternative forslag smakar av EU-kamp. Eg vil heller snu på det. Til og med Høgre sin Jan Tore Sanner er samd i at direktivet er problematisk. Likevel vil han ikkje sjå på moglegheita for eit nasjonal regelverk. Han vil heller innføra direktivet. Eg kan ikkje skjøna anna enn at dette må skuldast ei ukritisk innstilling til alt som kjem frå EU.

Data som er framkomne ved bruk av elektronisk kommunikasjon kan vera viktig bevismateriale i ulike straffesaker. Eg er ikkje prinsipielt mot at politiet skal ha tilgang på slike data, det har dei hatt over lengre tid. Dagbladet skriv at dei ikkje har fått noko inntrykk av kva eit eventuelt norsk regelverk skal innebera. Eg har då heller ingen modell klar. Å utarbeida eit slikt regelverk er noko vi i så fall vil måtta bruka tid på.

Det er brei semje om at datalagringsdirektivet er særs problematisk personvernmessig. Då kjennest det rett å prøva ut eit kompromiss der ein sikrar personvernet samstundes som politiet ikkje mistar tilgangen til viktige data.