Historisk arkiv

Opning av Postens Austlandsterminal, Robsrud

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

29. januar 2010

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas tale ved opning av ny postterminal for Austlandet.

Gode herre Konge, kjære alle saman!
Gratulerer med dagen!

Eg er svært glad for å få vera med og feira Postens Østlandsterminal. Omlegging av terminalstrukturen i Noreg har pågått i vel fem år. Arbeidet er no fullført! Etableringa av denne terminalen vil bety eit løft for kvaliteten på postsendingane i heile landet.

Eg har som mål å gjera landet mindre, tryggare og meir miljøvenleg. Denne terminalen bidrar til det ved effektiv postproduksjon. Det er også imponerande at 60 prosent av energibehovet skal dekkast av fornybare kjelder. Slike monnar drar verkeleg!

Det er lenge sidan hendinga i Seljestadjuvet i 1903 der postføraren Gunnar Turtveit vart teken av snøras. Tre dagar hadde alle avskrive han. Då kom mannen gåande heim - han  hadde grave seg ut med posthornet sitt! I 2010 er mykje annleis, men også i dag er Posten særs viktig for landet vårt. Noreg er eit landstrakt land. Postgangen er med på å binda det saman. I Soria Moria II-erklæringa slår regjeringa fast at folk og næringsliv i heile landet framleis skal ha eit godt posttilbod, uansett kvar dei bur. Det betyr at folk skal møta postbodet  kvar dag også i framtida. Folk skal kjenna seg trygge på at posten kjem raskt og trygt fram. Portoen skal vera lik over heile landet. Posten skal framleis vera eigd av staten. Denne flotte terminalen er eit godt utgangspunkt for å møta framtidas utfordringar.

Østlandsterminalen er eit enormt bygg – med enorme oppgåver. Her vil det bli sortert omlag tre millionar brevsendingar per dag. Det utgjer om lag halvparten av den samla postmengda i landet per dag. Då den gamle terminalen på Brevsenteret i Oslo stod ferdig i 1975 var postmengda på ein million sendingar. Det har altså skjedd ei tredobling dei siste tretti åra.

Samstundes har det vore ein kraftig nedgang i talet på brevsendingar det siste tiåret. Utviklinga er krevjande. Effektivisering er naudsynt. Posten si leiing og alle tilsette viser stor vilje til å tilpassa seg både skiftande marknader og rivande teknologisk utvikling. Det er eg glad for! Samstundes veit eg at slike store omstillingar er krevjande for dei tilsette. Eg håpar og trur alle som skal arbeida her vil trivast i nye lokale!

Østlandsterminalen har blitt ein topp moderne, funksjonell og effektiv terminal. Dette er ein viktig dag for alle oss som er glade i Posten.

Eg vil avslutta med nokre ord frå Posthornet i 1887:  ”Orden er postvæsenets sjel, hurtighed dets maal!” Østlandsterminalen vil bidra til både orden og hurtigheit!

Hjarteleg til lukke med dagen og den nye terminalen!