Historisk arkiv

Opning av sykle til jobben-aksjonen 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas opningstale i høve sykle til jobben-aksjonen 2010, 4. mai 2010.

Salige er de syklende. I fullsommerfryd
svever de, nesten to meter over bakken
I dirrende solpletteringlende speil av hete
mens lyset dasker dem muntert over ansiktene
lattermilde i sykkelbjellenes løvrom

Slik startar Stein Mehren sitt dikt Å sykle. Og slik vil eg også starta i dag!
Det er ei glede å få æra av å opna årets Sykle til jobben-aksjon! I ein kvardag full av askeskyer, togkaos og andre problem er det kjekt å få skapa blest kring noko så positivt som sykling.

Å sykla til jobben er ein utmerka start på dagen. Ein får frisk luft og mosjon, vaknar skikkeleg og får tenkt gjennom dagen. Dessutan gir det godt samvit! At folk tek beina eller sykkelen fatt i staden for å bruka bil bidrar til å redusera både klimagassutslepp, lokale utslepp og støyproblem.

Dess fleire som syklar i staden for å ta bilen, dess mindre kø blir det. Dermed blir det også lettare å koma fram for dei som av ein eller annan grunn MÅ ta bilen.

Men nesten viktigast: sykling gjer folk friskare og sprekare! Medisinprofessor Peter F. Hjort sa det ei gong slik i eit intervju: "Tre ting er viktige for en god helse: Et morsomt arbeid, en snill kone og en god sykkel!"
Ein halvtime fysisk aktivitet om dagen kan forlenga levealderen vår med opptil seks år! Likevel viser det seg ofte å vera vanskeleg å få skvisa denne halvtimen. Nordmenn er blant dei minst aktive i Europa. Vi er flinke å trena, men får likevel minst fysisk aktivitet. Vi køyrer stort sett dit vi skal, sjølv om det berre er ein kilometer eller to.

Her må vi bli flinkare! Ein fjerdedel av oss har under to kilometer til jobben. Å sykla eller gå til jobben er ein fin moglegheit til å få den naudsynte halvtimen med mosjon.
Nordmenn syklar lite i samanlikning med andre europeiske land. 34% av københavnarane syklar til jobb medan berre 5% av Osloborgarane gjer det. Det skuldast ikkje berre at Danmark er flatt, men også ein imponerande innsats over tid. 

Regjeringa vil satsa! Vi vil dobla sykkeldelen frå 4 % til 8 % dei neste åra.  Berre langs det statlege vegnettet skal det byggjast 500 km nye gang- og sykkelanlegg dei komande ti åra. Halvparten av desse skal koma i byar og tettstadar.

I tillegg må kommunane og fylka få på plass samanhengjande hovudnett for sykkeltrafikken der dei har ansvaret. 50 byar og tettstader med over 5000 innbyggjarar skal byggja samanhengande sykkelvegnett.

Satsinga på sykkelbyar i Vestfold, Buskerud, Vest-Agder, Aust –Agder og Telemark har gitt gode resultat og denne ordninga vil difor bli viktig i det vidare arbeidet.

Ved tildelinga av midlar frå belønningsordninga legg vi stor vekt på kor villige byane er til å satsa skikkeleg på syklande og gåande. 

Også restriktiv parkeringspolitikk, redusert fart i bygatene og etablering av sykkelfelt framfor køyre- og parkeringsareal for bil er viktig.

Trygge gang- og sykkelvegar langs trafikkfarlege skulevegar er særleg viktig. 60% av ungane mellom 6 og 15 år syklar per i dag. Vi vil at det skal bli 80%.

Trafikktryggleik er viktig – også på to hjul! Gule vestar er lurt, og det er livsviktig å bruka hjelm. For nokre veker sidan fekk eg ein flott hjelm av Trygg trafikk som eg er mektig stolt av.

Eg vil avslutta med dei to siste strofene i Stein Mehrens sykkeldikt:

Salige er de syklende. I sjøer av duft
gjennom marker som svimer i kornsus og sol
I nedoverbakkenes frinav, med håret i vinden
Overalt, selv inne i skogen, hører de den store
sangflaten havet suse i løvtaket over dem
Salige er de som sykler. I blaff av lykke
forenes de med selve jordens dufter: Aften
Varm august. De sykler rett opp på himmelen
slenger syklene fra seg mellom stjernebildene
der de hjul mot hjul blir liggende og spinne

Ta sykkelen i bruk, og vis omsyn til kvarandre. Lukke til og takk for meg!