Historisk arkiv

Opning av gangbruer på Furuset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas tale ved opning av gangbruer på Furuset, Oslo 4. mai 2010.


Stål eller sten. Der står de
brospennenes strenge buer
meislet inn i landskapet
som porter til fred.

Slik opnar Rolf Jakobsen diktet Broenes skjønnhet.

Kjære alle saman: gratulerer så mykje med dagen og med dei to vakre gangbruene som no er meisla inn i landskapen her i Groruddalen!

Eg gler meg i dag med alle dykk som no har fått ein enklare, betre og tryggare veg til og frå jobb, skule eller fritidsaktivitetar. Det fortener de!

Dette byggeprosjektet er eit ledd i det såkalle Groruddalssamarbeidet. Groruddalen har fleire store, langsgåande transportsystem. Både E6, Rv4, jernbanen og T-banen er gode og viktige transportårer – men dei kjennest som barrierar for mange av dei som bur her. Ikkje minst skapar E6 eit nokså ugjennomtrengeleg hinder.

Difor er det flott at vi no har fått desse bruene på plass! Takka vere Trygve Lies bru og Fjeldstadbrua blir det langt lettare å gå og sykla i Groruddalen og dei ulike delane av området heng betre saman.

Tidlegare i dag hadde eg gleda av å opna eg sykle til jobben-aksjonen. At folk tek beina eller sykkelen fatt i staden og set att bilen bidrar til å få ned både klimagassutsleppa, dei lokale utsleppa og støyproblema.

Dess fleire som syklar i staden for å ta bilen, dess mindre kø blir det – og det blir lettare å koma fram for dei som av ein eller annan grunn MÅ ta bilen nett den dagen.

Men aller viktigast: å gå eller sykla gjer oss friskare og sprekare! Ein halvtime fysisk aktivitet om dagen kan auka levealderen vår med opptil seks år!

Ein fjerdedel av oss har under to kilometer til jobben. Å sykla til eller gå til jobben er ein fin moglegheit til å få den naudsynte halvtimen med mosjon. Men då må det vera tilrettelagt og framkomeleg – slik det no er ferd med å bli her i Groruddalen!

Regjeringa vil satsa! Berre langs det statlege vegnettet skal det byggjast 500 km nye gang- og sykkelanlegg dei komande ti åra. Halvparten av desse skal koma i byar og tettstadar.

I tillegg må kommunane og fylka få på plass samanhengande hovudnett for sykkeltrafikken der dei har ansvaret. Gangbruer som desse vil vera viktige element.

Oslo kommune har her ein stor og viktig jobb, ikkje minst i Groruddalen. Dei nye bruene er eit viktig steg på vegen. Oslo kommune og alle andre involverte fortener honnør for vel utført arbeid!

Bruer, anten dei går over motorvegar eller vatn handlar om å binde saman og bryte barrierer.

Eg vil avslutta med dei to siste strofene i diktet til Rolf Jacobsen.

Regnbuen sier: Se på meg. Jeg er en bro.
Jeg er et tegn på himmelen. Bygg broer.
Bøy dere. Løft armene til en bue.
Bind sammen. Bryt lenker. Bygg.
Se stålsøyler og tårn mot skyene: En bro.
Hør vindfløyten mellom wirene: En bro.
To mennesker møtes. Ansiktene blusser. En bro.
Ord som blir sagt. Hengivelse, fred. En bro.

Igjen: gratulerer med dagen, og takk for meg!