Opprusting av Meråkerbanen – regjeringa tar ansvar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 15.09.2010
Avisinnlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i Adresseavisen 15. september 2010.
Leiaren i Transport- og kommunikasjonskomiteen Knut Arild Hareide hevdar i Adresseavisen 9. september at det er ”en unnlatelsessynd at ikke Meråkerbanen er rustet opp”. Det høyrer med i biletet at Hareide sjølv var medlem av den regjeringa som hadde ansvaret for norsk jernbanepolitikk i fire år før den raud-grøne regjeringa overtok hausten 2005.
Hareide tar her vel hardt i. Han har i alle fall ikkje fått med seg kva som faktisk har skjedd på Meråkerbanen i dei siste åra og kva som er på ”arbeidsplanen” i tida framover. Eg gjer difor merksam på følgjande:
• I åra 2006-2007 vart det gjennomført arbeid med utbetring av Meråkerbanen, slik at grensa for tillaten aksellast kunne aukast frå 20,5 til 22,5 tonn. Som følgje av ekstraordinært vedlikehald av skinner og sviller vart det òg samtidig lagt til rette for auka fart på strekninga. Dette var viktige tiltak for å sikra framtida til banen.
• I dei komande åra skal det – i tillegg til vanleg vedlikehald – gjennomførast skinne- og svillebytte på delar av strekninga.
• Den svenske næringsministeren Åsa Torstensson og tidlegare samferdselsminister Liv Signe Navarsete ba i fjor Jernbaneverket og det svenske Baneverket om å sjå nærmare på kva for rolle Meråkerbanen og den svenske ”Mittbanan” kan spela i det nordiske transportsystemet. Utgreiinga vil vera ein del av grunnlaget for Nasjonal transportplan 2014-2023. Eg er svært opptatt av at vi, saman med lokale styresmakter og næringsliv på begge sider av grensa, skal få til ei framtidsretta utvikling for Meråkerbanen.
Jernbaneløftet til regjeringa omfattar også fleire andre tiltak i Trøndelag, mellom anna dette: I gjeldande Nasjonal transportplan er det sett av om lag ein milliard kroner for å redusera køyretida for tog mellom Trondheim og Steinkjer og auka kapasiteten på strekninga for både gods- og persontransport. Arbeidet med Gevingåsen jernbanetunnel er i rute, og tunnelen kan opnast for trafikk neste år.