Historisk arkiv

Opning av nye Nydalen, Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

11. januar 2010

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas tale ved opninga av nye Nydalen togstasjon, Oslo.

Gratulerer med dagen, alle saman!

I dag gler eg meg saman med dykk som ein månads tid no har kunna ta toget til og frå ein heilt ny og flott stasjon. Ein gamal og skakk treplattform er no erstatta med skikkeleg, trygg og moderne betongplattform med leskur, benkar og lys. Det fortener de! Og vonleg vil det få endå fleire til å ta toget her frå Nydalen.

Nydalen stasjon markerer to viktige nasjonale satsingar. Vi er på veg inn i ei ny tid for norsk jernbane. Og vi satsar på universell utforming!

Universell utforming betyr at transportsystemet vårt skal vera tilgjengeleg for alle. Folk skal ha moglegheit til å bevega seg enkelt, effektivt og trygt rundt i samfunnet – uansett føresetnader. Difor har regjeringa stilt krav til universell utforming i alle nye prosjekt og ved utbetring av eksisterande infrastruktur. Dette kjem alle til gode. Når vi fjernar hindringar for rullestolbrukarar får også folk med barnevogn, tung bagasje, gåstolar – og alle vi andre – eit meir tilgjengeleg transportsystem.

Nydalen stasjon ligg i eit område der det er heilt avgjerande å få fleire til å reisa kollektivt i staden for å ta bilen. Berre ved å ha eit godt og effektivt kollektivtilbod kan vi få bukt med køane, redusera miljøproblema og gje folk i Oslo og Akershus en betre kvardag, med rein luft og meir tid!

Nydalen stasjon er ei lita, men viktig brikke i dette arbeidet. Kvar veke er det no 2800 reisande frå denne stasjonen – det er ei dobling på få år. Med ny stasjon på plass, er eg sikker på at dette talet vil auka ytterlegare.

Oppgraderinga her i Nydalen er eit døme på det enorme fornyings- og vedlikehaldsarbeidet som no føregår på det norske jernbanenettet – ikkje minst her i Oslo-området. Målet er at vi snarast råd skal få bukt med dei avviksproblema mange togreisande har vore utsett for den siste tida. Problema kjem av at jernbanen har blitt vanskjøtta gjennom mange tiår. Difor tek det også tid å ordna opp i dei – men vi er på god veg! 

Eg er heilt sikker på at den store kollektivsatsinga i Oslo og Akershus med bygging av nye dobbeltspor på jernbana, T-baneringen i Oslo, utskifting av gamalt materiell, opprusting av stasjonar og busshaldeplassar og mange andre mindre tiltak vil gjera det mykje meir attraktivt å reise kollektivt i hovudstadsområdet. I framtida skal folk kunne stola på at toget går når det skal og kjem fram når det skal.

Til Jernbaneverket og alle som har deltatt i planlegginga og utbygginga av den nye stasjonen vil eg seia: Takk for god innsats og velgjort arbeid!

Diktaren Rolf Jacobsen budde nær ei jernbaneline. I diktet ”Jernbanelandet” skriv han:

Jeg har sovet i et hus som lå like ved en vei
hvor de støvete hurtigtog jager forbi.
Jeg har lyttet til en sang som har dryppet i mitt sinn
en besettende, vill melodi.

I dag feirar me ein stor dag for Nydalen stasjon og at ei ny brikke er på plass i arbeidet med å byggja Jernbanelandet på ny! Igjen:
til lukke med dagen, og takk for meg!