Historisk arkiv

Opning av datalagringsdebatt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa - opning av datalagringsdebatt, 8. juni 2010.

Gode forsamling!

Velkomen til datalagringsdebatt! Det er flott å sjå at så mange har møtt opp og at folk syner slikt engasjement i denne saka. Eg er dessutan glad for at vi har fått på plass eit så sterkt panel. Deltakarane har vore sporty og stilt opp på kort varsel. Takk skal de ha!

Målet med denne debatten er å få belyst alle sider ved ei mogleg innføring av datalagringsdirektivet. Kva konsekvensar vil ei innføring få for den vanlege brukaren, ekom-sektoren, politiet og andre aktørar?

Å innføre datalagringsdirektivet eller ei er ei krevjande problemstilling.

Eg legg vekt på tydinga dette direktivet vil ha for oss som brukarar av elektronisk kommunikasjon. Det er problematisk at det i framtida vil kunne lagrast så mykje informasjon om oss som brukarar av telefon og Internett. Det er ikkje til å leggja skjul på at nettopp det har gjort meg svært skeptisk til direktivet.

Samstundes ser eg sjølvsagt politiet sitt behov for gode verkemiddel i kampen mot alvorleg kriminalitet.

Regjeringa står i denne debatten overfor fleire prinsipielle spørsmål, knytte til grunnleggande verdiar i samfunnet vårt. Kvar skal grensa gå for registrering av data om oss borgarar? Kan  slik lagring truga retten vår til fri kommunikasjon? Og kan lagring innebera brot på den Europeiske menneskerettskonvensjonen?

Samstundes må vi handtera svært konkrete spørsmål som til dømes kva som  eventuelt skal lagrast og kor lenge det skal lagrast.

Dette spriket mellom det overordna, prinsipielle på eine sida og det heilt konkrete på andre sida er med på å gjera dette spørsmålet svært komplekst.

Regjeringa har som kjent ikkje teke endeleg stilling til datalagringsdirektivet. Høyringsrunda har gitt oss gode og meiningsfylte innspel på alle nivå.

Vi går no gjennom alle høyringsfråsegnene og arbeider vidare med desse. Eg tek sikte på å leggja fram sak på eigna måte for Stortinget hausten 2010.

No ser eg fram til spennande debatt!

Takk for meg så langt – no gir eg ordet til Willy Jensen!

Sjå også Nett-TV med opptak frå debatten