Historisk arkiv

NSBs miljøstipend til RaumaRock

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas tale ved utdeling av NSBs miljøstipend til RaumaRock, Oslo, 4. mai 2010.

Kjære alle saman!

RaumaRock: hjarteleg til lukke med miljøstipendet! Og gratulerer til NSB med eit godt val! RaumaRock har i alle år oppfordra band og publikum til ta toget, så dette er ei fortent tildeling.

Samferdsel og kultur er to ting eg har stor sans for. Lite gler meg meir enn når desse to blir kombinert på ein så strålande måte som RaumaRock og NSB her har fått til.

Raumarock har ikkje berre oppfordra festivalgjestene til å ta toget – dei har lagt alt til rette for det. Eg håpar mange andre kulturføretak, organisasjonar og bedrifter vil la seg inspirera!

Jernbanen har vore gjennom ein tøff vinter og vår. Trass problema er det veldig mykje som fungerer som det skal. Eg gler meg også over at vi no vil få på plass meir midlar til drift og vedlikehald av jernbanenettet, slik at passasjerane i framtida vil oppleva færre driftsproblem.

Positive markeringar som denne understrekar kor mange gode sider jernbanen har. Toget er eit viktig og godt alternativ til bilen og flyet. Eit godt og effektivt tog- og kollektivtilbod er naudsynt for å redusera køane og miljøproblema og gje folk rein luft og meir tid!
 
Å ta toget er ikkje berre miljøvenleg, det er også trygt og behageleg. Ein kan sova, lesa, høyra på musikk – eller rett og slett drøyma seg bort og la tankane fly medan toget susar av garde.

Eg ser elles at Raumarock er i vinden på fleire måtar for tida. De vart nylig vart kåra til årets konsertarrangør 2009. Gratulerer med det også! Det verkar som de får til mykje bra og lagar flotte rammer rundt musikkopplevingane.

Og når Bare Egil Band skal spela heile vegen frå Oslo S til Åndalsnes i august, er samansmelting av transport og kultur fullendt!

Å ta toget må vera ei perfekt opplading til ein rockefestival – også utan medbrakt band? For folkens –  er det ikkje slik at toget har sin eigen rytme og sin eigen musikk?

Diktaren Rolf Jacobsen budde nær jernbanelina. I diktet ”Jernbanelandet” skriv han om songen frå toga:

Jeg har sovet i et hus som lå like ved en vei
hvor de støvete hurtigtog jager forbi.
Jeg har lyttet til en sang som har dryppet i mitt sinn
en besettende, vill melodi.

 
Og med dei orda vil eg takka for meg, og ynskja Raumarock hjarteleg til lukke med avviklinga av årets festival!